
Sign up to save your podcasts
Or


Episode ti!
Kjetil har vore på kurs om hald og slakting av fjørfe, og gjev oss ei oppsummering frå det. Vi frusterer oss samstundes over kor vanskeleg det er å slakta dyr lokalt og i liten skala her til lands. Vi vil ha fleire lokale slakteriar!
Elles er den store nyheita på Gjengevoll at saueflokken vår er komen! Det er vi så glade for at vi vert litt emosjonell på slutten der.
Send oss gjerne tilbakemeldinger og spørsmål på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Korleis kan ein klara å få eit småbruk til å gå rundt økonomisk? Som heilt nye bønder har vi førebels ikkje fasiten, men dette spørsmålet er naturleg nok noko vi er opptekne av.
Om ein er småbrukar og lokalmatprodusent, handlar alt om korleis ein kan nytta ressursane ein har og tilføra mest mogleg verdi til produkta. Samstundes er ein avhengig av forbrukarar som veit å verdsetja dei unike produkta og den kvaliteten som småskalaprodusentar leverer.
I denne episoda går vi litt i djupna på dei økonomiske vurderingene vi har tatt for gardsdrifta fram til no, og planane våre framover for korleis vi skal byggja eit levebrød av garden vår.
Send oss gjerne tilbakemeldingar og spørsmål på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
No er grisane komen til gards. Vi pratar om korleis det gjekk å få dei til Gjengevoll og korleis dei første dagane som grisebønder har vore. Er grisane slik vi såg for oss?
Elles fortel Mari litt om marknadshagekurset ho har vore på, og dreg i gong ein diskusjon om prisen på mat. Kva bør maten kosta? Kva er riktig pris for gode kvalitetsprodukt? Kva er rettferdig løn for bonden? Vi snakkar litt om alt arbeidet som går med og alle dei skjulte kostnadane som går inn i produkta, og kor billeg norsk mat eigentleg er. Kven tar kostnaden?
Send oss gjerne tilbakemeldingar og spørsmål på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
For ei veke! Vi byrjar så smått å koma inn i ein slags kvardagsrutine, men det er framleis mykje som er nytt. Vi har hatt vår første dugnad, vårt første besøk, solgt våre første egg og gjort ein heil del andre ting for først gong.
Vi førebur oss òg på å få griser, vi byggjer kompostplass og Mari har også hatt sine første arbeidsdagar i ny jobb(!). Alt dette, og meir til, pratar vi om direkte frå utestudioet vårt på terrassen på Gjengevoll Mangesysleri.
Send oss gjerne tilbakemeldingar og spørsmål på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi rapporterer frå det ny tilveret som bonde etter ei veke på Gjengevoll Mangesysleri!
Korleis har dei første dagane vore? Korleis er det å bu på landet? Og kva er dei viktigaste prosjekta vi skal i gong med den første tida? Denne veka pludrar vi om høns, egg, katt, rekneskap og verdien av gode naboar. Mellom anna.
Du finn oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi har endeleg flytta inn på Gjengevoll Mangesysleri! Medan vi nyt sommervarmen på terrassen, reflekterer vi litt over prosessen vi har hatt med å finna garden vår.
Landbrukseigedomar vert sjeldan lagt ut på det opne markedet. Korleis kan du finna eigedomar når du kjem utanfrå landbruket og ikkje veit kor du skal leita? Vi gjev nokre tips om det. Vi pratar og ein del om kva for slags kriteriar vi la til grunn for leitinga vår, og kva som kan vera lurt å tenkja på når man skal vurdera eigedomar opp mot kvarandre.
Du finn oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Av og til er verda litt overveldande, og denne veka har vi stukke fingeren i jorda og roa litt ned etter ein tid med mykje stress. Moralen er: det er heilt greit å ta seg ei pause ein gong iblant, også når ein er i flyttemodus og livet er snudd på hovudet.
Og: vi har fått høns! Høyr om våre første klukkhøner, om kvifor vi har valt å ha islandshøns, og om korleis vi ser for oss den langsiktige hønsedrifta.
Du finn oss også på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Er livet på landet berre idyll? I denne episoda av Gjengevoll Pludrecast pratar vi om kva vi er redd for å gi avkall på når vi flyttar frå byen til bygda. Mellom anna: Kjem nokon til å gidda å vitja oss? Eller kjem vi til å mista alle venene våre?
Vi oppdaterar òg litt om ståa for griseplanane våre (eller rettare sagt, griseforvirringa). Kva for type gris skal vi ha? Kor skal dei bu? Vert det ribbe til jul?
Og ikkje minst: Vi har lansert nettsider! Dei finn du på gjengevoll.no. Juhu!
Du finn oss også på Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Mari og Kjetil oppdaterar om kva som har skjedd sidan sist (stikkord: tømmerfrakting på smalete veger, mange timer i bil, handling av masse verktøy og mykje knoting med nettside). Vi pratar også ein del om bakgrunnen for navnet Gjengevoll Mangesysleri. Kva er eit mangesysleri, og kor kjem Gjengevoll frå?
Følg oss på Instagram @mangesysleriet, lik vår blodferske Facebookside Gjengevoll Mangesysleri, og send oss gjerne ein helsing på epost: [email protected]
Bli med og følg ferda vår frå byfolk til bønder! I første episode av gardspodden Pludrecast vert du presentert for Kjetil og Mari, og får litt innsyn i korleis i all verda vi havna her: på terskelen til å flytta på gard og byrja vårt nye liv på eit vestlandsk mangesysleri.
Følg oss på Instagram:
@mangesysleriet
From the publisher's feed