** Leila Bayat er tilbake i Noreg etter at ho skal ha blitt utsett for 80 piskeslag i Iran. Ein straff ho fekk for å ha drukket alkohol.
- Det er ulovleg å drikke i Iran, seier Frp, som meiner vi ikkje kan gi opphald til alle iranere som har lyst til å ta seg ei flaske vin.
** - Forholdet mellom Catalonia og Spania er som eit ekteskap der ingenting fungerer, meiner spanjol, som ser skilsmisse som einaste løysinga. - Nei, vi må prate saman, svarer ein annan spanjol. Møtes til debatt i Ukeslutt.
** «Blodig ulekker og pinlig ujevn blanding av thriller og grøsser" skriv Adresseavisen om Snømannen.
IKKJE einig, svarte ein av dei FÅ positive anmeldarane " filmen har akkurat passelig med blod, gørr og intelligens",
- Men kven skal kino-publikum tru på?
Velkommen til Ukeslutt her i NRK P1 og P2. Eg heiter Sara Victoria Rygg og i denne sendinga skal vi også prate om utrykket løpe som ei jente. Kva betyr det eigentleg, springer gutter og jenter ulikt, og er det greit å bruke? Hør episoden i appen NRK Radio