Gjengevoll Pludrecast

Gjengevoll Pludrecast

Download on the App Store

Gjengevoll Pludrecast episodes

  • 50: Episode femti!

    Vi markerer rundt jubileum for podcasten. Tenk at vi straks har laga podcast i eit heilt år! Vi reflekterer litt rundt kva som har skjedd sidan fyrste episode. Er vi "ekte" bønder no?

    Den siste veka har vi fått vår fyrste bikube og har dermed starta vår nye næring innan birøkt. Vi skal også senda grisane våre på kjærleiksferie og gjer oss klar for sal av grønsaker dei neste sommarvekene.

    Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    43 min
  • 49: Vatning, planter og sommarferie

    No er det endeleg sommar på ekte! Det vil sei at fellesferien har inntatt landet og folk flest nyt late dagar. "Ferie" på Gjengevoll vert nok ikkje det folk flest forbinder med ferie, men vi nyt i alle fall sommaren og eit litt anna tempo enn vi vanlegvis har. 

    Ved inngangen til juli ser vi lyset i enden av tunnellen for ein del av dei store oppgåvene vi har jobba med i fyrste halvår. Arealet som skal dyrkast i år er stort sett opparbeida, plantene er i jorda og vi kan byrja å ta fatt på andre ting som har vorte utsett. Snart vert vekstene i hagen mogne, og vi må heller tenkja på korleis vi kan få selt dei ferske varene i ei tid då folk er bortreist og REKO har ferie.

    Forutan sal og salskanaler, pratar vi om vatningslogistikk, jordkvalitet, sommarplaner og oppgåver framover, og vi introduserer vår nye gardsbil Gunnhild! 

    Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    50 min
  • 48: Det gode liv

    Kva er det gode liv?  Det diskuterer vi i vekas pludrecast med utgangspunkt i boka "The good life" frå 70-talets sjølvbergingspionerar Scott og Helen Nearing. Vi pratar om økonomisk uavhengighet, fritid og sunnheit. Gardsdreng Harald Ottesen Nødtvedt er med som gjest!

    Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    1 hr 4 min
  • 47: Endeleg drivhus!

    Under over alle under - no er drivhuset endeleg ferdig og vi har flytta ut alle plantene.  Så i denne vekas episode pratar vi om allting drivhus. Korleis prosessen har vore, kva har vi gjort der inne, korleis beda ser ut og ikkje minst, alt om den store tomatvandringa.

    Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    48 min
  • 46: Rikskjendisar

    Denne veka har vi vore med i to nyheitssaker, kor ei av dei var intet mindre enn nyhenda på sjølvaste rikskringkastaren. Stor stas med publisitet! 

    Vi har og øvd oss på å klyppa sauar, og ikkje minst: No er drivhuset endeleg ferdig. Vi gler oss til å flytta ut alle tomatane.

    Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    29 min
  • 45: Hagen - og bier!

    No går det raskt framover i marknadshagen, og vi fortel om alle endringane som har skjedd ute sidan sist, og alle plantane vi har fått i jorda.

    Vi pratar og om planane våre om å få bier og starta med birøkting. No har vi vore og handla alt utstyret vi treng, og om nokre få veker får vi våre fyrste bifolk!

    Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    46 min
  • 44: Næringsoppgåva, rekneskap og Fiken

    Vi har levert vår fyrste næringsoppgåve! Mari fortel om korleis prosessen med utfylling av skjemaa har vore og kva som er spesielt for landbruksføretak. I det høve pratar vi også litt om korleis det er å bruka Fiken som rekneskapsprogram for landbruk, og kva ein bør vera obs på, for dykk som har lurt på det.

    Vi går også inn på ein større diskusjon om lønsemd i landbruket og spør: går det an å leva av eit småbruk? Vi har det trangt økonomisk for tida, og no har gardsbilen vår konka. Vi byrjar å skrapa i botnen av sparepengane våre og lurer på om det er liv laga å kunna leva av garden. I så fall treng vi meir inntekter ganske snart.

    Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    53 min
  • 43: Hageframskritt

    Vi er tilbake etter ei lita 17. mai-pause og oppdaterer på alt som har skjedd ute. Vi har fått masse hjelp frå gode dugnadsfolk og har tatt nokre sjumilssteg på hagefronten. No er dei fyrste vekstene i jorda og drivhuset på veg opp! 

    Vi pratar også litt om mental helse, arbeidspress og opp- og nedturer som jordbrukarar.

    Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    49 min
  • 42: Jordbruksoppgjør og bondeopprør

    Denne veka tek vi for oss alt du lurer på (eller ikkje veit at du lurer på) om jordbruksoppgjeret, både generelt og 2021 spesielt.  Fest setebeltet for ei skikkeleg nerdete episode!

    Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    1 hr 2 min
  • 41: Gjerdetrøbbel og hagearbeid

    Vi gjev siste oppdatering på lammefronten: kor mange lam er komen? Korleis har lamminga gått? Vi pratar også om gjerdesituasjonen på garden, og korleis det å halda styr på dyr kan by på mang ein hovudpine. Særleg sauar med utforskartrang. Vi gler oss til No fence-en kjem i posten!

    Elles pratar vi om framskritta i hagen og kva som skjer ute for tida. Mykje arbeid vert gjort - mykje arbeid gjenstår. Følg med!

    Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    40 min

About Gjengevoll Pludrecast

From the publisher's feed

Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå…