LittPod

LittPod

By Litteraturhuset i BergenArts
Download on the App Store

LittPod episodes

  • Utvekslingsstudie: Kjærstad og Lindgren
    Det er mogleg å hevde at samtida som omsluttar oss og formar oss er styrt av algoritmar, jag etter merksemd og sjølvspeiling. Jan Kjærstad er aktuell med romanen En tid for å leve der premiere på Ibsens Hedda Gabler blir scene for eit klaustrofobisk ekkokammer. Lena Lindgren kom i vår med essayet Ekko om teknologiverdas grenselause makt der ho trekker trådar tilbake til den greske gudinna Ekkos og kjærleiken hennar til Narcissus, som drukna i sitt eige spegelbilete.
    I “utvekslingsstudie” bytter to forfattarar bok og møtast til samtale og lesing. Kva tenker forfattar Jan Kjærstad og forfattar og politisk kommentator i Morgenbladet Lena Lindgren om samtidas sterke begjær etter å bli sett, og korleis skriv dei om dette?
    Samtaleleiar er journalist Henrik Hylland Uhlving.
    1 hr 10 min
  • Kritisk Kvartett 24.08.2021
    Kritisk kvartett er Litteraturhusets faste forum for litteraturkritikk. Panelet består av Carina Elisabeth Beddari, Eirik Vassenden og Frode Helmich Pedersen. Hver gang får de besøk av en ny gjest, og tar opp fire bøker til kritisk og begeistret diskusjon. Den kritiske kvartetten gir en annerledes litteraturkritikk der den livlige kafésamtalen løftes opp på podiet og gjøres tilgjengelig for et større publikum.
    Gjest er Benjamin Yazdan, stipendiat i nordisk litteratur ved UiO og kritikar i BLA og Klassekampen.
    Bøkene som diskuteres er:
    Stanislaw Lem: "Solaris"
    Birger Emanuelsen: "Statsråden kommer"
    Victoria Kielland: "Mine menn"
    Vibeke Tandberg: "Feber"
    1 hr 8 min
  • Kritisk Kvartett 08.06.2021
    Med Frode Helmich Perdersen, Carina Beddari og Eirik Vassenden.
    Kritisk kvartett er Litteraturhusets faste forum for litteraturkritikk. Panelet består av Carina Elisabeth Beddari, Eirik Vassenden og Frode Helmich Pedersen. Hver gang får de besøk av en ny gjest, og tar opp fire bøker til kritisk og begeistret diskusjon. Den kritiske kvartetten gir en annerledes litteraturkritikk der den livlige kafésamtalen løftes opp på podiet og gjøres tilgjengelig for et større publikum.
    Kvartettgjest er Joakim Randa (Natt&Dag og Bergens Tidende).
    Bøker:
    Tormod Haugland: Om livet på jorda
    Niviaq Korneliussen: Blomsterdalen
    Rachel Cusk: Second Place
    Sandra Kolstad: To ord for ødeleggelse
    Litt lydproblemer i opptaket av dette arrangementet, men vi har gjort vårt beste i å pusse opp lyden.
    1 hr 17 min
  • Dagleglivet på Vestlandet 1600-1700 – Del 6: Fiskeri og ressursfordeling
    Det er ikkje mogeleg å fortelja om Dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet utan å snakka om fisk. Inne i fjordane, som i Hardanger, var fisk eit næringsmiddel som gjorde at det fanst einsidig kosthald, men ikkje svolt. Ute ved kysten, som i Sunnhordland og Nordhordland, var fisk samstundes ei kjelde til velstand. Fiskerika område var difor underlagt privat eigedomsrett, og kunne arvast, pantsetjast og seljast til liks med anna eigedom. Dette gjaldt sjølvsagt fiskevågar, men òg fiskegrunner – fluer – langt frå land. Men det var bare næringsfiske som var eksklusivt for eigaren av fiskestadane, og alle kunne fiska kokefisk – fisk til eigen mat – der dei ville. For å sikra at sjølv dei fattige kunne fiske seg til velstand, var det både i Sunnhordland og Nordhordland eit allment fiskevær der ein bare fekk fiska med snøre og ikkje garn. Men fiske kunne slå feil. Livet ved kysten var difor meir ustadig enn inne i fjordane. Eit utslag av dette var at kystfolk banna meir enn fjordfolk for 300- og 400 år sidan.
    42 min
  • Dagleglivet på Vestlandet 1600-1700 – Del 7: Handel og verda utanfor
    Det er lett å tenkja seg mennesket for 300-400 år sidan levde sine liv lokalt, uvitande om den store vide verda. Slik var det ikkje. Norge er eit land med eit stort overskot på nokre naturressursar, og eit akutt underskot på andre. Handel har difor alltid vore ein del av Dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet. Særleg på 1600-talet var handelen med Skottland og Nederland sentral for både økonomisk og kulturell utvikling. I Sunnhordland var skipstrafikken så stor at sørspissen av Bømlo vart kalla ‘den skotske port’ og ‘den frisiske port’ på tyske kart. Skipa som kom til Vestlandskysten hadde med seg varer som korn og mjøl, brennevin og sukker, farga band og perler. Med seg ut i verda tok dei særleg tømmer, hummar og falkar, men òg tønneband, hasselnøter og åklede. Men eventyr, songar og feleslåttar vart òg utveksla. Sjølv når det gjekk galt, gjorde denne handelen kysten rikare. Både bergingsløn og vrakplyndring gav ekstrainntekt, og alt frå fransk brennvin og kvitvinseddik, engelske sokkar og eikebord flaut i land saman med skipsbrotne sjøfolk.
