VossaBib

VossaBib

By Voss BibliotekArtsBooks
Download on the App Store

VossaBib episodes

  • Adventskalender luke 12: Krans og Juleroser
    Finurleg fakta om dagens dato er at ein i dag feirar Mexico sin skytshelgen og at det dessutan er 199 år sidan ein kjend forfattar vart fødd. Dagens gjest er i frå Hardanger og har gleda mange med å gje nytt liv til dei litterære julehefta, nemleg Herborg Kråkevik.
    16 min
  • Adventskalender luke 10: Nobelfavorittar
    Nobels litteraturpris deles ut til Louise Glück idag, men ho er så populær at bøkene alltid er utlånt. Derfor drar Silje og Anne fram nokre godbitar frå tidlegare vinnare av prisen. Bøker som me har til utlån og som garantert er på hylla.
    Earnest Hemmingway - den gamle mannen og havet.  Thomas Mann - Trolldomsfjellet, William Faulkner - Stig ned Moses.
    10 min
  • Adventskalender luke 9: Jolabøker for born - eit utval
    I denne episoden formidlar Theresa eit utval jolabøker for små og store born av nyare dato.  Her er bøker i alle sjangrar og variantar, alt i frå fantasi, spenning til magi og humor. Ho har valt seg ut eit knippe favorittar og alle er velkomne til å låne frå dei på biblioteket. Bøkene kan lesast både av born og vaksne og er fine til høglesing i førjuls- og romjulstida. God reise!
    Bokliste: 
    Kalendarbøker
    Adventsstjernen
    Snøsøsteren
    Jul på bukken hotell
    Klokkerens evangelium
    Romanar
    God dag, herr Jul
    Jenta som reddet julen
    Gutten som ble julenissen
    Biletbøker
    Nisseforeningen
    Snømannens jul
    Jul i Storskogen
    20 min
  • Adventskalender luke 7: Musikk i litteraturen
    Anne og Silje drøsar om musikk i litteraturen og tilrår både bøker og cd-ar. 
    Bøker og musikk i episoden:  Nick Hornby - High Fidelity, Vernon subutex 1, 2 og 3 Trilogi Virginie Despentes, Vi er fem - Mathias Faldbakken (Metallica) Eleanor og Park - Rainbow Rowell (The Smiths, Joy divisionm The Cure, Duran Duran, Alphaville og Elvis Costello) Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip  av Roald Kaldesta.
    17 min
  • Adventskalender luke 5: Barsel og ventetid
    I dagens episode har Theresa fått besøk av freelancefotograf Ingerid Jordal.  Ho fødde ein son jolafta 2018 og me skal få høyre om korleis ho opplevde adventstida medan ho venta på barnet. Ingerid har lese romanen Rase av Monika Isakstuen og Barnet av Kjersti Annesdatter Skomsvold.  
    Ingerid er opprinneleg frå Odda, men no busett på Voss.  Ingerid er spesialisert i foto-reportasjar og  i tillegg til å ta oppdrag jobbar jo med personlege prosjekt i Norge og i utlandet.  Dei siste åra har ho jobba med eit stort prosjekt om norskarmerikanarar som no er avslutta, og for tida arbeider ho med eit prosjekt om kvinnelege jegarar.
    18 min
  • Adventskalender luke 3: Reise
    Silje og Anne drøser om bøker som gir deg kjensla av å reise. Bjørn Sortland: Kepler 62, Karen Blixen: Den afrikanske farmen, Eliazbeth Kostova: Historikeren, Morten Størkenes: Ett mord i Kongo, Bjørn Godøy: Solskinn og død, Joseph Conrad: Mørkets hjerte, Anna Folkestad: Unni og Gunni reiser.
    12 min

About VossaBib

From the publisher's feed

Ein podcast frå Voss bibliotek

More shows like VossaBib

Forklart by Aftenposten

Forklart

85 Listeners