
Sign up to save your podcasts
Or


Kva er regenerativt landbruk? Vi har prata litt om verdigrunnlaget og prinsippa for drifta vår i tidlegare episodar, men aldri heilt snakka om kva som bind det heile saman. I denne episoda går vi inn i kva vi meiner at regenerativt landbruk er for noko, korleis det stillar seg høve til andre landbruksbegrep, og ikkje minst kvifor vi er opptekne av å driva regenerativt på Gjengevoll Mangesysleri.
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
I kjent stil pludrar vi oss gjennom fleire ulike tema denne veka, og streifer innom både stort og smått. Vi har drengen Erlend på besøk som skal hjelpa til på garden nokre veker. Marknadshagen må framleis venta på at frosten tiner. Vi har fått liv i snøscooteren, Mari har fått ein ny hobby, og ikkje minst: Kjetil har vore og hilst på den neste bebuaren som skal koma til Gjengevoll: Pønkepurka Ramona!
Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vinteren er her framleis og snøen ligg som eit tjukt lag over Gjengevoll. Vi oppsummerer dei seinaste vekene og fortel om nokre av dei viktigaste hendingane som har skjedd på garden sidan sist.
Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Lurer du på kva ein marknadshage er og korleis ein kan koma i gong? I vekas pludrecast tek vi ein prat med Anna Karlsson. Ho er hovuddyrkar på det urbane andelslandbruket Fornebu Samdyrkelag og har mykje kunnskap om å få ting til å gro.
Vi pratar om grønsaker og berekraftig matproduksjon, og Anna gjev mange gode og konkrete tips til kva ein bør tenkja på når ein skal starta å dyrka. Ikkje minst pratar vi om korleis ein marknadshage kan verta både økonomisk og miljømessig berekraftig.
Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi fortset der vi slapp i førre episode og deler planane for året. Med marknadshage, lamming, grisar, bier, sundagskafé og meir til, får vi heilt sommerfuglar i magen av å tenkja på alt det kjekke vi skal gjera i 2021!
Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
2021 er i gong, og vi er gira på å setja i gong med nye og spanande prosjekt dette året! I denne episoda byrjar vi å prata om planane vi har, og vi har mykje å snakka om, så fortsetjing følgjer i neste veke :)
Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Passande nok er vi komen til episode nummer 24 når jula ringast inn. Vi pratar om korleis jula er og har vore. Elles tek vi ei lita oppsummering av året som har gått no når 2020 seg slutten med stormskritt. Kva har vi eigentleg gjort i laupet av året? Kva kjem vi til å hugsa aller best frå det merkelege og halsbrekkande 2020?
Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
No har det endeleg byrja å koma julestemning på Gjengevoll! Vi har vaska og pynta, og ser målet om ein roleg juleferie koma stadig nærare. I denne episoda oppdaterer vi på kva vi har gjort i desember og korleis juleinnspurten med masse REKO-produksjon har vore. Vi pratar også om planene framover og kva vi ser for oss å bruka romjulen og byrjinga av 2021 til.
Elles oppsummerer vi frå besøket vi hadde frå landbruksrådgjevaren Trygve, som både tok jordprøver og ga oss råd om grøfting. Vi har planar om å opna opp grøftene våre og laga eit opent bekkesystem på garden. Vi pratar litt om desse planane og bakgrunnen for dei.
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Kva inneber det å vera bonde og eiga eigen bedrift? Korleis skil bønder som oss seg frå andre næringar og forretningsverksemder? I denne vekas episode går vi kort inn på dei ulike rollene ein moderne bonde kan ha, og pratar litt om forretningsmodellen vi har valt.
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi har havna i julerushet - i år som produsentar! Julegåver, julemat og julepynt ser vi langt etter, men vi produserer spiselege julegåver Gjengevoll dag og natt. Vi pratar om korleis vi prioriterer tid, økonomi og energi, og snakkar litt om kva som eigentleg kan kallas å vera rasjonell bedriftsstyring. Og så tenner vi adventslys.
Og! Vi har to store nyhende å dela på økonomifronten!
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
From the publisher's feed