VossaBib

VossaBib

By Voss BibliotekArtsBooks
Download on the App Store

VossaBib episodes

  • Om psykisk helse - Ingen må vite det

    Dagens episode handlar om psykisk helse - og korleis skrive om eigne erfaringar. 

    Metha i Lida kom ut med boka Ingen måte vite det på Selja forlag i 2019. Her får du eit djupdykk i Metha si eiga historie. Du får lese om depresjon, sjølvmordsforsøk og korleis det kjennest å få ein diagnose. For kva skjer eigentleg med ein når ein får svar på kvifor ein har vore gjennom tunge tider i mange år? Korleis kan ei reise seg att etter å ha gjennomgått eit traume? For ingen må jo vite det. Theresa ryngjer Metha, busett i Førde. 

    Metha i Lida (f.1993) er frå Førde. Foreldra er frå Danmark og Færøyane. Ho studerer til å verte sosionom, medan ho skriv og målar på fritida. 

    Ingen må vite det har me tilgjengeleg for utlån på biblioteket.

    31 min
  • Verdas bokdag 2021

    Visste du at me i Noreg har markert verdas bokdag den 23.april sidan 1997?

    I denne episoden drøsar Anne og Ritha om både boka i fysisk form og kva ei bok kan gjere med oss.

    Me har med oss gamle og nye bøker og du får vite litt meir om kva handtverk som ligg bak ei godt innbunden bok.

    Lesetips får du også, frå skikkelig hardbarka krim til Karl Ove Knausgård!

    37 min
  • Merkedagar i mars

    Viste du at ei åttandemarsmarkering var opptakten til den russiske revolusjonen? 

    Ritha drøsar om bøker om feminisme og feministisk litteratur med fokus på to essaysamlingar av Rebecca Solnit.

    Ein annan merkedag i mars er verdas poesidag, 21.mars. Ritha er særleg glad i antologiar og har tatt med seg nokre favorittar i studio.

    21 min
  • Samtale med Erika Alnæs

    Erika Alnæs er bibliotekar i Kinsarvik. Ho er ein dreven formidlar av litteratur til lesere i alle aldersgrupper og gjer oss tips frå si eigen katalog av leseopplevingar. Litteratur: Ulf Löfgren: Det forunderlige treet, Sigrid Undset: Jenny, George Simenon: Mairget, Gert Nygårdshaug: Drum-serien, Ruth Lillegraven: Urd, Marit Eikemo: Samtidsminner, Heidi Sævareid: Longyearbyen, Simon Stranger: Barsakh-trilogien.

    32 min
  • Det spirer! Frøbiblioteket og bøker med grønt i.

    Anne og Ritha drøsar om kva eit frøbibliotek er og korleis ein kan nytte seg av det. Frøbiblioteket er ei ny teneste frå Voss bibliotek og i denne episoden får du kjennskap til kva det går ut på. Og med vårmånaden mars finn me inspirasjon og kunnskap i bøker med planter, blomar og frø i fokus.

    Bøker som vert omtala i podcasten:

    • Så et frø! av Annelie Johansson

    • Alt jeg vet om planter : en fortelling om vitenskap og kjærlighet av Anne Hope Jahren

    • Late hager : din guide til en lettstelt hage av Tor Smaaland

    • Gro : en håndbok om grønne inneplanter av Jenny Leite-Vikra, Kathrine Winther Løkke, Marte Espevik

    • Dyrking i pallekarm : grønnsaker, bær, blomster, urter av Eva Robild
    • 24 min
    • Nye ungdomsbøker

      Theresa snakkar om eit utval nye bøker for ungdom og kva tendensar som rører seg i ungdomslitteraturen for tida.   


      Romanar: 

      Arvingen - Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug  

      Hør her'a - Gulraiz Sharif 

      Dette blir mellom oss - Alexander Kielland Krag  

      Helt ute - Maria Sand  

      Ser du dette? - Sigrid Agnethe Hansen 

      Fra du såg meg - Eldrid Johansen   

      På vei mot toppen - Angie Thomas  

      Tre meter med kniv - Eilie Harboe  

      Dette er ikke oss - Neda Alaei  

      Høgspenning Livsfare - Helene Guåker  

      Mot stjernene er vi ingenting - Lars Mæhle  

      Aleksander den store - Peter F. Strassegger  

      Ally_Trip - Katrine Lekang  

      Dødens spill - Anne Elvedal  

      Jernulven - Siri Pettersen


      Dikt:   

      Ingenting usagt - Sabina Store-Ashkari  

      Jeg vil bare at det skal være oss - Kristian Berquist.


      Teikneserieromanar: 

      Laura Dean driver og dumper meg

      - Mariko Tamaki

      Sabotør - John Sigvart Jamtli

      Ragnarok: Fenrisulven: Odin Helgheim

      Magnus Carlsen og sjakkmorderen - Aleksander Kirkwood Brown/John S.Jamtli


      Fakta:

      Før øya synker - Theresa Grøtan

      #vågåvære - Tale Maria Krohn Engvik

      Hva er greia med meg - deg og alle andre? - Vilde Vollestad

      9. april 1940; 8.mai 1945: Jon Ewo





      29 min
    • Fascinerande fuglar

      Anne og Ritha drøsar om fuglar, fuglebøker, årets fugl og den store hagefugltellingsdagen.

      Helga 30.–31. januar blir Hagefugltellinga gjennomført i heile Norden. Då er det berre å rigge seg til med kikkert, penn & papir og sjølvsagt ei fin fuglebok frå biblioteket. I denne episoden får du dessutan vite kva som er årets fugl og du får høyre songen den syng! Lytt til episoden og la deg fascinera av fuglar du også!


      17 min
    • Nytt år og nye boktips frå oss!

      Då er me i gang med sesong 2 og me opnar årets fyrste podcast med å snakka om kva me har lese i jola 2020.   

      Kva har du lese i jola? Me ynskjer oss nemleg lesetips frå lyttarane våre. De er velkomne til å sende oss inn kva de har lese, og kom med gjerne med ei bokmelding. Då vil me bringa det vidare til andre lyttarar! 

      Boklista vår:  


      Matilda Voss Gundersen: Klubben   

      Lotta Geffenblad: Prikk og Flekk snør ned  

      Nina Lykke: Full spredning   

      Jeanine Cummins: Amerikansk jord 

      Ivan Krastev: Framtida er her nå : hvordan pandemien forandrer verden  

      Sayaka Murata: Døgnåpent   

      Anders N Kvammen: Jobb.

      29 min
    • Adventskalender luke 23. Humor
      Det er lille julaften og "heile" Norge gjer seg klar for den store, tradisjonsrike dagen som kjem i morgon - ved å sjå Grevinnen og hovmesteren. Nokon ler av hovmesteren, nokon ler av dei som ler av hovmesteren. Uansett er humor godt å ha med seg inn i jula, og me drøser (og ler) om to gode bøker som får oss begge til å le.  Barneboka Julefuten av Bjørn Rørvik gir oss flere lag med moro for både liten og stor, og Vestlandet av Erlend Nøtvedt er gøy for vestlendinger og lite nærtakende østlendinger.
      14 min

    About VossaBib

    From the publisher's feed

    Ein podcast frå Voss bibliotek

    More shows like VossaBib

    Forklart by Aftenposten

    Forklart

    85 Listeners