Skrivesnakk

Skrivesnakk

By Sunniva Relling BergArtsBooksFiction
Download on the App Store

Skrivesnakk episodes

  • 51. Readygoread: Det skumlaste eg har publisert på nett

    Malin Adriansen er kanskje mest kjent som Readygoread på Instagram, ein av Noreg sine største bokinfluensarar. I denne episoden gir ho tips til oss som forfattarar på sosiale medium, innsikt i korleis det er å vere bookstagrammar og få betalt for å snakke om ei bok og ein masse gode lesetips til sommaren.

    Det blir faktisk også snakk om skriving, for sjølv om Malin Adriansen ikkje har gitt ut bok og lenge har sett på seg sjølv som nokså spesiell i bookstagrammiljøet fordi ho ikkje har ein draum om å bli forfattar, finst det eit ønske om å skrive meir enn det ho gjer. Og det er kanskje ikkje så rart at skrivinga for Malin har blitt noko som vekker eit ubehag i henne.



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    50 min
  • 50. Ungdom og lesing: Dette gir ungdom leselyst

    Kva får tenåringsgutar til å bli engasjert i ein roman om ei tenestejente på 1700-talet? Kva har fått Maria, som går på vidaregåande, til å lese meir enn nokon gong? I denne episoden får du òg svar på kva som er den største bekymringa til Ellen, som har vore norsklærar i over ti år.

    Dette er ein litt annleis episode av Skrivesnakk, og er laga i samarbeid med Norsk Forfattersentrum i høve det nasjonale prosjektet #postkodeNorge der Forfattersentrum arrangerte skrivekurs for ungdom rundt omkring i landet. I forlenginga av det var det ønskeleg å lage ein podkast med fokus på ungdom og lesing. 

    I episoden får du høyre Alexander Aran Charoensang Otlo og Theo Lorgen Martinsen som går i tiande klasse på Skarbøvik ungdomsskule. Charlotte Riise er norsklæraren deira, og blir òg intervjua. Skarbøvik ungdomsskule har modellert lesesatsinga LeseSnes etter Stangeland ungdomsskole på Karmøy. 

    Vetle Koppernes er elev på barne- og ungdomsarbeiderfag ved Ålesund videregående skole. 

    Ellen Sofie Marstrander er norsklæraren til Vetle, og jobbar på Ålesund videregående skole. 

    Maria Hole Ødegaard og Andrea Ramsvik Bjørdal går vg2 studiespesialiserande ved Ålesund videregående skole. 

    Malin Finsæther Skarbø er bibliotekleiar ved Ålesund videregående skole. 

    Kort om norsk forfattersentrum:

    Norsk Forfattersentrum vart etablert i 1968 for å skape kontakt mellom forfattarar og publikum og å sikre forfattarane honorar for oppdraga. Organisasjonen yter service til forfattarar, oppdragsgivarar og publikum i heile landet. Les meir på heimesidene til Forfattersentrum: https://www.forfattersentrum.no/


     

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: [email protected]
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    39 min
  • 49. Monica Goksøyr: Kasta inn i kulturlivet

    Monica Goksøyr er utdanna jurist og lenge levde ho eit liv heilt utanfor kunst- og litteraturlivet. Men dette endra seg ein dag då ho tok ein pause frå lesesalen og gjekk for å kjøpe kaffi på kaffibaren Fuglen. 

    Høyr henne fortelje om korleis det har vore å debutere med novellesamlinga Slemme jenter og gjere suksess. Debuten fekk gode kritikkar og ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris og LOs litteraturpris. Mykje meir enn Monica hadde turt å håpe på. 

    Heilt sidan ho var lita har ho likt å skrive, men det å vere forfattar og ein del av det litterære feltet, synst ho framleis kjenst uvant. 

    I samtalen snakkar vi òg om kafkaesk byråkrati, det estetiske med vasking og korleis etnisitet ofte blir eit tema, både i skrivinga og livet hennar. 

    Bøker av Monica:
    Slemme jenter (2023)

    Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: [email protected]
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    47 min
  • 48. DnF-leiar Bjørn Vatne: Det beste våpenet mot skrollesjuka

    På Instagram lar Bjørn Vatne sin Dark Side slippe til. Men det er meir enn videoane på Instagram, som gjer Vatne til ein uortodoks leiar av Den norske Forfatterforening. Dette er ein organisasjon det ofte stormar rundt. 

    Bjørn Vatne er ein renommert forfattar, men denne episoden handlar om arbeidet som DnF-leiar og kåra for å vere forfattar i dag, kva for viktig gruppe som manglar i leselyststrategien, kvifor normalkontrakta får folk i utlandet til å gispe – og kva forfattar Simon Stranger har med skjult kamera å gjere. 

