
Sign up to save your podcasts
Or


I del 2 av Odde Roth-sagaen, får vi servert ei vaskeekte hit-parade av samtaleemner:
Trivia om mannen over Trym på totempælen, som mellom anna var i søkelyset til Drillo, og vann gullmerket i FK Tempo, Trym sin shortsfetisj, rivaleriet mellom Benchwarmes og Florøbrølet, i tillegg til ei fotballfagleg vurdering av Benjamin og den sagnomsuste klareringa mot Vålerenga på Norway Cup. Sist, men ikkje minst, spørsmålet som vil være på alles lepper etter første gjennomhøyring: kven er Michael Pondi?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Kjært barn har mange navn, men gjesten i sommerens første, og potensielt siste bonusepisode, er kanskje aller mest kjent som "The Marionette Master" i FK Tempo.
Odde Roth-sagaen, følger Aristoteles kjente treaktsstruktur, og vil bli gitt ut som ein triologi iløpet av sommaren.
I første akt, får vi mellom anna høyre korleis Trym trakk i trådane (til Børge) for å bygge laget rundt seg sjølv, om då han ga seg på bunn som alpinist, og på topp som friidrettsutøvar, før han i purung alder fekk sin debut for Florø sitt a-lag.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
I siste episode før sommerferien, er det dags for Tempopoddens svar på Impossible games, når guttane skal konkurrere mot kverandre på 400 meter. Klarer Benjamin å kuppe krinsrekorden framfor nasa på Øyvind Strømmen Kjerpeset, og klarer Kristian å fullføre distansen uten å havne i respirator?
Terminlista for 6. divisjon er komt ut, og må sjølvsagt vurderast av Sunnfjords mest kyndige fagmenn. I mangel på andre ting å snakke om, blir det også ein forsmak på sommerens store dille i Kinn kommune; #folkepodden. Her blir det blant anna snakka om vindmøllene på Gulesletten, ein straffedømd fotballtrenar og den kontroversielle storhallen.
I tillegg til dette, blir det ein evaluering av Tempopoddens reise sålangt, ferden vidare, branding og potensiell merchandise!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Gjesten i dagens episode, har kanskje den mest imponerande CV'n sålangt i Tempopoddens stolte historie. Forutan å være dagleg leiar i eit av dei største konserna i Steinhovden, og innehavar av Sunnfjords mest velstelte laks, har han fleire år på nakken som både YouTuber, Podcaster og fotballspelar. Han trenger ingen vidare introduksjon, vi snakkar sjølvsagt om Erlend Vassbotten.
Med ein Eikefjordspelar i studio, blir det sjølvsagt snakk om rivalisering og lobbyverksemd, men også om potensiell forbrødring mellom Sunnfjords to flaggskip i 6.divisjon. Tempopodden tar også sin første tur utforbi fylket, når Erlend deler historier frå tida som utanbysproff og SoMe-ansvarleg i Bergensklubben Tornado Måløy.
I tillegg til dette, får vi endeleg svar på kven som er Tempopoddens raskaste på 60 meter, kven i gjengen som er skap-krokling, kven som har fått mest hits/hets på YouTube, kva som blei sagt når Tempopodden vart tema på spelarmøte i Eikefjorden, og mykje meir!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Tempopodden fortset sin Florø-turné, og har denne gangen lagt anker i vakre Vågastubben. På altanen til tiårets keeper i FK Tempo, er nysigneringa Simen Reksten Solheim på besøk, for å preike om laust og fast i kveldssola.
I dagens episode får lyttarane eit eksklusivt innblikk i Florø Fotballs «last dance» i OBOS, erfaringar frå byens mest tradisjonsrike fotballturneringar, historia om då Simen pensjonerte Eirik Bakke, og mykje meir!
I tillegg får ein svar på dei etterlengta spørsmåla: Kven selde sjela si for ein glass-Cola? Kva skjedde eigentleg når Ole rauk korsbandet? Og kven var denne urmannen som blotta seg til Keltisk musikk i Fagerdalen?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
I dagens episode, har Kristian sett seg lei av rolla som podcastens nikkedukke, og tar bladet frå munnen for å dele ut noken pisselunkne kraftsalver.
Benjamin kjem med siste nytt om passion-prosjektet han har omtalt som sitt fjerde barn (les: ballbinge i Breivika), og like sikkert som at julafta kjem kvert år, blir det også oppklaringar av faktafeil frå forrige episode.
