
Sign up to save your podcasts
Or


I Landslova er tosverdslæra til Augustin presentert som ei form for statsrettsleg grunnlag. Det vil seia at det vi i dag kallar statsmakta, var delt i ein verdsleg del der kongen var Guds ombodsmann, og ein åndeleg del der biskopen hadde same rolle. Det var likevel inga enkel og opplagt grense mellom dei to delane av den framveksande statsmakta. Kva politisk, økonomisk og åndeleg rolle spela kyrkja i høgmellomalderen – korleis var kyrkja med å forme den framveksande statsmakta, korleis prega den jordgodsdanning og handel, og korleis prega kyrkja, som var til stades overalt gjennom lokalkyrkjene, folk sin kvardag?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Sigrun Høgetveit Berg, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I Kongsspegelen vert borgarkrigane frå fyrste halvdel av 1100-talet til fyrste halvdel av 1200-talet framstilt som ei tid då det kom uår i folket slik at gode seder visna på rot. Lov og rett var eit middel til å unngå slikt elende for landet. Magnus Lagabøte presenterer i Landslova sjølv borgarkrigane som ein av grunnane til at det var behov for ny lovgiving. For ut av borgarkrigane vaks det eit nytt kongsideal – konge som rex justus som sikra undersåttane rettferd, fred og velstand. Men kva var borgarkrigane, kva var eigentleg dette nye kongsidealet, og korleis kom det til å fungere i praksis?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Hans Jacob Orning, professor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Magnus Lagabøte gav i 1274 Landslova for det norske veldet og skattlanda, i 1276 ei eiga lovbok for byane, i 1277 (eller kanskje eit anna år på 1270-talet) ei eiga lovbok for kongen si hird, hoffet og administrasjonen, og til slutt ei lovbok for Island i 1281. Dermed fekk alt område som Magnus Lagabøter styrte ny lov. Men kva var Noreg i høgmellomalderen? Kva var relasjonen mellom det norske veldet og skattlanda, kva posisjon hadde Island, kva status hadde den samiske befolkninga, kvifor fekk by og land kvar sine lovbøker, og kva rolle spela hirda i styret av Noreg?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Erik Opsahl, professor i historie, NTNU. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Landslova av 1274 er ei av få riksdekkjande lovbøker i europeisk høgmellomalder, og fekk ei lang levetid og ei større utbreiing enn dei andre. Dette gjer Landslova til eit europeisk storverk. Er det god nok grunn til å markere at det i 2024 er 750 år sidan Landslova vart vedtatt på Frostating? Eller finst det andre grunnar til å trekke fram dette lovverket som ei særleg viktig hending i norsk mellomalderhistorie?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
From the publisher's feed
I podkasten Strid forteller programledere Aslak Sira Myhre og Ole-Albert Rønning Nordby sine favoritt-historier fra perioden 500 til 1500 i norsk historie.
Podkasten er produsert av…
Her finner du også 8 episoder av Dømt - skjebner fra middelalderen, en podkast om virkelige rettssaker som fant sted i middelalderen. Programledere er Aslak Sira Myhre og Ole-Albert Rønning Nordby.
Fortellerstemme er Anne Lise Lommerud.
Bakerst i spilleren finner du også 25 episoder av podkasten Lagapodden med programleder Jørn Øyrehagen Sunde, en podkast om lovarbeidene til Magnus Lagabøte. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

19 Listeners

43 Listeners

86 Listeners

9 Listeners

34 Listeners

79 Listeners

20 Listeners

41 Listeners

3 Listeners

12 Listeners

13 Listeners

9 Listeners

13 Listeners

10 Listeners

1 Listeners