Gjengevoll Pludrecast

Gjengevoll Pludrecast

Download on the App Store

Gjengevoll Pludrecast episodes

  • 80: Årets fyrste dugnad

    Denne helga hadde vi dugnadsfolk på besøk og fekk gjort store framskritt inne i fjøset. Snart er det klart til innflytting og klipping av sauer før lamming!

    Med innearbeidet nesten overstått, ligg vi greit an til å byrja arbeidet ute i hagen. Snøen er snart borte, og då kan vi førebu bed, grøfta, flytta kompost og gjera alle dei andre tinga som må koma på plass før utplanting. Det er mykje  gjera, men førebels ligg vi heldigvis ikkje like bakpå som i fjor.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    34 min
  • 79: Drypp frå kurs i holistic management

    Kjetil har vore på kurs i regenerativt landbruk og holistic management (eller heilheitleg forvaltning)! Etter beste evne og i koronapåvirka tilstand gjev han i denne episoda nokre drypp av dei viktigaste prinsippa og lærdomane han har fått. Her er det mykje for oss å setja oss inn i og bruka i planlegginga av gardsdrifta framover!

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    1 hr 15 min
  • 78: STORE draumar

    Sidan sist har Russland gått til krig mot Ukraina, og verda har plutseleg blitt ein skumlare og meir uforutsigbar plass. Men éin ting kan vi alltid vera trygg på: folk kjem alltid til å trenga mat, og vårt yrkes- og livsval som bønder kjenst riktigare enn nokonsinne.

    For å muntra oss litt opp, løfter vi blikket og ser framover - langt framover. Kva er dei verkeleg store draumane våre? Stikkord: Det byrjar med geiter og sluttar med ei landsdekkande rørsle for å få jord i drift, folk i husa og dei gode, lokale samvirka tilbake. Vi har stjerner i augo - har du? 🤩

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    33 min
  • 77: Tente vi pengar i 2021?

    Mari er ferdig med rekneskapen for 2021, og no kan vi endeleg ta ein prat om tala! 

    Korleis har det gått med alle prosjektene våre i fjoråret? Kva har vore lønsamt? Kor har pengane gått? Kva for forventninger har vi til inntening framover? Og ikkje minst: gjekk vi med overskot? Desse og mange fleire spørsmål får du svar på i denne pengespesialen kor vi går grundig igjennom gardsøkonomien.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    1 hr 10 min
  • 76: Kreativitet

    I dag er temaet kreativitet, skaparkraft og skaparglede. Korleis byggja opp under kreativ energi og korleis inkorporera skaparglede i gardsdrifta? Ikkje minst, kan vi verta flinkare til å gleda oss meir over prosessen i staden for å alltid prøva å koma fortast mogleg til målet?

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    32 min
  • 75: Vilje

    Vi er innesnødd! Dei siste dagane har det kome mykje våt snø, noko som har vist seg å vera ein utfordring både for gårdsbilane og brøyteutstyret. Så no får vi kjenna på noko av sjarmen med å bu på ein avsidesliggjande gard utan brøyteveg.

    Vi pratar om den dramatiske hendinga der ei av søyene våre brakk beinet og vi måtte bestemma oss for om vi skulle avliva eller prøva å redda henne. Vi valde det siste, og søya - som fekk namnet Vilje - tilbringar no perioda som sjukmeldt inne på fjosen. Førebels ser det ut til å gå riktige vegen! 

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    54 min
  • 74: Sårbarheit og beredskap

    Nett no er det ein likviditetskrise i landbruket som følge av ekstrem prisauke på gjødsel, kraftfôr, straum og andre varer som landbruket er avhengig av. Fleire bønder står i ein akutt situasjon med kreditorer på døra og personleg konkurs rundt hjørnet.

    Korleis hamna vi der? Kva er årsaka til at vi har eit landbruk som er så sårbar for internasjonale svingningar? Og kva kan gjerast for å endra det? 

    Vi pratar om sårbarheit og beredskap både på samfunnsnivå og på gardsnivå. Vi avsluttar med ein diskusjon om korleis vi vil gjera garden vår meir robust, og vi kjem med ein overraskande nyheit.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    46 min
  • 73: Planar for dyrkesesongen 2022

    Planteplanen for årets hagesesong er klar, vi har fått mesteparten av frøa våre i posten og er gira for ein ny dyrkesesong! I denne episoda går vi gjennom dei overordna planane våre, kva vi skal dyrka kor, og kva som vert dei største endringane frå i fjor. Vi snakkar òg om nye salskanalar og korleis vi planlegg å diversifisera produksjonen og inntektene. Dei grøne fingrane kriblar og vi gler oss!

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    52 min
  • 72: 2021 oppsummert

    Godt nyttår! Vi er godt inn ei 2022 allereie, men før vi vender blikket framover, må vi ta ei oppsummering av året som har gått. Det var jo så himla mykje som skjedde i i fjor! Vi klarer ikkje å gå gjennom absolutt alt i laupet av ei episode, men vi gjev det eit hederleg forsøk.

    Året 2021 var verkeleg eit år for mange fyrste gonger: Fyrste kull med grisungar, fyrste lamming, fyrste år som grønsaksbønder og fyrste år med honning. Dette og mykje meir deler vi erfaringar frå i denne episoda når vi pratar om det vanskelege, utfordrande og særdeles givande fjoråret. Takk for følgjet så langt! 

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    1 hr 13 min
  • 71: Jul 🎄

    Vi klarte det! No er det jul, og skuldrane kan senka seg for ei stund. Vi er ferdig med alle utleveringar for i år og er klare for å seila mjukt inn i høgtida og det nye året.

    Sola har snudd, det går mot lysare tider og snart er vi klare for å byrja planlegginga av 2022. Fram til det skal vi gjera minst mogleg og vonar du skal det same. Takk for følgjet i år, og snakkast til neste år (etter eit par vekers podcastpause)!

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    29 min

About Gjengevoll Pludrecast

From the publisher's feed

Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå…