
Sign up to save your podcasts
Or


I dag skraper vi i overflata på eit stort tema, nemlig det heile mennesket. Kva er det, og kva er det vi treng for å kjenna oss heile? Det er jo langt meir til livet enn jobb, produktivitet og prestasjonar. Men kva er det som gjev oss overskot og påfyll? Korleis skapa rom for refleksjon, ro og kreativitet? Kva er åndelegheit og korleis kan vi tillata meir av det i dagleglivet? I denne episoda kjem vi innom alle desse temaa og endå litt fleire.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Det bakast lefser og kokast karamellar, og i helga har vi vore på superkoseleg julemarknad i Bergen. No er vi godt inn i adventstida, og det betyr at det kunn er veker om å gjera før vi er ferdig med juleinnspurten og kan ta ferie. Det ser vi fram til, men vi prøver også å ha litt julekos undervegs.
Har du lyst til å høyra Mari sin yndlingsjulemusikk, kan du søkja opp spelelista "All den fine julemusikken" på Spotify :)
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi har fått grisungar! Det vil sei, Annabelle har fått grisungar. Vi berre beundrar dei og koser på dei. Beatrix held også på å grisa akkurat no (!), så snart har vonleg alle dei nye komt til verda og ligg og kosar seg i halmen i grisehytta.
Forutan grisungar pratar vi denne gongen om ost og gjev ei lita oppsummering av det Mari lærte på ystekurs. (Har du lyst til å høyra episoda frå førre kurs, sjekk episode 16.) Vi pratar om forskjellige typer ostar, om bakterier, kultivering av bakteriekulturer og pasteurisering vs ikkje pasteurisering.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
I dag er vi innom mange tema når vi oppdaterer på kva som har skjedd sidan sist og alt vi har å gjera fram mot jul. Snøen har kome, julerushet er i gong, kjøtet er tilbake frå slakteriet og vi baker lefser og koker karamellar. Vi har også vore på vår fyrste bondens marknad, Mari har hatt bihulebetennelse og det er ein kamp mot klokka å forsøka å gjera ferdig dei siste tinga som trengst å gjerast ute før vinteren kjem for alvor.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Endeleg har vi fått sendt både grisar og lam til slakt, og vi har med det fått ei stor bekymring ut av vegen. Purkene våre gjer seg klare til å få nye grisungar, og vi er litt lettare til sinns.
Vi pratar om viktigheita av gode relasjonar med dyra, og så snakkar vi om korleis vi har rekna ut prisen på grisekjøtet vi skal selja. Det er viktig å rekna på alle utgiftane som inngår i produksjonen når ein set prisar, og at ein set av pengar til inntekt på toppen av dette.
P.S. Neste vekes episode kjem litt forseinka, fordi Mari skal vera borte ei dryg veke på nytt ystekurs!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Tematikken frå førre veke heng framleis litt igjen, for ingen av dyra er sendt til slakt enno. Men vi kan heldigvis venta nye tilskot til flokken, for veldig snart kjem det nye grisungar på garden, og hønsa våre klekker stadig fram nye kyllingar.
Det er november, snart er det jul, og vi førebuar oss til dei neste vekene med sal.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi er heime åleine på garden for fyrste gong på to månadar, og huset kjennest litt ekstra tomt. Denne veka skal dyra sendast til slakt, og plutseleg kjem livet og døden ekstra nærme. Vi pratar om praktikanten vår Sigrid, om arbeidsmengde og det å dela ansvar på fleire, om slakterifrustrasjon, og om liv og død og store spørsmål. Og om blomsterlauk!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Mari bruker hausten til å drøyma om bugnande bed med lekre blomar i alle fargar og fasongar, og har shoppa fleire bøker for å læra meir om snittblomeproduksjon. Til neste år vil vi testa å dyrka ulike sortar blomar i tillegg til grønsakene, og vi har byrja å gleda oss til å planleggja ein ny sesong.
Vi har Sigrid frå Sogn Jord- og Hagebruksskule på besøk som praktikant eit par veker, og denne veka har det blitt gjort fleire store framskritt i hagen. No gjer vi ein god innsats for å få beda klare til våren og kvitlauken i jorda før vinteren kjem.
Elles har Mari vore på første kurskveld av spinnekurset sitt!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi har hatt dugnad! Denne helga har vi hatt ein super dugnadsgjeng på besøk, og vi har fått gjort masse arbeid i hagen. Vi har meir enn fordobla arealet på åkeren vår, som har blitt omdaupt til Kina, og vi har også fått starta på dreneringsarbeidet til det nye plantefeltet Nederland.
Vi har også fått bestilt og levert både ullkardar og spinnerokk, og Mari er i fyr og flamme over spinnekruset ho skal byrja på neste veke.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Kva betyr eigentleg sjølvforsyning? Korleis er sjøvforsyninga i Noreg, og kva må vi gjera for å auka han? I denne vekas pludrecast snakkar vi om arealbruk, om miljø, beite, berekraft og rovdyr. Om fulldyrka jord, grønsaker, korn og utmark. For det er faktisk slik at om vi skal fiksa både klimaet, miljøet og global matsikkerheit, så må både Noreg og andre land produsera så mykje mat dei kan på dei ressursane dei har.
Og så har Lilleputt, vår nye vêr, kome til gards!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
From the publisher's feed