Gjengevoll Pludrecast

Gjengevoll Pludrecast

Download on the App Store

Gjengevoll Pludrecast episodes

  • 40: Teknologioptimisme og effektivisering

    Denne veka tek vi for oss eit stort tema, nemleg korleis teknologioptimisme og fokus på effektivisering kan stå i konflikt til eit berekraftig matsystem. Er vi bakvendte fordi vi tykkjer beitedyr først og fremst bør eta gras? Var alt betre før? Eller er framtida mest mogleg effektiv (inne)produksjon av både dyr og grønt? Kva mister vi i så fall på vegen? Og kva er eigentleg effektivt?

    Vi sveiper innom både kraftfôr, dyrevelferd, forskning, økosystem, effektivisering og spesialisering i denne smakebiten på eit stort tema.

    Elles oppdaterer vi på lammesituasjonen sidan sist. Stikkord: lammande søye på rømmen! 

    Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    55 min
  • 39: Lam!

    Endeleg har dei fyrste lamma kome til verda. Ragnhild og Fride var dei fyrste ut, og no går vi og ventar på resten. I tillegg til å fortelja om det, pratar vi litt om furtne grisungar, kastrering av gris og framskrittene vi har gjort i hagen dei siste dagane.

    Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    33 min
  • 38: Pludring galore

    Lamminga er like rundt hjørnet, og vi er peppa! I god pludrestil hoppar vi litt frå det eine til det andre i denne episoda, og sveiper innom ulike tema om kva som har skjedd på garden den siste tida, med eit par avsporingar til landbrukspolitikk, rekruttering, etymologi med meir. 

    Takk til alle som har bidratt til nytt podcastutstyr ved å vippsa nokre kroner til Gjengevoll Mangesysleri (vippsnummer 619794). Merk betalinga med "podcast" :)

    Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    52 min
  • 37: Himmel og helvete

    Livet på ein gard går ikkje alltid som planlagt. I dagens episode tek vi dykk gjennom opplevinga av å miste vårt fyrste friske dyr.

    Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    47 min
  • 36: Påskehelsing

    Vi tek oss påskeferie frå podkasten, men her er ein helsing med siste mini-nytt frå gården på vegen inn i påsken. 

    Og tusen takk til alle som har vippsa oss pengar til podcastutstyr den siste veka! Kvart enkelt bidrag vert satt veldig pris på, og gjer vegen mot endå betre innahald med ny mikk og lydkort kortare. Om du vil senda oss ein slant, kan du vippsa det til Gjengevoll Mangesysleri, vippsnummer 619794 :)

    8 min
  • 35: Grisungar!

    Mesteparten av denne episoda vert via til vekas store hending. Vi har fått GRISUNGAR! Overraskings-grisungar intet mindre, for desse kom heilt bardus på både oss og verda. Vi pratar om oppdaginga, om korleis dei har klart seg dei fyrste dagane og om korleis det er å plutseleg vera ansvarleg for fem nye små vesen.

    Vi pratar også litt om solsikkespirer, eit nytt produkt vi no testar ut å dyrka og selja. Er det interesse for mikrogrønt-produkt hjå oss? Og er det økonomi i det?

    Elles har vi behov for å kjøpa litt nytt lydutstyr. Om du vil bidra til at vi kan halda fram med å spela inn denne podcasten, vert vi himla takksame om du vil støtta oss ved å vippsa nokre kroner til Gjengevoll Mangesysleri (vippsnummer 619794). Merk betalinga med "podcast" :)

    Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    39 min
  • 34: Gerda og bjørkesevje

    Endeleg har Gerda komen til gards. Ho seier brom brom, er ein sekshjuling og skal hjelpa til med kvardagslogistikken på garden.

    No er også sevja så vidt byrja å stiga i bjørketrea, og vi pratar om planane våre for å sanka og selja både bjørkesevje og bjørkesirup dei næraste vekene. Sevje er det berre mogleg å få tak i nokre få veker i året, og det byr jo på sine eigne utfordringar når det kjem til logistikk og produksjon.

    Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    35 min
  • 33: Intervju med Mari og Kjetil

    Denne veka er forma på podcasten eit intervju kor du som lytter har fått stilla spørsmåla. Vi har vitjing av Harald Ottesen Nødtvedt som har er programvert for anledninga, og stiller spørsmål både dykk og han lurer på.

    Har du tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    1 hr 3 min
  • 32: Oppgjørets time

    Vekas store hending er at dei to purkene våre er komne! Dei heiter Annabelle og Beatrix, og vi fortel om deira fyrste møte med sin nye heim.

    Utanom det pratar vi om pengar og økonomi i dagens episode. Kva seier hovudtala så langt? Klarer vi å få drifta til å gå rundt? Kva har vi tent mest på så langt, og går vi i pluss eller minus for 2020? Ikkje minst, kva for produksjonar er mest lønsomme?

    Vi pratar óg om vurderingar ein må ta som sjølvstendig næringsdrivande. Det er ikkje nok at resultatet på rekneskapen går i pluss. Kva for utgiftar må vi ha pengar til, og kva er eigentleg ein riktig timeløn?

    Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    50 min
  • 31: Å stikka hovudet fram

    Å vera bedriftseigar inneber å selja ting, å vera synleg og å stikka hovudet fram frå tid til annan. Noko som kan vera skummelt for einkvar, særleg når ein vil gjera alle til lags. I denne episoda pratar vi litt om nettopp det - å tørra å meina ting, å gi inntrykk av at  ein kan ting sjølv om ein kanskje ikkje føler det sjølv, dårleg sjølvtillit, impostor syndrome og det å skuffa folk.

    Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:

    Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
    Instagram: @mangesysleriet
    Epost: [email protected]

    39 min

About Gjengevoll Pludrecast

From the publisher's feed

Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå…