Lær norsk nå!

I - Reisebrev frå Chile


Listen Later

Teksten til episoden: https://laernorsknaa.com/i-reisebrev-fra-chile/


YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠


Støtt podkasten:

Patreon: ⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠

Donasjon (Paypal): ⁠⁠Doner (paypal.com)⁠


Mykje av grunnen til at eg har vert så travel i det siste er at eg skal til Chile dette semesteret for eit internship. Eg skal vera i Santiago, hovudstaden i Chile, frå januar og heilt fram til slutten av juli. Her skal eg vera studentpraktikant, eit slags internship, på Noreg sin ambassade her nede i Chile. I den samanhengen kjem eg til å skriva nokre reisebrev som eg tenkte kunne vera interessante å spela inn og publisera på podkasten. Eg må beklaga om det er litt bakgrunnsstøy, men det er ganske mykje trafikk her, så det er vanskeleg å finna ein god stad å spela inn podkasten på. La oss byrja.

Flyturen

Med sommarfuglar i magen og vel lite søvn er det eg kjem inn på Gardemoen 13. januar, klar til å byrja ein over 20 timars lang reise mot Chile. Etter å ha skaffa hundrevis av dokument om at eg på ingen måte er smitta med korona; at eg er vaksinert med både ein, to og tre doser med EU-godkjende vaksiner; og at eg generelt er ein snill og grei gut med ingen hensikt om å utføra terroristiske handlingar, er eg endeleg klar til å kjempa meg forbi krava til flyselskapa og diverse byråkratiske prosessar. Dette gjer kanskje eit lite innblikk i sjarmen det er å reisa i pandemitider.

Første hinder, innsjekkinga, skapar overraskande mykje problem. Det tek kanskje femten minutt før eg får sjekka inn bagasjen som blir sendt rett til Santiago. Sjølv får eg derimot berre boardingkorta til Helsinki og Madrid; det siste må eg skaffa på flyplassen i Madrid. Heldigvis for meg var det meir spenning i møte. Flyet til Helsinki blei forsinka ettersom to passasjerar ikkje møtte opp til eit fly dei hadde sjekka inn bagasje for. Dermed måtte dei stakkars flyplassarbeidarane leita gjennom all bagasjen for å fjerna desse. Til slutt var me klar til å ta av, ein halvtime etter skjema. Vel framme i eit tåkefult Helsinki gjekk eg meir eller mindre rett inn på neste fly til Madrid.

Flyplassen i Madrid blir gjort om til ein labyrint ettersom eg ikkje har boardingkortet til Santiago og dermed ikkje kan nytta vegen rett vidare til neste fly. Eg får forklart at: «du må gå ut til innsjekkingsområdet på flyplassen som er til høgre og deretter rett fram. Så tek du første til høgre, går opp to etasjar og finn flyselskapet ditt». Eg får stotra fram eit «muchas gracias» i det eg prøver å hugsa om det var rett fram også høgre, eller høgre også rett fram. Etter å ha hatt ein ufrivillig oppdagingsferd på flyplassen i Madrid, kjem eg endeleg til rett plass.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Lær norsk nå!By Marius Stangeland

  • 4.9
  • 4.9
  • 4.9
  • 4.9
  • 4.9

4.9

27 ratings


More shows like Lær norsk nå!

View all
Konspirasjonspodden by Podme / GuttaSjøl

Konspirasjonspodden

34 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

100 Listeners

Norsklærer Karense by Karense Foslien

Norsklærer Karense

70 Listeners

Historiepodden by Moderne Media og Untold

Historiepodden

14 Listeners

Foreldrekoden - med Hedvig Montgomery by Aftenposten

Foreldrekoden - med Hedvig Montgomery

20 Listeners

AVHØRT by Batong Media & Acast

AVHØRT

28 Listeners

Norskpodden by Lingu

Norskpodden

23 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

27 Listeners

Practice Norwegian by Norwegian Language Lessons

Practice Norwegian

40 Listeners

Hjernesterk by Moderne Media

Hjernesterk

9 Listeners

Historier Som Endret Verden by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Verden

3 Listeners

Norsk for Beginners by Marius Stangeland

Norsk for Beginners

49 Listeners

NLS Language Learning Podcast by NLS Norwegian Language School

NLS Language Learning Podcast

8 Listeners

Spårtsklubben by VGTV

Spårtsklubben

22 Listeners

Lev vel by NRK

Lev vel

6 Listeners