    Bøkene til Bjørn Vatne:

    • Slik skal vi velge våre ofre, roman, Gyldendal (2015)
    • Nullingen av Paul Abel, roman, Gyldendal (2018)
    • Død og oppstandelse, roman, Gyldendal (2020)
    • Underliv, roman, Gyldendal (2022)

    Denne episoden er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: [email protected]
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    41 min
  • 47. Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: No skriv ho bok, om det ho i alle år har halde skjult

    Lenge gjorde Ann Helen Kolås Ingebrigtsen alt ho kunne for å skjule plagene sine. Men så måtte ho amputere foten. Like etter operasjonen, byrja ho å skrive på ei ny ungdomsbok. Det har vore den lettaste ho har skrive. 

    Tidlegare har Ann Helen skrive ungdomsbøkene «Sinne» om Synne med ADHD og «Eg blir her» om kjærleik, ferjereiser og fråflytting. Bøkene har fått særs god mottaking. Meldingane trekkjer fram at Ann Helen klarer å skildre både ungdomsliv generelt, og jenter med ADHD spesielt, nært og truverdig. Dette er eit tema ho gjerne ville skape meir openheit om. 

    I Klassekampen skreiv meldaren at: «eg er heilt sikker på at denne boka kan vere til vesentleg støtte for ungdomsskuleeleven som til liks med Synne må finna ut av eit sjølv for puberteten uvanleg galopperande kjensleliv».

    Bibliografi:

    • 2020: Sinne (ungdomsroman), Det Norske Samlaget
    • 2022: Eg blir her (ungdomsroman), Det Norske Samlaget

    Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: [email protected]
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    41 min
  • 46. Eirin Andresen Betten: Du må ha det litt artig

    Eirin Andresen Betten skriv om aktuelle tema, og reflekterer rundt korleis teknologien set sitt preg på liva våre. Ho vil at litteraturen skal være engasjert, og gjerne politisk på ulike måtar.

    Ho jobbar fullt som lektor, frilansar for Klassekampen, Vinduet og Bokvennen litterær avis (BLA), og skriv bøker i tillegg. Korleis får ho tid til alt, og kva driv ho til å halde fram med bokskriving sjølv om det er så dårleg betalt? 

    Denne hausten kjem hennar andre bok: «Det tredje minnet», som av forlaget blir skildra som ein «aktuell roman om det menneskelige i vår digitale tidsalder og hva som kan skje når en ny form for bevissthet trer inn i hjemmet ditt. [...] Med sin andre roman tar Eirin Betten tak i noen sentrale etiske problemer i forholdet mellom forbruker og teknologi – ikke minst setter hun søkelys på KI-teknologiens inntreden i våre liv.»

    Bibliografi

    • Det tredje minnet, roman, 2024
    • Tiden vil ha et annet bilde, 2021

    Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: [email protected]
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    32 min
  • 45. Charlotte Riise: Å sette ord på ei umogleg erfaring

    Då Charlotte Riise kom med si første diktsamling, i 2012, laga NRK P3 dokumentar om henne. Tittelen var «Jeg burde sprudle over» og handla om det å debutere som forfattar, i spennet mellom lykkerusen ein forventar rundt debuten og det å leve med depresjon. Sjølv om ho var redd for å bli slakta, fekk ho strålande kritikkar, det gjorde òg diktsamlinga som kom året etter.

    No har det gått ti år sidan hennar førre bok, og ho har nettopp sendt inn korrektur til ny bok. Korleis har desse ti åra vore? Kva ønskjer Charlotte Riise å oppnå med skrivinga si? Og korleis er det no å sjå tilbake på seg sjølv som 24-årig forfattardebutant? Det blir også snakk om det å gå frå å skrive songar på engelsk til dikt på nynorsk, litteraturmiljø i Ålesund vs Bergen og kva den viktigaste oppgåva til ein lærar er. 

    Bibliografi:

    • Eg treng tid til å sakna deg, lyrikk, Gyldendal (2012)
    • Der vi gøymer løyndommar, lyrikk, Gyldendal (2014)


    Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: [email protected]
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    52 min
  • 44. Heidi Sævareid: Skriv om unntaksopplevingar

    Heidi Sævareid er ein kritikarrost og prisløna forfattar, som gjerne vil kjenne på kroppen, det ho skriv om. 

    I si nyaste bok utforskar ho eit destruktivt yogamiljø, gjennom tre vennar som er på roadtrip i USA. Ho starta karriera med ungdomsbøker, men er usikker på om ho vil skrive for ungdom igjen, fordi ho det er forstyrrande at ein heile tida må forsvare kvifor ein skriv ungdomsbøker. 

