Tempopodden

Tempopodden

By TempopoddenComedy
Download on the App Store

Tempopodden episodes

  • Australsk Måse Drept på Trampoline

    Tempopodden ynskjer denne veka å vise at dei tar rolla si som Firdapostens ungdomssatsing utad på alvor. Dagens visjon, er derfor å ta opp viktige delmål, verdier og strategier i henhold til det å verte vaksen. 


    I dagens episode, får ein mellom anna svar på kven som har forsøkt å vippe Kristian ned frå sin poetiske pidestal, kva Benjamin meistrer bedre enn dei fleste i hans alders/vekt-klasse, korleis ein skal håndtere presset frå samfunnet om å bli voksen, og kvifor Blackburn Rovers, i likhet med alle andre lag, har klubbemblemet sitt på hjørneflaggene sine.


    I tillegg til dette, får ein høyre om hektisk google-virksomhet før stemnemøte, mageplasket til Superligaen, langflatlegging, trekkspel, sladrebladet Firdaposten, og mykje meir!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    1 hr 1 min
  • Gjertsen og Hovland tar over for Eimhjellen

    Etter ei uke med lange netter og klissete tørkepapir, har Tempopodden endeleg kneppa på seg den metaforiske podcastsnekkerbuksa og er back on schedule. Til tross for at han ikkje er sportsleg kvalifisert, er det denne uka Arne Hjort Johansen som er invitert med inn blant eliten innen lokal nisjepodcasting. 


    I dagens episode, får ein mellom anna svar på korleis Arne er tenkt å blåse liv i Strandgata igjen, kva Facebook har gjort for å lure Kristian ut på glattisen, og kvifor Benjamin ikkje lengre kan gå rakrygga på jobb etter møte med ein overvektig mindreårig.


    I tillegg til dette, får ein høyre om den nyetablerte Superligaen, sjonglering, krystallsjuka, buksebæsjing som sjekketriks, Fenret-poesi og mykje meir!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    1 hr 4 min
  • Er du sud elled?
    TBA

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    54 min
  • Påskespesial feat. Nils og Ole-Kristian

    God påske! Ole-Kristian Berg Seljeseth har stått opp frå dei døde etter helgens altervin, og Nils Olav Opheim har tatt den lange pilefrimsferden frå Korona-metropolen Oslo, for å gjeste ukas episode av Tempopodden.


    I dagens episode, får ein mellom anna svar på kva fastestansen har gjort med rumpa til Ole-Kristian, korleis Kristian bruker sitt hellige legeme til å atter ein gang sosialt krossfeste seg, kvifor det skjærte seg med fotballkarriera til Nils Olav, og kven som var Benjamin sine trufaste disiplar under den tøffe oppveksten i Bangladesh.


    I tillegg til dette, får ein høyre at Kim Solheim må stå til offer for styret i Florø Fotball sine synder, siste nytt om Tempos Judas, god gamaldags katolsk praksis for å disiplinere bråkjekke unggutar på Spenst, og anledning til å lide seg gjennom ein lang duell mellom ein overraskande geografikyndig treeining.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    58 min
  • Måsen observert i Bangladesh med Linn-Karine og Bjarte

    HIV og hoi! Flaggskipet har reist full mast, og setter ukritisk kurs mot eksotiske strøk. Med seg om bord, har dei fått selskap av den jeans-kledde matrosen, Arne Hjort Johansen, i håp om å styre unna havfrue-hallusinerte sjøkuer og andre sosialt sjølvmordframkallande røvarhistorier på sin fordrukne jomfruferd mot eit sagnomsust gull-jubileum.


    I dagens episode, får ein mellom anna svar på kva utfordringar ein møter som kommentor for kampane til ein smeltedigel av ein fotballklubb, kvifor det er viktig å annonsere sin eigen bursdag, kor vidt ein bør sette folk som driver med smittevern-sloms i gapestokk, kven som kan navnet på flest kjente kvinnelege fotballspelera, og kvifor det var Beatles-tilstanda på samfunnshuset "back in the days".


    I tillegg til dette, får ein høyre kva som er grunnen til at Kristian ikkje har slått til på tilbudet om blind date, kvifor Benjamin si bursdagshelsing ikkje slapp gjennom sensuren til Firdaposten, og kva som er Arne sitt grep for å unngå gnisselår opp Brandsøyåsen.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    59 min
  • Fekk 49 pantemaskiner etter nær døden opplevelse

    På dagen 40 år etter utgjevinga av Astrid Lindgrens siste mesterverk, er Firdapostens svar på Skalle-Per (Arne Hjorth Johansen) og Ronja Røverdatter (Elise Angermo Fossland) invitert med for å ta spranget inn i 40-episoderskrisa ilag med Tempopodden.


