
Sign up to save your podcasts
Or


Det er berre å konstatera at no er det mykje. Vi balanserer på grensa til overveldelse.
Av nyhende kan vi sei at vi har fordobla tal bifolk og laga tre nye avleggjarar av dei etablerte kubene våre, og vi har sendt avgarde fyrste pulje med grisar til slakt. Vi har kjøpt nye høner for å supplera eggproduksjonen vår. Vi står på for bare livet for å få dei siste beda i hagen ferdig, og vi slåst med nebb og klør mot sniglar, regn, kulde og jordlopper for å halda vekstene i jorda levande. I tillegg har vi hatt fyrste utlevering til grønsaksabonnentane våre, laga nettbutikk, og vi førebur fyrste mjølkerutelevering denne veka. Heldigvis har vi fått superdrengen vår Sigrid på plass, som skal hjelpa oss i fleire månadar!
På slutten av episoda pratar vi litt om ulike salskanaler og kva for produkt som eignar seg best for dei ulike kanalane.
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Det har vore ein krevjande vår på fleire måter, som har gjort at vi verkeleg har kjent på tvilen om vi er skapt for å vera bønder. Mykje bekymringer for sjuke dyr, kaldt og vått vêr som har tatt knekken på fleire av plantene våre, manglande inntekter og fleire veker med sjukdom på toppen av det heile har satt oss på prøve.
I denne episoda oppsummerer vi utfordringane vi har hatt den siste tida, men retter også blikket framover. Vi har ein spanande sommar i vente med mange planar - mellom anna skal vi ha sommarkafé på garden og starta opp med vår eigen utleveringsteneste!
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Å kjøpa gard i lag kan vera ein test for eitkvart forhold. Det er mykje arbeid, kanskje liten tid til kjærleiken og lett for at ein ikkje klarer å ha det så bra som ein føler ein "burde" når ein endeleg får leva ut småbruksdraumen. Dette pratar vi om i dagens episode. Korleis klarer vi å ta vare på kvarandre og oss sjølv? Kva er viktig for at vi skal ha det bra? Og kva har vore utfordringane saman så langt i bondelivet vårt?
Vi gjev også ei oppdatering på kva som har skjedd på garden dei siste to vekene. Mykje hage, men også ein del dramatikk når det kjem til dyra. For ikkje å snakke om både liktorn og ryggkink. Her er det aldri ein keisam dag, det er sikkert!
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi får verkeleg tatt nokre sjumilssteg når det gjeld framgang i hagen for tida. Dagane er lange og vi grev mykje i jorda. No kan vi feira at dei fyrste vekstene er kome ut, både i drivhuset og i dei ferske beda. Sesongen har starta på ekte!
Lamminga er nesten over, og vi kan gleda oss over nye tilskot til flokken. Diverre hadde vi også ei tung hending som satte sitt preg på veka som var. Livet er skjørt, og det får vi merka særleg godt i desse tidene.
Etter ein lang vinter med tæring på varelageret, markerer vi endeleg starten på ein ny sesong med nye, ferske produkt til sals. Mellom anna det som kanskje er Mari sitt yndlingsprodukt!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Dette er ei av dei travlaste tidene på året for bønder, og det kjenst litt rart å jobba så mykje når resten av samfunnet nyter våren og feirer fridagane som april og mai har å by på. Men vi koser oss med lange dagar ute i finveret. Nesten alle lamma er fødd, og alt har gått bra hittil. Dei siste dagane har vi fått gjort framskritt i hagen, og no dei neste vekene kjem det til å skje mange synlege forandringar ute. Det ser vi fram til!
Vi kommenterer også jordbrukets krav til årets jordbruksforhandlingar. 11,5 milliardar er ikkje tidenes største, men ganske saftig likevel. Kva har vore reaksjonane så langt? Og tykkjer vi det er eit godt krav?
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi køyrer kjapt gjennom alle tinga - nærmere bestemt gjev vi ei oppdatering på både sauer, høns, grisar, bier og hage. Våronna har starta, jorda er varm, og no er det mykje som skjer over alt!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Påske! Lamminga starta tidlegare enn planlagt, og dermed vart påska litt travlare enn vi først hadde tenkt. Ikkje for det, vi har gjort meir enn nok anna til å halda oss aktiv uansett, men for Kjetil sin del har lamminga bydd på litt meir oppstykka nattesøvn. Elles har vi no sådd så mykje forskjellige frø at alle kriker og kroker er fulle av plantar og pluggbrett, vi har tappa bjørkesevje, gjort hagearbeid og slakta hanar. Alt fortel vi om i episoda.
Vi avluttar med ei kort, men viktig oppmoding som handlar om venskap og det å ta vare på relasjonane sine. Huk tak i dei folka du vil ha i livet, og manglar du nokon, så start ein klubb!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Mari held på og finna seg sjølv. Ho har til og med starta på eit sjølvutviklingskurs! I dag sveipar vi innom det store temaet sjølvaksept, om det å tillata seg sjølv å vera heile seg, og om korleis ein kan gjenoppdaga sin indre kraft ved å vera snill med seg sjølv.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Saman kan folk kan flytta fjell! Det er ikkje tull ein gong.
Det å vera bonde kan vera einsamt. Og som idealistisk, småskala annleis-bonde kjenner ein seg kanskje ekstra mykje utanfor. Då gjeld det å finna gjengen sin! Vi er mange der ute, vi må berra koma i kontakt med kvarandre. Så i dag har vi ein kjempespanande nyheit til alle dykk!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Det går opp og ned i livet, og kvardagene er ikkje like. Kvifor er det så vanskeleg å akseptera at vi ikkje alltid er på topp? Det pratar vi litt om i dag. Vi snakkar også om kor lyttarane våre er i verda, vi deler eit boktips og snakkar om saueklypping.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
From the publisher's feed