
Sign up to save your podcasts
Or


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Dagens gjest: Arne Hjorth Johansen
I dagens episode, får ein svar på kva elektronisk nyvinning Benjamin kvir seg på å skreve over, korleis Arne markedsførte seg på kjøttmarkedet i ungdomsåra, og kvifor Kristian har fått fornya håp i kampen mot hårfestet.
I tillegg til dette, får ein høyre meir om første møte med fotballtrening etter 15 måneders avbrekk , EM, improvisasjonsteater, telefonsamtaler med kritiske lyttera, og mykje meir!
Takk til alle våre fans, fiender og venner! Ha ein riktig god sommer :)
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Dagens gjest: Elise Angermo Fossland
I dagens episode, får ein svar på korleis det gjekk når Benjamin fekk eit illebefinnande, kva som er Kristian sitt største dilemma hos frisøren, og kven Elise meina bør droppe trusa.
I tillegg til dette, får ein høyre om då Florø nesten sto i brann, EM, vlogging, kongefamilien, hårfarging, og mykje meir!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Sommeren er ikkje berre høgsesong for tyske bubilturista, skogbrann og neandertalere i singlet, men også for kreativt forfall, prematur feriemodus og mental skrivesperre. Sommervikar Arne Hjorth Johansen vert derfor, i likhet med forrige uke, og badedrakta du aldri klarte å slanke deg inn i, tatt i bruk for å presse sammen ei usammenhengende farse til eit sluttprodukt tiltalande nok til å manipulere fram allmenn aksept.
I dagens episode, får ein svar på kvifor Kristian tar avstand frå Firdapostens artikkel om Tempopodden, korleis den kinesiske skjerfmafiaen har klart å irritere på seg Benjamin, og kva nettsider Arne besøker for å få inspirasjon til sommerens agurknyheter.
I tillegg til dette, får ein høyre om ein veldreid pensjonert fotballtrener, erfaringer med kjøp og salg i Florø, rettigheter for fullvaksinerte, spionasje, og kanskje Tempopoddens dårligste parodi sålangt.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Tempopodden har bikka 50. Den verste midtlivskrisa er over, og det er på tide å omfavne alderdommens frukter med åpne armer. Omgangskretsen med unge framadstormande gjester er derfor bytta ut med ein jevnaldrende sur gubbe, når Arne Hjorth Johansen tar med seg det han har igjen av hår, tålmodighet og livsgnist i studio.
I dagens episode, får ein mellom svar på kven som har sklidd inn i Benjamin sin DM, kor godt Arne behersker sognedialekt, og kvifor Kristian nok ein gang må trekke lodd i livets lotteri.
I tillegg til dette, får ein høyre meir om kviletid, hårfeste, straffekonkurranse, ungdomsfrieri og robotrevolusjon.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Tempopodden feirer 50 episoders-jubileum, og kva passer vel då bedre enn å invitere den mest trufaste lyttaren som gjest i studio. Vegard Rundereim har tatt turen frå dei bløde konsonanders heimland, for å fullføre hat-tricket av gjester med sjenert hårvekst, samt å mimre tilbake til både hårreisande og krampetrekkande anekdoter frå livet på palmekysten.
I dagens episode, får ein mellom svar på korleis Vegard gjekk fram for å få kapteinsbindet i Tempo, kva Benjamin definerer som naturens eige dopapir, og kven i det lokale nyheitsbiletet Kristian denne gangen må legge seg langflat for å ha mobba på vidaregåande.
I tillegg til dette, får ein høyre om dresskledd utendørsdriting, offentleg onanering, eit kroppsvæskefylt jacuzzi-nach som endte med sambuarskap, bakkeløping i overstadig berusa tilstand, og ufatteleg mykje meir!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Det er dagen etter dagen, og den moralske vinneren av kulturprisen i Kinn kommune holder det framleis gåande i uforetrødent krabbegir. Sjølv om gjesten for anledninga, Marius Horgen Reksten, har lagt både hetta og fotballskoene på hylla, mangler det ikkje på heseblesande samtaleemner, i ein episode som vart i overkant sterk lut for Tempopoddens 4H-utplasserte sensursjef.
I dagens episode, får ein mellom anna svar på kva som var bakgrunnen for dei sagnomsuste slagene på Kysten, kvifor ein aldri må selge skinnet før bjørnen er skutt, kven som kan mest om tradisjonsrike banneord i den sunnfjordske daglegtalen, og korleis det ser ut der sola aldri skinner.
I tillegg til dette, får ein høyre kvifor Kristian (mest sannsynleg/forhåpentlegvis) har den dårligst registrerte tida på 60-meteren gjennom alle tider, kven som fekk Benjamin til å springe så fort på sydenferie at sokkane i sandalane nesten tok fyr, og korleis Marius, gjennom framprovoserig av gnisselår og verkande setemuskulatur, klarte å spinne seg inn i modne kvinners pulserande drømmeverden.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Tempopodden heiser flagget på halv stang, og mimrer tilbake til den vonde tida som unge aspiranter i frontlinja for ungdomsskulens brutale kverdag. Dagens gjest, Arne Hjort Johansen, kjem i likhet med puberteten, dòg til forskjell frå den gjennomsnittlege juvenile ejakulasjonsavgangen, seinare enn forventa, men både etterlengta, svett og heseblesande.
I dagens episode, får ein mellom anna svar på kvifor Kristian har vert hos legevakta, kven som hadde bedre rumpe enn Benjamin på ungdomsskulen, og kva som fekk Arne til å bukke under for presset i helga.
I tillegg til dette, får ein høyre meir om talefeil, smuging, oransjeruss, boomers på sosiale medier, kroppspress, bomull i brysthaldaren, rampestrekar, og mykje meir!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Sommeren byrjar så smått å nærme seg, og Tempopodden smir på vidare mens jernet framleis er like lunkent som vårværet på palmekysten. Med seg som gjest, har dei denne gangen klart å booke ein våryr Hjorth, midt i verste høgsesong for plommeslang og bukkesprang.
I dagens episode, får ein mellom anna svar på kven som har påkalla skjelettene i skapet til Kristian, korleis Arne Hjorth Johannessen har klart å ta høgare utdanning med livets harde skule som bakgrunn, og kvifor Benjamin har måtte forkaste den forrykande appellen sin til Forliksrådet.
I tillegg til dette, får ein høyre Kristian ta florøfolket med på ein kulturell dannelsesreise, Arne sin investering som skal få han fremst i køa blant dei skuelystne, samt at Benjamin tar eit oppgjer med Storevatnet barnehages krysning mellom Dudley Dursley og Harry Potter.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
From the publisher's feed

87 Listeners