Ein professor må halde seg til dei akademiske formene, og gå til pliktarbeidet med alvor. På gata må professoren helse med hatten, og oppføre seg pent. Professorane eig ikkje frirom der dei kan vere ellevilt opptekne av forfattarar, bøker eller litterære epokar dei verkeleg brenn for. Ut frå desse fordommane vil Litteraturhuset rydde ei leikegrind for professorane, der dei kan vere ustrukturert begeistra over kva dei vil, og fortelje det slik dei vil.
Språkprofessor Gunnstein Akselberg kjem hoppande med Alexander Kiellands (1849–1906) Garman & Worse under armen, med denne grunngjevinga: Kielland er den stilistiske meisteren. Hans skarpe penn er nådelaus. Hans sosiale blikk drepande. Hans kulturelle analysar slåande. Hans naturskildringar uslåelege. Hans materielle problematiseringar sylskarpe. I Garman & Worse briljerer han.