Gjengevoll Pludrecast

Gjengevoll Pludrecast

Download on the App Store

Gjengevoll Pludrecast episodes

  • 60: "Ekte bønder" - myter og fakta

    Denne veka snakkar vi om kva denne gardsdrifta EIGENTLEG handlar om. Og så tek vi tak i fordomar innad i bondemiljøet.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    41 min
  • 59: Foredling av grønsaker

    Vi startar dagen med morgonmøte og planlegging av praktiske oppgåver denne veka, før vi går over til å prata om foredling av grønsaker. Kjetil har nemleg vore på kurs! Vi har óg fått inn eit lyttarspørsmål om dette temaet, så vi pratar ein del om ulike spørsmål knytt til grønsaksforedling: kvifor, korleis, kva?

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    46 min
  • 58: Meir økologisk mat

    Det er eitt år sidan vi prata om økologisk mat i podcasten, og no tek vi opp att temaet. Vi har nemleg satt i gang prosessen med å debiosertifisera delar av produksjonen vår. I det høvet snakkar vi om korleis vi har tatt den beslutninga, og om kva for utfordringar som ligg i systemet for små produsentar som ynskjer å driva i tråd med ein økologisk bevisstheit.  

    Vi har også sterilisert grisane våre og lansert nye produkt på REKO!

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    44 min
  • 57: Nedlegginga av landbruket

    9 av 10 bønder har lagt ned sidan krigen. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat enn 350.000 bønder gjorde i 1950.

    Vi har vore på teater og sett Teater Vestland si framsyning "Bondetinget". I høve at Norges Bondelag er 125 år har dei valt å setja søkelyset på korleis den største bondeorganisasjonen sjølv har bidrege til utviklinga vi har vore vitne til sidan krigen.

    Vi produserer mykje mat, ja, men kva har skjedd med bygdene og med sjølvforsyninga?  Bønder har pliktoppfyllande effektivisert og utvida, og gjennom det drive bondekannibalisme, men dei tener mindre enn nokon gong før. Fortellinga om at vi berre treng å produsera meir for å verta lønsame, har vist seg å vera løgn.

    I denne episoda diskuterer vi kva som er årsakene til utviklinga, kvifor det har vore så vanskeleg å endra ho, og kva vi må gjera framover for å snu medan vi framleis har bønder igjen.

    Og! Kjetil har vore på marknad og Mari har vore på fjelltur.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    43 min
  • 56: Haneslakt og vinterførebuingar

    Etter ei periode med litt for mange hanar i flokken, har vi tynna ein del i rekkene. Haneslakt har vore helgas store gjeremål. og vi pratar litt om korleis ein gjer det og kva ein bør hugsa på.  Resultatet no er ein langt rolegare flokk med nøgde høner, og mykje god mat i frysaren.

    Elles pratar vi om kva for førebuingar vi treng å gjera i hagen før hausten, og om kva ein kan gjera for å få hagen, jorda og jordhelsa heilskinna gjennom ein kald vinter.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    53 min
  • 55: Gardsfellesskapen

    Korleis har den sosiale fellesskapen på garden endra seg dei siste hundre åra? I gamle dagar budde ein i store familiar på gardane, og kanskje fleire familiar saman. Garden var ein arbeidsfellesskap og eit nav for det sosiale livet.

    I denne episoda av Gjengevoll Pludrecast reflekterer vi litt over om det eigentleg er berekraftig å driva gard på den måten flesteparten av norske bønder gjer i dag: ofte åleine og kanskje til og med ved sidan av ein annan jobb. Garden som sosialt nav er utrydningstruga, men handlar ikkje det å driva berekraftig og regenerativt også om å trivast som menneske i ein fellesskap?

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    46 min
  • 54: Open gard

    Vi har hatt vårt fyrste offentlege arrangement på garden! Ein open gard-dag med kafé, butikk, program og allting. Alle i bygda var invitert, og jaggu om ikkje halve bygda møtte opp også.

    Vi fortel om korleis det gjekk, korleis vi førebudde oss til dagen og kva som kan forbetrast - og ikkje minst spreier vi masse feelgood om alle dei kjekke folka vi har møtt og kor stas det er å endeleg få treffa bygda.

    Vi er også litt forelska i tilhengerskaren vår som lyttar til denne podcasten (ja, deg ja!), og vert litt ømme og mjuke av å snakka om det.

    P.S! Kva for slags pludrecast-merch kunne du tenkja deg? Gi oss beskjed!

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    25 min
  • 53: Evalueringer del 2

    Vi tek opp tråden vi byrja på i episode 51 og fortset evalueringa av alle produkta vi har selt så langt. Denne episoda handlar om vår og sommar 2021.  Korleis går grønsakssalet? Kva har vi selt mykje av? Kvifor skal vi ikkje selja bjørkeessens igjen? Og - kva for idear har vi fått for neste år?

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    1 hr
  • 52: Bytur og avløyseri

    Denne veka har vi hatt vår fyrste ferie frå garden. Tre dagar har vi vore på bytur og forsøkt å kobla av medan vi har hatt verdas beste avløysar Harald til å passa på bruket.

    Korleis har det vore for avløysaren å ha eineansvar for garden? Og korleis har det vore for for oss å vera bønder i byen og slappa av? (Lettare sagt enn gjort!) Alt gjekk ikkje heilt som planlagt undervegs.
     
    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    46 min
  • 51: Kjærleiksferier og evalueringer

    Etter mykje om og men er purkene våre sendt på kjærleiksferie! Dei skal kosa seg på Osterøy og vonleg kom heim igjen med små grisungar i magen. Denne veka skal vi også på ferie: heile tre dagar med det glade liv i storbyen! Dette vert fyrste gong vi forlatar garden saman, og det ser vi veldig fram til.

    Vi legg bak oss det fyrste året med podcasting, og i denne episoda byrjar vi oppsummeringa av produkta vi har selt så langt og korleis vi tykkjer dei har fungert. Noko skal vi fortsetja med, medan andre ting avsluttast. Kva for produkt har grei timepris og kva for erfaringar har vi gjort oss undervegs?

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    56 min

About Gjengevoll Pludrecast

From the publisher's feed

Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå…