Strid

Strid

By NasjonalbiblioteketSociety & CultureEducationHistory
Download on the App Store

Strid episodes

  • Lagapodden: Kva kan mellomaldermanuskripta fortelja oss?
    Landslova av 1274 finst bevart i mange manuskript. Manuskripta gjev oss informasjon om meir enn lovreglane dei formidlar. Gjennom illuminasjonar og teikningar, gjennom understrekingar, peikarar, margkommentarar, og så vidare, kommuniserer fortida sine skrivarar med notida sine lesarar. Kva informasjon kan vi henta ut av denne dialogen med fortida: kva lærer vi om prosessen rundt og aktørane i produksjon av manuskript, om bruken av manuskripta, og om korleis lov vart formidla og brukt i samtida?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    32 min
  • Lagapodden: Kva er eit mellomaldermanuskript?
    Den Landslova som vart gjeven i 1274, har vi ikkje bevart. Eldste Landslovsmanuskriptet er frå om lag 1300, og så har vi nesten 40 andre manuskript som er skrivne mellom 1300 og 1350. Kva er eit mellomaldermanuskript for noko og korleis vart dei laga i mellomalderen, kva anna materiale inneheld Landslovsmanuskripta, kven skreiv, kva språk er dei skrivne på, kva har gjort at nokre manuskript er bevart heilt fram til i dag, og korleis brukar vi dei bevarte manuskripta når vi skal rekonstruera Landslova av 1274?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    33 min
  • Lagapodden: Dei norske byane og Bylova av 1276
    Landslova av 1274 regulerte forholda på landet. I 1276 gav Magnus Lagabøter ei Bylov for Bergen, som seinare vart nytta av dei noko over 10 norske byane. Her finn ein reglar om særleg handel og spesielle byforhold som brann, vakthald, laste og lossereglar, og så vidare, ved sida av mange reglar som var like for land og by. Men kva norske byar fanst på siste halvdel av 1200-talet, kva gjorde at kongen gav lover for byane, i kva grad fall lov og rett for by og land saman og i kva grad var det faktisk skilt frå kvarandre i praksis?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    36 min
  • Lagapodden: Hirda, Hirdskrå og dei som styrte Norge
    Landslova av 1274 regulerte mange samfunnsforhold i ein mellomaldersk forstand. Ein skal likevel ikkje overdriva styringskrafta til lovboka. For det fyrste vart ein god del regulert gjennom andre ordningar. Ikkje minst kongen sin sentraladministrasjon vart regulert gjennom Hirdskrå, som ein nesten kan rekna som ei eiga lovbok ved sida av Lands- og Bylova, gjeven av Magnus Lagabøter. For det andre var bruken av Landslova delvis i hendene på lokale nemndemenn, som stod fjernt frå sentraladministrasjonen. Kva var eigentleg kongen sin sentraladministrasjon, kva reglar gjaldt for denne, og kva funksjon hadde dei lokale nemndemennene i rettspleia?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    36 min
  • Lagapodden: Kva samfunnsideologiar prega Norge på 1200-talet?
    Kongsspegelen var eit danningsverk som – sett på spissen – var skrive som ein styringsmanual for ein framtidig monark. Det var skrive omlag på den tida då Håkon ung døydde, og den yngre broren Magnus rykka opp som tronarving. Den seinare kong Magnus Lagabøter må difor som ung mann ha vorte kjent med Kongsspegelen. For mange av dei grunnleggjande tankar og idear som pregar Landslova av 1274, er alt formulert i dette danningsverket. Korleis plasserer Kongsspegelen seg i den europeiske tradisjonen for slike danningsverk, kva idear og tankar om stat og statsstyre vert uttrykt der, og i kva grad vart desse ideane og tankane realisert i det norske riket frå andre halvdel av 1200-talet?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    30 min
  • Lagapodden: Kva var tinget?

    Landslova av 1274 representerer ikkje byrjinga på rettsleg regulering i det norske riket. Heller tvert om – det fanst alt ein solid og lang rettstradisjon som Landslova kunne byggja vidare på. Sentralt i denne rettstradisjonen stod tinget. Dei viktigaste mellom tinga var lagtinga Gulating for Vest- og seinare Sørlandet, Frostating for Midt- og seinare Nord-Norge, Eidsivating for indre Austland og Borgargarting for området rundt Oslofjorden og nedover til Gøta elv. Men når vart lagtinga organisert, kven var det som møtte på tinget, korleis vart saker avgjort, og korleis plasserte tinget seg i det meir allmenne styringsmaktslandskapet i mellomalderen?


    Professor emerita Else Mundal, UiB og professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    32 min
  • Lagapodden: Kva kan lovene fortelja oss?

    Litt enkelt sagt finst det to sentrale kjelder til norsk mellomalderhistorie fram til 1300-talet, og det er sagalitteraturen og dei meir reindyrka historieframstillingar, og så er det lovene. Frå rundt 1300 vert kjeldematerialet langt rikare, og ikkje minst får ein mengder med mellomalderbrev som ei meir kvardagsnær kjelde. Men kva fortel lovene oss om Norge i mellomalderen? Spegla lovene samfunnet slik det var eller slik ein ønskte det skulle vera? Var norske samfunnsforhold så spesielle at lovene var annleis enn dei vi finn andre stadar i Europa? Og kva kan faktisk rettspraksis fortelja oss om korleis lovene fungerte?


    Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    34 min
  • Lagapodden: Fransiskanaren på trona
    Vi veit veldig lite om Magnus Lagabøter. Årsaka er at sagaen om han, som vart delvis skriven medan han levde, har gått tapt. Men vi veit frå andre kjelder at Magnus fekk undervisning i fransiskanarklosteret i Bergen. Kva veit vi om klostervesenet i Norge – når fekk vi kloster og kva betydde det intellektuelt og økonomisk for det norske riket i høgmellomalderen? Og kva veit vi om fransiskanarane og deira klostervesen både i Europa og i Norge?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    31 min
  • Lagapodden: Kanonisk rett og kristenretten

    Magnus Lagabøters Landslova regulerte verdslege saker i det norske riket. Åndelege saker vart handsama av kyrkja i kyrkjelege domstolar, der ein dømte etter kanonisk rett. Men kva var kanonisk rett? Korleis oppstod den, kva forhold regulerte den, korleis prega den europeisk samfunns- og rettsutvikling i høgmellomalderen, og kva var relasjonen til kristenretten?


    Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Anders Winroth, professor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    31 min
  • Lagapodden: Nye verdiar og St. Olavs lov

    Landslova vidareførte St. Olavs lov. For Olav den Heilage si lovgjeving på Moster i 1024 ser i høgmellomalderen ut til å ha vorte rekna som opphavet til norsk rett. Korleis vart denne krigarkongen utgangspunkt for utviklinga av idealbiletet av kongen som skapar fred gjennom lov og rett, korleis kom forteljinga om hans liv og død til å endre synet på styrke og veikskap, og korleis kom kristninga til å skape eit nytt bilete av familien som igjen vart fundamentet for ei ny samfunnsordning?

     

    Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Kristin Aavistsland, professor ved MF vitenskaplig høgskole. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    30 min

About Strid

From the publisher's feed

I podkasten Strid forteller programledere Aslak Sira Myhre og Ole-Albert Rønning Nordby sine favoritt-historier fra perioden 500 til 1500 i norsk historie.


Podkasten er produsert av…

More shows like Strid

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

19 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

43 Listeners

Misjonen med Antonsen og Golden by P4-gruppen

Misjonen med Antonsen og Golden

86 Listeners

Rekommandert by HENRI & Acast

Rekommandert

9 Listeners

Konspirasjonspodden by Podme / GuttaSjøl

Konspirasjonspodden

34 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

79 Listeners

198 Land med Einar Tørnquist by PLAN-B & Acast

198 Land med Einar Tørnquist

20 Listeners

Wolfgang Wee Uncut by Wolfgang Wee

Wolfgang Wee Uncut

41 Listeners

Gamle greier by Nasjonalbiblioteket

Gamle greier

3 Listeners

Historier Som Endret Verden by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Verden

12 Listeners

Den politiske situasjonen by Dagens Næringsliv & Acast

Den politiske situasjonen

13 Listeners

Historier Som Endret Norge by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Norge

9 Listeners

Det Store Bildet by Brandpeople og Rayo

Det Store Bildet

13 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Kriminalkrøniken by Gjenklang

Kriminalkrøniken

1 Listeners