Litteraturhuset i Trondheim

Vinnaren av NTNUs litteraturpris 2025: Marte Huke for “Los”


Listen Later

Los er ei samling som spenner vidt. Her finn vi dikt om å lese ein roman i ei hengekøye om sommaren, om utsikta frå vindauget og korleis orda forvandlar ho, om hav og landskap, om Ukraina og korona, om Harald Sæverud, Inger Christensen og Henry Darger. Alle dikta er samstundes prega av ei grunnleggjande openheit – noko som heile tida spør kva blikk vi møter verda med, og kva som krevst for å ta ho inn. Dikta tek lesaren i handa, som ein fylgjesvein, og resultatet er ei oppsiktsvekkjande varm og perspektivrik bok, skrive med stor autoritet og overskot.


Fem sterke kandidatar, som alle løftar fram nære tema, stod på kortlista til årets litteraturpris ved NTNU. No er det offentleggjort at Marte Huke er vinnaren av den gjeve prisen. Dei andre nominerte var Ingrid Storholmen, Fredrik Stellander Larsen, Marte Mittet og Kjersti Synneva Moen.

Terje Lohndal, dekan ved Det humanistiske fakultetet, deler ut prisen på Litteraturhuset i Trondheim 5. november.. Etter tildelinga blir det samtale mellom prisvinnaren Marte Huke og jurymedlem Nora Berg Markussen.


Om prisen

NTNU deler årleg ut ein litteraturpris for å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. NTNUs litteraturpris på kr 20 000 går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønn- og faglitteratur. I 2025 er det skjønnlitteratur som står for tur.

Sjå oversikt over tidlegare vinnare her: https://www.ntnu.no/kultursamarbeid


Årets jury

Juryen for NTNUs litteraturpris 2025 er: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Siri Aurland Bredesen, avdelingsleiar hos Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Nora Berg Markussen, phd-stipendiat ved NTNU, Marthe Vendela Kant, programkoordinator, Litteraturhuset i Trondheim og Aja Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Litteraturhuset i TrondheimBy Litteraturhuset i Trondheim


More shows like Litteraturhuset i Trondheim

View all
Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

21 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Rekommandert by HENRI & Acast

Rekommandert

14 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

94 Listeners

198 Land med Einar Tørnquist by PLAN-B & Acast

198 Land med Einar Tørnquist

20 Listeners

Wolfgang Wee Uncut by Wolfgang Wee

Wolfgang Wee Uncut

52 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

28 Listeners

Historier Som Endret Verden by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Verden

9 Listeners

Leger om livet by Lege Annette Dragland & Acast

Leger om livet

48 Listeners

Den politiske situasjonen by Dagens Næringsliv & Acast

Den politiske situasjonen

11 Listeners

Historier Som Endret Norge by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Norge

8 Listeners

Trygdekontoret by NRK

Trygdekontoret

2 Listeners

Det Store Bildet by Brandpeople og Bauer Media

Det Store Bildet

10 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

11 Listeners

Dannet uten piano by Nadina Bouhlou, Helena Brodtkorb & Acast

Dannet uten piano

7 Listeners