Gjengevoll Pludrecast

Gjengevoll Pludrecast

Download on the App Store

Gjengevoll Pludrecast episodes

  • 120: Lamming og spanande nyhende

    Vi har ein fjos full av høggravide søyer! I denne episoda fortel vi om korleis påska vår har vore, og koreis lamminga har gått så langt. Dei fleste lamma gjenstår, og dagane og nettene våre går no med til jamnlege turer til fjosen.

    Vi deler og nokre spanande nyhende: Vi skal ha vårt aller fyrste kurs på garden! Himmelfartshelga, 18.-20. (eller 21.,) køyrer vi vår fyrste pilot-runde med vårt heilt nye inkubator-kurs for mangesyslarar. Dette vert eit dybdekurs der vi jobbar med deg som har ein draum om livet på landet og ønsker å få støtte, råd og konkrete verktøy for å ta dine fyrste steg i retning av draumen, i lag med andre i same situasjon.

    Hald av datoane, meir info og opning for påmelding kjem snart :)

    Mari har også lansert sin nye nettside, organisasjonshjelp.no! Viss du treng hjelp til kursing, møteleiing, tekst- og innhaldsproduksjon, strategiprosessar, synlegheit eller anna, ta ein kikk og ta kontakt.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    40 min
  • 119: Påskestemning

    Endeleg er vi tilbake etter to veker med influensa på begge to. Og denne episoda er også årets fyrste ute-episode (tatt opp på verandaen)! Det betyr at våren er her for alvor.

    Vi nyter påskesola, sår masse frø og ventar på at lamminga skal byrja.

    Sidan sist har også Mari starta ein ny podcast! Den heiter Regenerativt liv og handlar om kjensler, autentisitet, livskvalitet og alt som er knytt til det å vera ekte og heile menneske. Sjekk han gjerne ut der dy høyrer podcast.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    52 min
  • 118: Endring og utvikling

    Vi startar vekas episode med å takka for alle dei gode meldingane vi har fått sidan førre veke.

    Det å få lov til å inspirera og påverka til å skapa ei felles rørsle av engasjerte jordbrukarar, sjølvbergarar, mangesyslarar og bevisste forbrukarar er eit privilegium.

    Vi snakkar og om det å stadig læra og utvikla seg som bonde og som menneske. Vi er alltid i endring, og dei tinga vi trudde vi visste, er under konstant revisjon. Det er ikkje ein svakheit, men ein stor styrke å tilpassa seg etter kvart som ein får ny kunnskap.

    Vi snakkar også litt om det evige temaet om å finna balanse. Balanse mellom å gjera og å vera, mellom det å vera effektiv og det å ta seg tid, og korleis vi navigerer den evige reisa på veg mot å gjera livet stadig litt betre. Det er ei oppgåve som aldri vert ferdig, men det er jo kanskje også litt av det som gjer det gøy.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    48 min
  • 117: Engasjer deg! (a.k.a. tilskot til marknadshagar)

    Korleis påverka systemet? Korleis endra verda?

    I dag snakkar vi om det å engasjera seg for å forandra jordbrukspolitikken. Vi snakkar om systemet slik det er i dag, kva som er gale med det og kva som gjer at du kanskje skal engasjera deg likevel - nettopp fordi det trengst å forandrast.

    Mari fortel om helgas årsmøte i fylkeslaga til Hordaland og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag. Der vart det vedteken ei felles uttale der vi kravde at det må innførast eit nytt tilskot til marknadshageproduksjon.

    Per i dag er dette berre ei uttale - ei meining til to fylkeslag i ein organisasjon. Men om fleire kringom i landet engasjerer seg og foreslår det same, så kan det verta nasjonal politikk og til slutt  ein realitet. Men det er altså avhengig av éin ting: folk som engasjerar seg.

    Så vekas episode er ei lang oppmoding til at nettopp DU engasjerar deg, uansett om du er bonde eller ikkje, uansett om du er proff produsent eller berre dyrkar grønsaker til deg sjølv, eller berre har eit generelt ønske om at det skal koma fleire lokale grønsaksprodusentar kringom i landet.

