Strid

Strid

By NasjonalbiblioteketSociety & CultureEducationHistory
Download on the App Store

Strid episodes

  • Lagapodden: Det norske aristokratiet
    «Norge, Norge, hytter og hus og ingen borge», skreiv Bjørnstjerne Bjørnsson i eit dikt. Heilt korrekt er ikkje dette, for det fanst kongelege borganlegg i norske byar, og nokre aristokratar bygde seg mindre steinborger på slutten av 1200-talet. Men dette var likevel ingenting i forhold til det ein fann elles i Europa, og sjølv i våre naboland Sverige og Danmark, der aristokratar sine steinborger gjorde teneste som både forsvarsverk og administrative sentrum på deira jordegods. Denne mangelen på visuelt uttrykk for aristokratiet si makt har gjerne leia til at ein overser aristokratiet si rolle i norsk mellomalderhistorie. Men kven utgjorde det norske aristokratiet, kva rettsleg og politisk rolle spela dei i dei ulike delane av mellomalderen, og i kva grad minna dei om deira standfellar i resten av Europa?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    32 min
  • Lagapodden: Skiljet mellom verdsleg og åndeleg jurisdiksjon
    Etter Landslova av 1274 var kongen Guds ombodsmann og styrte den verdslege delen av riket, medan biskopen, som òg var Guds ombodsmann, og styrte den åndelege delen av riket. Difor regulerte Landslova bare verdslege spørsmål, medan dei åndelege – som til dømes ekteskap – vart regulert av kyrkja sin rett – den kanoniske retten. I settargjerda, ein avtale mellom kongs- og kyrkjemakt i 1277, vart lovgjevings- og domsmakt fordelt mellom desse to delane av det vi kan kalla ei statsmakt. Men i Settargjerda finn ein ofte ganske generelle formuleringar, og praksis var langt meir mangfaldig enn det ein kan lesa ut av denne avtalen. Så, ut i frå det bevarte diplommaterialet frå mellomalderen, korleis vart dette skiljet mellom verdsleg og åndeleg jurisdiksjon faktisk handheva? Kva slags domstolar tok folk sakene sine til, korleis vart det laga domstolsordningar som byrde bru over skiljet mellom det verdslege og åndelege, og i kva grad kan vi slutta oss til at skiljet mellom verdsleg og åndeleg jurisdiksjon faktisk var viktig i folk sin kvardag?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    33 min
  • Lagapodden: Styring og kontroll gjennom klageordninga
    Landslova stilte kongsmakta ovanfor to problem, som heng saman. For det fyrste var det eit heller lite kongelege styringsapparatet som skulle sikra at Landslova vart ei verksam lov, og ikkje eit reint skrivebordsarbeid. For det andre var Landslova verksam i heile Fastlands-Norge, i tillegg til vesterhavsøyane Færøyane, Shetland og Orknøyane, og dei geografiske distansane gjorde det vanskeleg for ein liten sentraladministrasjon å kontrollera korleis Landslova vart faktisk nytta rundt om i riket. Difor sette Landslova og rettarbota frå 1280 opp ei styringsstruktur som gjorde at konges menn både måtte samarbeida lokalt, og faktisk vart kontrollert av lokalsamfunnet. Korleis var desse kontrollordningane designa, og korleis fungerte dei gjennom mellomalderen?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    31 min
  • Lagapodden: Jordbruk og handelsverksemd i mellomalderen
    Landslova av 1274 bygde vidare på, og utvida ein tradisjon for rettsleg regulering av jordbruk og handel. Utmarksressursar har alltid vore viktig for norsk økonomi, og difor underlagt rettsleg regulering som Landslova i stor grad vidareførte. Oppløysinga av trælehaldet gjorde at det kom til nye ordningar for jordleige, og ein klasse av det som seinare heiter leiglendingar vaks frampå 1100-talet. Oppløysinga av ættesamfunnet gjorde at odelsretten gjennomgjekk endringar før den fekk si form med Landslova. Og byveksten på 1100- og 1200-talet førte til eit større behov for pris- og næringsregulering i Bylova av 1276. Så korleis vart jordbruk og handelsverksemd regulert av Magnus Lagabøter i hans store lovarbeid på slutten av 1200-talet?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    35 min
  • Lagapodden: Landslova mellom gamal og ny rett

    I det som gjerne vert kalla prologen til Landslova av 1274 står Magnus Lagabøter fram som ein konge som bare bøtte på gamal rett. I det ein gjerne kallar epilogen til Landslova står derimot kongen fram meir som ein lovgjevar. Begge deler er for så vidt rett, sidan Landslova både byggjer på gamal rett og innfører heilt nye lovreglar. Så då må ein spørja: I kva grad vidareførte Landslova gamal rett, kvifor vart gamal rett vidareført, og kva gamal rett valte ein å vidareføra når det var fleire alternativ? Og i kva grad vart det laga ny rett med Landslova, kva omsyn fremma ein gjennom dei nye reglane, og kan vi slutta frå arbeidet med Landslova til kva politikk Magnus Lagabøter ønskte å føra?



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    32 min
  • Lagapodden: Vågan i mellomalderen
    Vågan i Lofoten låg rett vest for der Kabelvåg ligg i dag, og var den nordlegaste av dei stadene vi reknar for byar i Norge i mellomalderen. Samstundes er det den byen ein veit minst om. Vågan vart eit viktig fiskevær og også eit handelssentrum for området. Eksport av fisk herifrå til kontinentet over Bergen går i alle høve tilbake til 1100-talet. Aktiviteten var store vår- og sommartid, medan vintertid mista Vågan mykje av bypreget sitt. Dette skuldast òg at plassen ikkje var eit kyrkjeleg sentrum, som i staden låg lenger nord på Trondenes ved dagens Harstad. Nedgang i handel etter Svartedauden og påfølgjande pestar gjorde at handelen i Lofoten vart trekt sørover til Trondheim og ikkje minst Bergen, og Vågan forsvann heilt som handelssentrum i løpet av 1400-talet.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    23 min
  • Lagapodden: Oslo i mellomalderen

    I følgje Snorre Sturlasson vart Oslo etablert av Harald Harråde på midten av 1000-talet, men på det tidspunktet hadde bydanninga alt teke til. I 1070 vart det etablert eit bispesete i Oslo, og byen fekk delvis preg av å vera ein biskopsby, som vil seia at biskopen dominerte byen økonomisk og politisk. Dette endra seg i løpet av 1200-talet, og frå kong Håkon V frå 1299 vart Oslo kongeleg residensby, og i ein periode så sentral at vi kan kalla den for ein hovudstad.


    Byen vart slik eit økonomisk og politisk senter der Oslofjorden møter eit rikt innlandsområde, og som andre norske mellomalderbyar, vaks Oslo fram som utskipingshamn for naturressursar i innlandet.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    32 min
  • Lagapodden: Tønsberg i mellomalderen

    Det har vorte hevda at Tønsberg er Norges eldste by, og i følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag før 871. Under eit kvart omstende vaks byen fram i eit område med stor rikdom, og var eit knutepunkt for handel med kontinentet. På Slottsfjellet over byen var det frå midten av 1100-talet eit festningsanlegg.

    Under Håkon Håkonsson si regjeringstid mellom 1217 og 1263 vart det her bygd eit festningsverk i stein, med to ringmurar og eit kastell i midten, det heile kjent som Tønsberghus. Her residerte norske kongar frå midten av 1200-talet, og byen var kongeleg redisensby på heile 1300-talet.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    26 min
  • Lagapodden: Trondheim i mellomalderen
    Trondheim var i mellomalderen setet for dei norske erkebiskopane. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag av Olav Trygvasson i 997. Trondheim låg i maktområdet for ladejarlane. Dei var ei fyrsteslekt som kontrollerte Trøndelag og Nord-Norge, eit område rikt på naturressursar i både havet og på fjellet. Denne rikdommen må ha vore noko av bakgrunnen for at det norske erkebispesetet vart lagt til Trondheim i 1153. Med det kom både eit lærdomsmiljø til byen, men òg politisk makt. Alt visualisert gjennom Nidarosdomen, som trona over byen som det største byggverket i norsk mellomalder. Trondheim var òg ein viktig kongeleg residensby på byrjinga av 1200-talet, og med Landslova av 1274 vart Trondheim òg staden kongeval skulle skje.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    26 min
  • Lagapodden: Bergen i mellomalderen
    Bergen var Norges største by i mellomalderen. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag av Olav Kyrre i 1070. Området hadde då vore eit maktsenter lenge, med kongsgarden på Årstad bak byen, som eit klart teikna på dette. Bergen ligg mellom Sognefjorden i nord og Hardangerfjorden i sør. Desse fjordane går djupt inn i landet, og kan reknast som vegar til å transportera naturressursar ut frå heile det sentrale Vestlandet for utskiping til kontinentet. Dette er mykje av bakgrunnen for at Bergen var ei mellomstor europeisk handelsby i høgmellomalderen. Men viktig for byveksten var òg at Bergen på 1200-talet var den viktigaste residensbyen for norske kongar, samstundes som erkebiskopen òg hadde eit palass her.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    45 min

About Strid

From the publisher's feed

I podkasten Strid forteller programledere Aslak Sira Myhre og Ole-Albert Rønning Nordby sine favoritt-historier fra perioden 500 til 1500 i norsk historie.


Podkasten er produsert av…

More shows like Strid

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

19 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

43 Listeners

Misjonen med Antonsen og Golden by P4-gruppen

Misjonen med Antonsen og Golden

86 Listeners

Rekommandert by HENRI & Acast

Rekommandert

9 Listeners

Konspirasjonspodden by Podme / GuttaSjøl

Konspirasjonspodden

34 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

79 Listeners

198 Land med Einar Tørnquist by PLAN-B & Acast

198 Land med Einar Tørnquist

20 Listeners

Wolfgang Wee Uncut by Wolfgang Wee

Wolfgang Wee Uncut

41 Listeners

Gamle greier by Nasjonalbiblioteket

Gamle greier

3 Listeners

Historier Som Endret Verden by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Verden

12 Listeners

Den politiske situasjonen by Dagens Næringsliv & Acast

Den politiske situasjonen

13 Listeners

Historier Som Endret Norge by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Norge

9 Listeners

Det Store Bildet by Brandpeople og Rayo

Det Store Bildet

13 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Kriminalkrøniken by Gjenklang

Kriminalkrøniken

1 Listeners