
Sign up to save your podcasts
Or


Denne veka feirer vi at vi har laga hundre episodar av pludrecasten!
Vi pratar litt om kor mykje som har skjedd sidan vi byrja å laga podcast, og vi snakkar om alle dei tinga vi er takksame for som gjer at feiringa vert ekstra stas.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Dagens episode handlar om folkesjukdomen vi alle har (men kanskje ikkje er klar over), nemleg kronisk stress.
Kva er stress og korleis påverkar det kroppen vår? Kva for langsiktige konsekvensar har kronisk stress, og kvifor normaliserer vi det i dagens samfunn? Ikkje minst - kva kan vi gjera for å bryta ut av den onde sirkelen og få eit liv med meir ro, glede og overskot?
Vonar du kan få nytte av denne episoda og bli inspirert til å ta nokre grep for ditt eige liv!
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi pustar ut etter ein fortreffeleg helg med mykje hygge og kjekke folk. Denne helga inviterte vi nemleg nye vener og bondekollegaer på fest på garden, noko som nok fortener å verta ein fast tradisjon. Vi snakkar litt om det å danna nye venskap i vaksen alder, viktigheita av sosialt samhald og korleis bønder ofte er ei gruppe som av ulike grunnar er ekstra utsett for einsemd.
Vi har også klypt sauar (eller, fått ein saueklyppar på besøk som har gjort det for oss) og flytta grisar til nytt beite. Grisane skal til slakteriet om nokre dagar, og då er det ingen grisar igjen på garden. Det vert kanskje litt rart?
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi har produsert opp ein del produkt og byrjar å verta klare for hausten. Kjetil og Sigrid har vore på sesongens fyrste marknad.
Mari har vore på fyrste samling på agronomlinja for vaksne. Dei neste to åra skal ho vera på ei samling i månaden på Stend jordbruksskule for å få "bondeutdanning". Vi pratar litt om kva ho har lært i helga og kva ho gler seg mest til.
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi er tilbake i kvardagen etter nokre veker med sommar og unntakstilstand. Mari har vore på orkesterseminar og fjelltur, og vi begge har vore på byferie i to heile dagar. Hausten nærmar seg, og vi pratar om tider som endrar seg og korleis hausten ofte bring med seg kjensla av nye byrjingar.
Mari har i laupet av sommaren fått ei lita openbaring når det gjeld eigen jobb og interessar, og vi pratar ein del om balansen mellom å gjera det ein verkeleg elskar på den eine sida, og vera avhengig av ein fast jobb og inntekt på den andre sida.
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
I dag snakkar vi logistikk! Kva er grunnen til at vi ikkje har traktor på garden? Korleis går det, kva saknar vi, og kva hadde vi måtta endra om vi skulle hatt ein traktor? Vi pratar også om fordelane og ulempene ved bruk av ATV og kvifor vi valte ein sekshjuling framfor ein firehjuling.
Og så pratar vi om at hausten ikkje er så verst, og at Mari vil spela musikk.
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
I denne vekas episode snakkar vi litt om kva moglegheiter som finst for oppskalering av varer og tenester på garden. Vi snakkar om korleis gardskafeen har gått i sommar, og diskuterer ulike moglegheiter for aktiviteter og besøksverksemd for å få fleire bein å stå på økonomisk.
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi tittar raskt innom denne veka for å snakka litt om grønsaker, sommaren, livet, tida som går og at vi alle skal døy, kanskje snarare enn vi trur. Ingenting utanom det vanlege, altså.
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
Vi er midt i juli, og sjølv om vêret ikkje gjev inntrykk av det, er sommaren godt i gang. Vi held på med sundagskaféar og jobbar på i hagen, som endeleg har byrja å kasta av seg dei fyrste grønsakene sjølv om det er tolva gradar og konstant regn. Elles sankar vi ville vekster, lagar stadig fleire produkt og rigger oss klare til ein travel haust med mykje sal og marknadsaktivitet.
Mykje av denne episoda vert også via til Veslemøy - vårt nydelege og hjarteknusane vesle lam som haldt ut i det lengste, på tross av alle vanskelegheitene livet kasta mot ho.
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
I frykt for at vi har klaga litt mykje i podcasten dei siste vekene, prøver vi å kompensera litt i dag! For alt er heldigvis ikkje alt svart, tvert imot er det ganske mykje å setja pris på. Og godt er det ❤️
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
From the publisher's feed