    I dagens episode, får ein mellom svar på korleis det gjekk når Benjamin kanaliserte sin indre Mike Dean som linjedommer, kven som ringer inn for å ta eit oppgjør med Kristian, kor vidt Elise foretrekker langhåra, kortklipt eller glattbarbert, og kvifor Arne er så hardhuda nedentil,


    I tillegg til dette, får ein høyre om nær døden-opplevingar, pante-frustrasjon, forventningar til spelera basert på etternavn, kultur-tilboda i Florø, og mykje meir!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    1 hr 1 min
  • Spesialepisode feat. Kristian Bøyum Ulvund

    Bakrusen etter bursdagsfeiringa har lagt seg, og dei første aldersteikna er begynt å melde seg. I den anledning er FK Tempos eigen lege, Kristian Bøyum Ulvund, invitert på besøk, i håp om at han skal gi tommel opp for at Tempopodden framleis er like virile og skarpladde som i fjoråret.


    I dagens episode, får ein mellom høyre på kva som fekk ein vestlending til å holde med LSK, korleis ein slipper unna førstegongstenesta, kven som har fått varige mén av å sjå eldre menn i holete nylon-shorts, og kvifor romkameraten til Ola By Rise vart vraka frå landslaget.


    I tillegg til dette, børster Kristian støv av diktblokka, Benjamin reflektera rundt eiga vekt, og Kikki blir konfrontert med gufs frå fortida.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    58 min
  • 1 år og 2 uker med Tempopodden

    Tempopodden feirer vel overstått eittårsdag, og dette må sjølvsagt markerast i storslått stil. Festansvarleg i FK Tempo, Ole-Kristian Berg Seljeseth, har tjuvstarta feiringa, men trossar både tømmermenn og nervar for å være gjest i studio. Som om ikkje det er nok, er den stortingsaktuelle Tempo-entusiasten Erlend Bøe med på link ifrå Tromsø, for å ta del i den grandiose, men dòg Korona-vennlege, åremålsdagen.


    I dagens episode, får ein mellom anna høyre kvifor Eikefjord IL har vert i kontakt med Benjamin, kven Ole lanserer som ny trenar for FK Tempo, korleis Kristian ville klart seg i den norske versjonen av Gärdsgårdsserien, kva som er bakgrunnen for Buamannen sitt fråvær dei siste ukene, og kor mange tilhørigheter som befinner seg i Erlend Bøe sitt genbasseng.


    I tillegg til dette, får ein svar på korleis Ole, Kristian og Benjamin ville håndtert eit ublidt møte med velutstyrte menn i ei mørk bakgate.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    1 hr
  • Spesialepisode feat. Torbjørn Løkkebø

    Ikkje nok med at den blågrøne regjeringa nektar FK Tempo å trene, no har også den svart-oransje verkebyllen frå nabobygda stukket av med trenaren. Som eit siste hurra, gjestar Torbjørn Løkkebø Tempopodden for å mimre tilbake til tida som trenar i klubben. 


    I dagens episode, får ein mellom anna svar på korleis det er å være trenar for FK Tempo, kven som er den raskaste på laget, kva som var bakgrunnen for kontroversane på forrige årsfest, og kvifor klubben ser til Dubai i jakta på ny trener. 


    I tillegg til dette, får ein høyre korleis Terje Rognsø gjekk fram for å knekke ein vaklevoren Kristian på venstrebacken, kva som har framprovosert "Røde Eggen" hos Benjamin denne uka, og kvifor Torbjørn er bannlyst frå eit solstudio i Nord-Norge.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    1 hr
  • Ødegaard fekk rier etter møte med hane

    Like sikkert som at pissregnet omsider melder sin ankomst for å vaske vekk vestlandsvinteren, er Tempopodden også denne uka tilbake med ein ny episode. I ei uke som flesteparten går i møte med tømte tårekanaler eller botnskrapa rognpose, er Elise Angermo Fossland tilbake som gjest, for å bidra med å tilføre ein dråpe underholdning til dehydrerte sjeler i ein knusktørr kvardag.


    I dagens episode, får ein mellom anna svar på kvifor nordlendinga føla seg utsatt for språkimperialisme frå resten av landet, kven som har skylda for at VAR ikkje fungerer i Premier League, kva som er forventa adferd når ein passera ein bekjent på gata, og kor Tempopodden plasser seg på lista over norges største fotballpodcaster.


    I tillegg til dette, får ein høyre om kvifor Kristian har gitt opp kampen mot hanen i Havreneset, kva som skjedde når Benjamin fekk "driteriet" på joggetur, og kven Elise holder ansvarleg for mobbe-boomen blant ungdommen.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    57 min

About Tempopodden

From the publisher's feed

Bruker fotballklubben Tempo som alibi for å produsere underholdning på lavt nivå. Handler om breddefotball sekundært, og innhold for voksne barn primært. Lages i samarbeid med Firdaposten.

More shows like Tempopodden

Misjonen med Antonsen og Golden by P4-gruppen

Misjonen med Antonsen og Golden

87 Listeners