
Sign up to save your podcasts
Or


I dag pratar vi litt om ustyrlege vêrar og hanar, og Mari fortel litt om kva ho har lært på helgas agronomsamling.
Vi styrer inn på ein liten rant om teknologioptimismen i landbruket og korleis effektiviseringa har hjulpe oss å produsera meir mat på færre bønder. Det vert snakka om som eit effektiviseringseventyr, men effektvisieringa er eigentleg finansiert av at stadig færre bønder tek på seg stadig større gjeld og må jobba dobbelt for å finansiera alle dei nye teknologiske framskritta. Det gjer oss forarga!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
I helga hadde vi ein seremoni som har vorte ein ny tradisjon for oss, nemleg vårt årlege nyttårsritual. I det høve reflekterte vi mykje over året som gikk og året som skal koma, kva vi vil leggja bak oss og kva vi vil utvikla vidare.
Vi deler nokre av tinga vi har satt oss som ønske og mål i 2023. Kanskje du kan kjenna deg igjen i nokre av dei?
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Nytt år, nye moglegheiter!
Endeleg har vi komt oss hit - til 2023. Fjoråret er lagt bak oss og vi har komt oss heilskinna gjennom desember til januar, den rolege perioda. Sola har snudd, dagane vert lysare. Vi har pusterom, og vonleg snart energi til å byrja å leggja konkrete planar for året foran oss.
I denne episoda nemner vi nokre av dei viktigaste minnene vi har frå året som har gått. Som alle år hadde 2022 både opp- og nedturer. No ser vi fram til eit år som vonleg har endå meir lys, varme, frodigheit og ikkje minst spanande prosjekt. Vi gler oss til å sjå kva året har å by på!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Endeleg ny pludrecast-episode!
No har vi hatt ein lang pause frå podden medan vi har måttet fokusera på desember-sirkuset. Det gode nyhendet er at vi har klart å koma oss fram til jul i god behald!
Desember har budd på intense dagar, marknad og utleveringar, lange bakedagar, sjukdom og til slutt eit deilig julebord i byen for å få ein skikkeleg bra slutt på årets sesong. No er det ikkje lenge igjen til juleroen kan senka seg.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Vi tek ei pause frå juleførebuingane for å pludra litt og ta ein fot i bakken. Korleis går det? Korleis har vi det? Ikkje så aller verst, eigentleg!
Alt går i perioder, men denne veka startar vi med eit friskt og litt lysare blikk framover. Energien tek seg opp, vi har trua, og snart er det jul.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Kva for slags oppgåver er det som skal gjerast på garden på denne tida av året? Det får du eit innblikk i når vi går gjennom gjeremålslista for dei neste to vekene, og "masterlista" for garden som vert kontinuerleg oppdatert i nye versjonar 🙃
Ein ting er sikkert - å driva mangesysleri vert aldri keisamt eller einsidig!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Det er travle tider! Vi har framleis mykje foredling av haustens råvarer å gjera, og skal samstundes byrja på juleprodukta, medan vi også må gjera ferdig alt som skal gjerast i hagen før vinteren kjem. I tillegg er det mykje marknadar og salsarbeid for tida, samt at hausten er høgtid for kurs og faglege samlinger. Og vi har mange besøk på garden. Puh!
I denne episoda pratar vi om høns som vert ete av rovfugl, om grisefeitt som ikkje stivnar og ikkje minst om ull! Det har nemleg vore ullveke her hjå oss, og Mari har vore på fleire arrangement. Har dei gjeve inspirasjon til korleis vi kan nytta ulla vår på garden framover?
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Det er Mari sin bursdag! Starten på dagen vart feira med vaflar og is til frukost i lag med gjengen på garden. No er det haust og hyggestemning på Gjengevoll. Vi reflekterer litt over kor kjekt det er å vera fleire på garden, og kor mykje lettare det er å gjera hyggelege ting utan å få dårleg samvit når vi er fleire som gjer det saman. Vi har framleis både dreng og praktikant buande hjå oss, og fellesskapen gjev meirsmak.
Mari har vore på nasjonal nettverkssamling for småskala marknadshagedyrkarar, og er kome heim med massevis av ny inspirasjon, kunnskap, og ikkje minst energi etter å ha møtt så mange fine og flinke folk "på ekte". Vi snakkar om viktigheita av å vera med andre menneske, heia på kvarandre og hjelpa kvarandre. Vi menneske er grunnleggjande sosiale vesen, noko som er lett å gløyma når ein driv gard åleine. Ein kan faktisk kjenna seg som eit heilt nytt menneske etter ei helg i lag med likesinna folk som vil ein godt. Så magisk!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Tenk at det allereie er oktober! Vi avsluttar dyrkesesongen ute, og haustar inn dei siste grønsakene. I veka som kjem skal vi ha fokus på produksjon av matvarer vi kan selja på markandene før jul, og omstilla oss til å førebu oss på vinteren.
Ute i hagen skal alle beda avsluttast og klargjerast for ein ny sesong. Drivhuset tømmast, ny flis skal leggjast ut i gangane, beda skal få ny næring og jorda skal dekkast til. Det er mykje som skal gjerast no før vinteren kjem. Heldigvis har vi eit par veker med ekstra mykje hjelp, for vi har både vår faste dreng på garden og ein ny praktikant frå Sogn jord- og hagebruksskule som skal vera hjå oss eit par veker. Ekstra hender gjer ein stor forskjell!
Vi snakkar litt om dei ulike produkta vi skal laga framover, og litt generelt om planlegging av inntekter og utgifter gjennom året når ein er bonde. Har vi nok likviditet til å klara oss gjennom vinteren og våren uten å få noko særleg med inntekter?
Mari fortel også at ho er sjukemeldt for tida, og litt om bakgrunnen for det.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
I denne episoda har vi kapra vår eigne, lokale snittblomedyrkar Elisa til å snakka om alt som har med økologisk småskala blomeproduksjon å gjera. Elisa driv Dalahagen i Bjørnafjorden, og dyrkar snittblomar for direktesal i marknadshagen sin på eitt dekar.
Kvifor er det viktig å tenkja økologisk også i blomedyrking? Korleis skil Elisa sin hage seg frå konvensjonell, storskala dyrking? Korleis omset ho blomane sine og tener pengar? Korleis ivaretek ho jordhelsa? Dette og mykje meir snakkar vi om i denne episoda, som vert utgitt som ein del av Økoveka Bergen 2022.
Dalahagen finn du på dalahagen.no og på @dalahagen på Instgram.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
From the publisher's feed