VossaBib

VossaBib

By Voss BibliotekArtsBooks
Download on the App Store

VossaBib episodes

  • Adventskalender luke 21: Ut på tur med Voss Utferdslag
    I dagens episode med Theresa får du vite litt om ulike hendingar og merkedagar 21. desember, og dagens gjest er leiar i Voss Utferdslag Siri Flatlandsmo.
    Siri fortel om kva Voss Utferdslag er for noko, og me har plukka fram litt turguidar og andre bøker som me skal sjå nærmare på.Siri er 30 år, busett på Voss og har fartstid i Avisa Hordaland. Ho har studert i utlandet, og til og med jobba som turguide i Tyrkia. Visste du at Siri og har jobba på biblioteket? 
    Bli med oss på tur!
    21 min
  • Adventskalender luke 20: Lytte og lesetips!
    I dag er det på dagen 96 år sidan den første sendinga av lørdagsbarnetimen vart sendt på radio. Dette programmet gleda tusenvis av born og gjorde blant anna Alf Prøysen og Anne Cath Vestly til kjendisar og høgt verdsette stemmer frå eteren. 
    Dagens gjest, Martha Norheim, har både gode lyttetips og lesetips. Ho er jo i tillegg til å være kulturjournalist og litteraturkritikar forfattar av ikkje mindre enn to røffe guidar til samtidslitteraturen.
    Her er nokre av tipsa du får i episoden:
    Juleoratoriet av Johann Sebastian Bach
    MariaVespers av Monteverdi
    Das neugeborne Kinderlein av Dietrich Buxtehude
    Rosa frå Betlehem av Sondre Bratland
    Hekneveven av Lars Mytting 
    Søsterklokkene av Lars Mytting
    Eit praktisk menneske av Kjersti Rorgemoen
    The mirror and the light av Hilary Mantel
    Ulvetid av Hilary Mantel
    19 min
  • Adventskalender luke 19. Foreldreskap
    Det er akkurat på dagen 5 år sidan ein av oss blei mor for fyrste gong på Voss sjukehus. No har både Anne og Silje erfaringar og leseopplevingar om foreldreskap, og vil gje deg innblikk i nokre av dei finaste.  Me drøser om En moderne familie av Helga Flatland, Karl Ove Knasgård sine årstidbøker - særlig Våren og Anna Fiske sin barnebok Hvordan lager man en baby?.
    16 min
  • Adventskalender luke 18: Aviser og Jolatre!
    Visste du at biblioteka i Voss har mange aviser og tidsskrift/magasiner?  På hovudbiblioteket har me ikkje mindre enn 7 dagsaviser og 6 vekeaviser, over 30 magasiner og tidsskrift i tillegg kjem det digitale tilbodet ein får gjennom tenesta pressreader. 
    Her kan du velje mellom over 6000 aviser og tidsskrift frå meir enn 125 land på 60 ulike språk. På nettsida vår, vossbibliotek.no; finn du informasjon om korleis du får tilgang til pressreader heimifrå,   Gjesten  i dag er også avismann og ein godt kjend Vossing, ofte er det han som set andre i søkeljoset som journalist- men i dag er det Nils Kvamsdal sin favorittadventstradisjon me skal få høyre om.
    15 min
  • Adventskalendar luke 17: Knut fortel om sine barnebokfavorittar
    I dag skal du få høyra litt om digitale og ressursar på biblioteket og vidare helsa på gjesten vår Knut Djønne! han er 6 år og bur på Djønno. Han elskar å lese bøker og vil visa fram eit utval av sine favorittar til oss!
    Knut er glad i å gå på biblioteket i Granvin og på Voss. Han både les og høyrer på lydbøker. 
    Vi drøser om dinosaurar, miljødetektivar og spillolje, store maskiner og katten Tippi!  Her får me høyra om kva Knut likar best. 
    Vekomen til Knut!
    17 min
  • Adventskalender luke 14: Eventyrlege eventyrarar
    I dag, den 14.desember er det 109 år sidan Roald Amundsen nådde Sørpolen som første mennesket som gjorde nett det. I dag snakkar bibliotekar Ritha om eventyrarar og polferder, med boktilrådingar for store og små. Dagens gjest er sjølv ei som driv med eventyr, i form av paragliding, nemleg Hildegunn Pettersen.
    20 min
  • Adventskalender luke 13: Charles Dickens spesial
    I denne episoden tek Theresa dykk med inn i Charles Dickens si eventyrlege verd. Charles Dickens er ein sentral skikkelse i britisk litteratur på 1800-talet. Blant dei meste kjende bøkene er Pickwick-klubbens etterlatte papirer/the Pickwick papers, Oliver Twist, David Copperfield og Store Forventninger/Great Expectations. 
     I dag er det kortromanen Et julekvad eller mest kjend som En julefortelling som står i fokus. Orginaltittelen er  A Christmas Carol og vart skrive og utgitt i 1843. Visste du at romanen opprinneleg kom ut i form av 18 hefter?
    Theresa les utdrag frå utgåva frå 1990 Eit Julekvad, omsett Torstein Bugge Høverstad med orginale illustrasjonar frå Roberto Innocenti. 
    Ellers får du kanskje vite litt meir om Lucia-dagen enn du ellers visste? For kva har Lucia med den falne engelen Lucifer eigentleg å gjere?
    24 min

About VossaBib

From the publisher's feed

Ein podcast frå Voss bibliotek

More shows like VossaBib

Forklart by Aftenposten

Forklart

85 Listeners