    Hennar første roman for vaksne, Longyearbyen, fekk svært gode kritikkar og har blitt omsett til mange språk.

    Bøker av Heidi Sævareid:

    • Spranget – roman, Omnipax (2013)
    • Slipp hold – ungdomsroman, Mangschou forlag (2015)
    • Slagside – ungdomsroman, Gyldendal (2016)
    • Bruddlinjer – ungdomsroman, Gyldendal (2017)
    • Life in the U.K – roman, Flamme (2018)
    • Longyearbyen – roman, Gyldendal (2020)
    • XR UK – ungdomsroman, Flamme (2021)
    • Positurene – roman, Flamme (2021)


    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: [email protected]
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    53 min
  • 43. Martin Baldysz: Romansjangeren gir fridom til å jobbe slik du vil

    I sin nyaste roman, Fallgard, skriv Martin Baldysz om Ingeborg som lengtar ut forbi fallgarden. Ho står på terskelen til vaksenlivet i eit lukka øysamfunn på starten av 60-talet. Trusselen om fråflytting lurar i bakgrunnen, og i Amerika har dei planar om å dra til månen.

    I denne episoden, som er ei slags forlenging av episode 42, får du høyre meir om Martin sin nyaste roman, korleis det har vore å skrive 22 serieromanar under pseudonymet Karen Støylen og vegen til å bli forfattar.

    Martin sine bøker:
    Fallgard (2024)
    Vardane (2022)
    Vintertrang (2013)

    Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023)

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: [email protected]
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    23 min
  • 42. Hilde Myklebust og Martin Baldysz: Har sitt eige vesle skrivekollektiv

    Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet.

    Hilde Myklebust har skrive dikt, bildebøker og roman for ungdom og vaksne. Martin Baldysz har skrive romanar og under pseudonymet Karen Støylen står han bak 22 bøker i romanserien Brenninger.

    Høyr meir om korleis froskeinteressa førte Hilde og Martin saman og mysteriet med Karen Støylen, i tillegg til innsikt både om skrivinga og gardslivet.

    Bøkene til Hilde Myklebust:

    • Berre dagar seinare, lyrikk, Samlaget (2005)
    • Søkk, lyrikk, Samlaget (2008)
    • Jon og den lange julenatta, barnebok, Samlaget (2009)
    • Glødepunkt, roman, Samlaget (2011)
    • Du skal dele namn med ein sjeldan fugl, lyrikk, TUR forlag (2012)
    • Bjørkebokstavar, barnebok, Samlaget (2015)
    • Kvar ein fugl, lyrikk, Samlaget (2018)
    • Ylva og villgeitene, barnebok, Samlaget (2020)
    • Splintra, ungdomsbok, Samlaget (2022)

    Bøkene til Martin Baldysz

    • Vintertrang, roman, MARGbok (2013)
    • Vardane, roman, Samlaget (2020)
    • Fallgard, roman, Samlaget (2024)

    Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023)

    Ta gjerne kontakt!
    Instagram: @sunnivarellingberg
    E-post: [email protected]
    Nettside: sunnivaberg.no

    Musikk: Simon Relling Berg
    Grafisk design: Vidar Flak

    Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes



    This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
    32 min

About Skrivesnakk

From the publisher's feed

Alt muleg skriverelatert. I podkasten Skrivesnakk har eg intervjua over femti dyktige og aktuelle forfattarar som snakkar om si eiga skriving.

More shows like Skrivesnakk

Foreldrerådet by Simpl & Acast

Foreldrerådet

13 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

6 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

65 Listeners

Relasjonspodden by Relasjonspodden/Acast

Relasjonspodden

33 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

86 Listeners

Pengesnakk by Moderne Media

Pengesnakk

21 Listeners

AVHØRT by Batong Media & Acast

AVHØRT

27 Listeners

Under Etterforskning by Lyder Produksjoner via Acast

Under Etterforskning

2 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

20 Listeners

Svarttrost by Svarttrost

Svarttrost

9 Listeners

Interiørrådet by Acast

Interiørrådet

7 Listeners

Abid & Nadia: Skyld og Skam by PLAN-B & Acast

Abid & Nadia: Skyld og Skam

0 Listeners

Helsetipspodden by Annette Løno

Helsetipspodden

8 Listeners

Bare å beklage by fÆbrik og Bauer Media

Bare å beklage

2 Listeners

Jørgen og Nina prater om manus by Jørgen Moltubak og Nina Grove Hansen

Jørgen og Nina prater om manus

0 Listeners