    Det er ikkje nok å berre tykkje at dette er ein god idé og vona at nokon andre fiksar det. Alle gode endringar i verda skjer som ei følgje av at folk faktisk gjer noko. Vi må gå saman for å endra systemet, både frå utsida OG frå innsida.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    51 min
  • 116: Kvifor du kanskje ikkje skal søkja Innovasjon Norge

    I dag byr vi på ein klassisk pludre-episode der vi oppdaterer om nokre av tinga som har skjedd sidan sist, og litt stream of consciousness-prat. Du får ein god, gammeldags rant om Innovasjon Norge, litt prat om vatningssystemer, pengar, død og fordervelse, litt snakk om kor viktig sola er, og anna snacks.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    43 min
  • 115: Kva gjer du når partnaren din ikkje vil handla på REKO?

    Det å handla på REKO eller handla direkte frå bonden er eit verdival folk tek av ulike grunnar, mellom anna miljømessig berekraft, dyrevelferd, rettferdig inntekt til bonden, rein mat og helse.

    Men kva gjer ein når ein har ein partnar som ikkje støttar ein i vala og prioriteringane ein gjer omkring mat? Kva gjer ein når han eller ho ikkje tykkjer desse temaa er like viktige som ein sjølv?

    I dag pratar vi om eit komplekst og vanskeleg tema med mange spørsmål: Kva er det som gjer at vi menneske endrar oss? Kan andre menneske endra oss, eller må vi ønska det sjølv? Kva skjer når vi er ueinige eller har ulike verdisett? Går det an å finna kompromiss? 

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    1 hr 1 min
  • 114: Gjer du plass for dei store steinane?

    Denne veka titter vi raskt innom for å gi ein oppdatering på korleis det går med hønseflokken vår (vi har hatt storslakt), og for å fortelja ei lita historie om steinar, sand og vatn.

    Dagens oppmoding er å tenkja gjennom kva du fyllar glaset ditt med. Fyllar du på med dei store steinane fyrst, eller fyller du på med vatn slik at det ikkje vert plass til noko anna?

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    23 min
  • 113: Frø!

    Vi har bestilt årets frø til hagen, og med det er hagesesongen 2023 i gang! Planen for kva som skal dyrkast i dei ulike beda er klar, og vi har eit ganske ambisiøst mål om alt som skal vera klart før plantene skal i jorda (mellom anna skal vi dyrka opp ein åker og gjera ferdig vårt nye plantefelt Sveits.) Vi snakkar litt om kva som vil vera dei viktigaste endringane i marknadshagedrifta vår i år samanlikna med i fjor.

    Sjølv om det framleis er vinter og vi tek det roleg for å prøva å lada opp litt før sesongen er skikkeleg i gang, byrjar vi å sjå fram til tida foran oss og få piffen tilbake, noko du kanskje kan høyra av denne episoda.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    51 min
  • 112: Kva tenkjer du om pengar?

    I dag pratar vi om eit litt uvant tema, nemleg penge-tankesett. Eller sagt på ein annan måte: kva for slag bevisste og ubevisste historier vi fortel oss sjølv om pengar og rikdom.

    Folk har ulike syn på pengar, men ein ting er sikkert, og det er at pengesynet vårt har store konsekvensar for våre moglegheiter til å leva eit liv i overflod eller ha ein berekraftig økonomi i drifta vår. Dette er eit vanvittig kompleks og interessant tema vi utforskar litt i denne episoda.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    34 min
  • 111: Tente vi pengar i 2022?

    Når vi no er godt i gang med eit nytt år, er det på tide å sjå på rekneskapen for i fjor. Og etter to år med oppstart og minus i rekneskapen, er vi veldig spente: vart 2022 året kor vi endeleg gjekk i pluss?

    I denne episoda får du svar på spørsmålet, samt ein gjennomgang av kva for nokre produksjonar som har vore meir og mindre lønsame (eller har gått saftig i minus).

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

    1 hr 7 min

About Gjengevoll Pludrecast

From the publisher's feed

Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå…