
Sign up to save your podcasts
Or


Denne veka har vi tatt far vel med dei ti slaktegrisane våre. Korleis er det for nye bønder å senda dyr til slakt for fyrste gong? Det får du høyra alt om her. Gjer deg klar for ei kjensleladd episode.
Du får også eit miniforedrag om forskjellen på gammalnorsk sau og gammalnorsk spælsau!
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Denne veka har me hatt dreng på garden! Harald har hjelpt oss heile veka og bidrege med godt humør og muskelkraft, og vi snakkar om korleis veka har vore for byguten som har prøvd seg på det landlege livet.
I tillegg pratar vi om stammespråk og forkortinger i landbruket. Det er nemleg ei lang liste med ord og uttrykk i denne næringa som ikkje er heilt intuitive å skjøna. Vi gjev difor ein A-B-C i landbruket sitt stammespråk, så du kan navigera i jungelen.
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi oppdaterer på grisane (dei har vorte flytta ein siste gong før dei snart skal til slakteriet), vi gler oss til å få besøk av Norsk Landbruksrådgjeving, og elles går mesteparten av episoda med til å gå i djupna på korleis eigedomen vår er bygd opp.
Du kan fylgja med på kartet (Nibio sitt gardskart) medan vi pratar om dei ulike markslaga og kva vi planlegg å bruka dei ulike områda til. Litt arealressursnerding med andre ord!
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Det er regn, det er mørketid, og denne veka har vi hatt ei ublid vitjing i fjøset som vart skjebnesvanger for fleire av kyllingane våre. Alt i alt eit godt utgangspunkt for å gørra litt.
Men så er det rart med det, etter litt pludring vert verda på magisk vis betre. <3
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Denne veka handlar det meste om ost og ysting. Mari har nemleg vore på ystekurs i Aurland og er heiltent!
Vi pratar om dei gamle, norske ystetradisjonane, om setring og budeier, om ystekultur som har vorte gløymd, om industrien som tok over, og om den nye generasjonen ystare som no hentar fram den gamle kunnskapen. Vi pratar om pasteurisering, om mjølka som råvare, om bakteriar, handverksstoltheit og småskala ysting, om våre eigne ysteplanar og om kvifor småskala ysting er eit feministisk prosjekt (den såg du ikkje koma)!
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
I denne vekas episode (dryge 20 minutter inn) dykkar vi inn i store og viktige spørsmål knytta til etikk og dyrehald: Er det greit at vi menneske held dyr i fangenskap og drep dei for mat? Er det mogleg å forsvara dyrehald ut frå eit etisk standpunkt? Kva tenkjer vi om å ha dyr på garden og senda dei til slakt? Og kva ville alternativet til husdyrproduksjon ha vore?
Vi rekk ikkje gje nokre bastante eller djuptgåande svar på spørsmåla, men vi reflekterer rundt tematikken og pratar om korleis det er mogleg å vera dyrevernar og husdyrbonde på same tid.
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Denne veka har vi vore på storhandling, og den største investeringen har vore ein sekshjuling! Den skal fungera som traktor på garden, og vi gler oss til å få ein maskin som kan gjera litt tungt arbeid for oss. Vi har og handla ein del utstyr som vi skal innreia produksjonslokalet med, der vi etter kvart skal få oss eit velutstyrt kjøken.
Der pengane har floge ut, har hyggjen floge inn, og veka vart avrunda med nydeleg seksretters på fin restaurant, og ein skikkeleg triveleg dugnad på garden. God mat og gode vener gjer livet verdt å leva! <3
Send oss gjerne tilbakemeldinger og spørsmål på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
I denne vekas episode er det ikkje måte på kva vi byr på! Frå grisar på tur og ein grønsakshage i fullstending omvelting, til første utlevering på REKO-ringen, lefsebaking og nyklekka kyllingar i hønsehuset. Vi svipper også innom litt politikk; Kjetil pratar om det å vera produsent, og Mari har harselert med Bondelaget.
Finn oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Denne veka tek vi opp eit tema som er aktuelt for mange, nemlig utfordringen med å finna balanse i kvardagen. Det er vanleg å føla seg overvelda frå tid til annan, men kva skal ein gjera når det skjer heile tida?
I denne episoda deler Mari og Kjetil om eigne utfordringar i kvardagen, om utbrenthet, stress og kjensla av å ikkje strekkja til. Og kanskje det vanskelegaste: Å akseptera at ein er bra og verdifull sjølv om ein ikkje alltid gjer noko.
Har du kjent på noko av det same? Send oss gjerne tilbakemeldinger og spørsmål på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi startar med å fortelja om kva som har skjedd sidan sist: mellom anna har vi lagt julegrisane ut for sal (bestill her!), Mari har gått kjøkkenhage-berserk etter økologiske frø på Solhatt og Kjetil har hatt eit magisk griseaugeblikk.
Hovudtemaet i episoda er økologisk mat. Kva er krava til økologisk produksjon, og kvifor har vi valt å ikkje prøva å sertifisera maten vår som økologisk sjølv om vi er einige i dei overordna prinsippa?
Send oss gjerne tilbakemeldinger og spørsmål på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
From the publisher's feed