Podkast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

Veilederforum-podden: Karriererettleiing og kjønnsutradisjonelle utdannings val


Listen Later

Korleis kan karriererettleiing bidra til kjønnsutradisjonelle utdanningsval? Er det i det heile teke noko karriererettleiarar bør vere opptekne av, og på kva måte kan du jobbe med dette i din eigen praksis?

Noreg har ein av verdas mest kjønnssegregerte arbeidsmarknader, der nokre fagområde er meir prega av kjønnstradisjonelle utdanningsval enn andre. Jenter er sterkt underrepresenterte innan realfag og tekniske fag, medan det er svært få gutar innan helse- og omsorgssektoren, både i utdanningsløpet og på arbeidsmarknaden. Det finst ei rekkje tiltak for å motverke kjønnstradisjonelle utdanningsval. Desse er ofte drive av lokale eldsjeler og gjennomførte i relativt liten skala. Jamvel om likestilling er ein breitt akseptert idé, kan det likevel vere utfordrande å etablere aktive praksisar for implementering.

 

I Kvalitetsrammeverket er det utvikla både Kompetansestandardar for karriererettleiarar i skulen og Kompetansestandardar for Utdanningsvalslæraren. I begge desse vert det peika på at sosiokulturelle tilhøve spelar ei betydeleg rolle for eleven si karriereutvikling, der kjønn er eitt av fleire tilhøve som vert lista opp i tillegg til sosioøkonomisk bakgrunn, etnisitet, alder, funksjonsevne, helse, religion, seksualitet og meir. Det vert understreka at innsikt i dette kan påverke vala og utviklinga til elevane, gjere karriererettleiarar betre i stand til å møte elevane der dei er, og bidra til å utvide moglegheitshorisonten til elevane.

 

I denne episoden av Veilederforum-podden møter vi Elin Beate Grotnes i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Aud Jorunn H. Hagesveen, utdannings- og yrkesrådgjevar og inspektør ved Gausdal ungdomsskole korleis karriererettleiing kan adressere kjønnsutradisjonelle utdanningsval i eiga praksis.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Podkast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanseBy HK-dir


More shows like Podkast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

View all
Harm og Hegseth by VGTV

Harm og Hegseth

32 Listeners

Synnøve og Vanessa by Vanessa Rudjord & Synnøve Skarbø

Synnøve og Vanessa

126 Listeners

Norsklærer Karense by Karense Foslien

Norsklærer Karense

70 Listeners

Det Alle Snakker Om - med Siri og Kim by Bauer Media

Det Alle Snakker Om - med Siri og Kim

31 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

105 Listeners