Jakta på kven som har gjort seg fortent til ein plass i midtbanefiraren på tiårets lag, blir grundig gått etter i sømmane, så om du er ein av dei som synes at både oppvask for hånd, gjennomgang av skattemelding og tørrprat med svigers framstår som meir fristande enn å høyre ein nøye gjennomgang av 34 heilt OK fotballspelera, er nok ikkje dette episoden for deg. Vi kan dòg freiste med at det sniker seg inn både gode historier og juicy gossip iløpet av evalueringsprosessen. Veit du til dømes kven av kandidatane Kristian angjeveleg har prøvd seg på søstera til, eller kven av dei som har sletta Benjamin som venn på Facebook? Svaret får du her!
Avslutningsvis vart det akkurat tid til nokre kritiske ord om Florø fotball, før krampetrekkinga meldte seg i både sete- og snakkemuskulaturen
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Etter ei dramatisk uke med interne intriger og høglytt kjekling (over internett), er det blitt røyka fredsipe og harmonien har returnert til Tempopodden.
Tiårets lag velger seg ikkje sjølv, og denne gangen er det forsvarsfiraren som står for tur. Er du over gjennomsnittleg interessert i å høyre oppramsing av navn, er dette episoden for deg! Den prominente lista over aktuelle kandidater, inneholder mellom anna kongen av Sjøboden, Bulmer-poeten, Dingsen og Sigøynerkongen.
I tillegg til dette, blir det sendt eit par stikk i retning Florø fotball sine siste krumspring på sosiale medier den siste tida, tilbakemeldinger på innsatsen til forrige ukes gjester og Benjamin tar seg ein tur opp på såpeboksen for å dele ut ris i "Korona vs fotball" -debatten.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
The dead speak! Tempopodden er stått opp frå dei døde, dryge to veker etter Jesus. Back to basic: to mann i studio, berre ein omgang, og nesten nede i haldbar lengde.
I denne episoden, kickstartast jakta på tiårets lag i FK Tempo, og keeperplassen skal først i elden. Det blir gjennomgang av alle som har teke på seg seg ut på den utakksame oppgåva med å stå bak eit vaklevore sjettedivisjonslag dei siste ti åra, med betraktningar, vurderingar, og tilhøyrande anekdotar.
I tillegg til dette, blir det current news frå Breivika, ein sensurert telefonsamtale, og gjestevisitt frå to av det norske landslagets mest meritterte menn.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Andre omgang av Tempopdden si omfangsrike påskespesial.
Etter to uker i karantene, er Tempopodden endeleg tilbake med gjester i ein heidundrandes påskespesial.
Ingen ringare enn Bjarte Nesheim og Børge Nordal, frå den ærverdige Tempomafiaen, satte sine bein i det nykomponerte studioet, tilrettelagt for sosial distansering og voksenbruskonsumering.
I anledning at Crème de la crème er på besøk, tar dei denne gangen for seg Bjarte sin tidlegare klubb, Anga FK. Det blir forteljinga om tidenes assist på Eikefjord stadion, utdeling av albuer, forbrødring og mimring om tidlegare legender i Førde sitt svar på FK Tempo.
Utover dette, blir det historier om drapsforsøk på årsfest, spelera som forlata bana i protest, skodespelarprestasjona på Bollywood-nivå, livet som trenar i 6. divisjon, og mykje meir.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
Nytt utstyr, bedre lyd og ingen gjester. Dagens utgåve av Tempopodden er tilbake til ei meir edruelig lengde, men inneholder fortsatt like mykje pisspreik.
I denne episoden er Kristian og Benjamin meir dagsaktuelle enn noken gang, og levera "hot takes" på dei mest brennheite artiklane til Firdaposten. Øverst på dessertmenyen over divisjonskollegaer, står det denne gang "Askvoll/Holmedal". Som med alle andre lag, har Benjamin såklart ein nemesis.
Det blir også servert historier om eit nesten-havari på veg til bortekamp, og kampen som fekk ein Tempo-trenar til å ta sin hatt å gå.
Utover dette, blir det ein gjestevisitt frå Tore André Flo, mimring frå Benjamin sin fortid som frontmann i diverse Power Ballad-bands, langflatlegging, overgangsrykter, og såklart litt obligatorisk plapring om Florø Fotball.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
From the publisher's feed

87 Listeners