    31 min
  • Dagleglivet på Vestlandet 1600-1700 – Del 5: Kvinnfolk og landstrykarar
    Ei kvinne og eit kvinnfolk eller kvinnemenneske var ikkje det same for 300, 400 år sidan. Ei kvinne var ein del av samfunnet gjennom sin far, ektemann eller barn født i ekteskap. Eit kvinnfolk eller eit kvinnemenneske var til dels støytt ut av samfunnet, og hadde verken sosialt eller juridisk dei same rettane som ei kvinne. Slike kvinnfolk eller kvinnemenneske var dei som fekk barn utanfor ekteskap, som stal eller tok sitt eige liv. Då vart dei lause, som vil seia lausrivne frå samfunnet, og dermed i same kategori som lausgjengarar. Men dei var likevel i ei langt verre stilling, fordi lause kvinnfolk eller kvinnemenneske levde livet mellom dei med tilknyting til samfunnet. Lausgjengarane reiste derimot rundt og tok seg lausarbeid som flåing av daude dyr, kjeleflikking, skjering av hestehovar og skreddararbeid. Slik mangla lausgjengarane tryggleiksnettverka til dei fastbuande, samstundes som dei var frie konvensjonar og moralske påbod. Dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet var difor slett ikkje det same for alle, men avhengig av din sosiale status.
    38 min
  • Dagleglivet på Vestlandet 1600-1700 – Del 4: Naboskap og statsborgarskap
    God naboskap var på vegen til velstand i Dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet. Før jordbruket vart maskinelt var ein heilt avhengig av hjelp i sitt daglege virke. Samstundes budde folk tett på kvarandre. Behovet for samarbeid var dermed stort samstundes som konfliktpotensialet var det same. Å elska si neste var dermed ikkje ideologi, men heilt nødvendig. Difor var dårleg naboskap knytt til både hinmannen sjølv og trolldom – det måtte vera djevelskap involvert når noko så viktig og naturleg gjekk til grunne. For å sikra godt naboskap vart det difor laga ordningar som grannestemne og gardsfut, og det vart laga reglar og avtalar som regulerte alt frå vegrettar og gjerdehald til stølsdrift og festinvitasjonar. Den som ikkje ville tilpassa seg naboane, vart erklært å ikkje vera nabohev – å ikkje vera skikka til å vera nabo – og måtte reisa sin veg.
    33 min
  • Dagleglivet på Vestlandet 1600-1700 – Del 2: Gud og djevel
    Gud og djevel – det gode og det vonde – er tidlause figurar i mennesket si førestillingsverd, og difor rammer rundt dagleglivet til ei kvar tid. Men Gud og djevel har ikkje vore dei same til ei kvar tid, og ikkje like mykje til stades over alt. I Hardanger finn vi få spor etter dei begge på 1600- og 1700-talet. I Sunnhordland var dei mykje – og like mykje – til stades, medan Nordhordland ser Gud ut til å ha vore meir nærverande enn hinmannen. Men dette endra seg ved at djevelen frå slutten av 1600-talet var meir og meir fråverande alle stadar, medan Gud vart meir og meir nærverande og allmektig. Og med endringar i forståinga av Gud og djevel, endra òg staten seg. Frykta for djevelen spora til ei utbygging av rettspleia på 1600-talet. Viljen til å koma i dialog med Gud spora til utbygging av utdanningssystemet på fyrste halvdel av 1700-talet. Og på andre halvdel av same hundreåret vart omsorgsinstitusjonar bygd for å sikra at dei som fall utanfor skulle vert henta inn i dialogen med Gud slik at dei òg kunne få ein plass i samfunnet. Gud og djevel prega dermed Dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700 talet både gjennom å vera til stades i folk sine liv, og gjennom å motivera institusjonaliseringa av statsmakta.
    38 min
  • Dagleglivet på Vestlandet 1600-1700 – Del 3: Trolldom og spøkjelse
    Det finst knapt døme på det sentrale Vestlandet på spektakulære trolldomssaker som endar med bål og brann for den som er skulda for å driva med trolldom. Men trolldom var likevel ein viktig del av Dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet saman med andre magiske førestillingar. For når uforståelege hendingar skulle forklarast, var trolldom og det magiske lett å ty til. Dette var førestillingar som stod fram som verkelege, og folk såg kvinner som forvandla seg til svarte kattar, dei flytta ut av hus heimsøkt av spøkelse, og dei betalte for eksorsisme for å få slutta på djevelskap som var kasta på dei. Men magiske førestillingar var ikkje bare ein del av folk sin kvardag, men av staten sin politikk. Når rovmordarar og sjølvmordarar ikkje vart gravlagt på kyrkjegarden, var det for å skremma andre slik at dei ikkje gjorde same brotsverk i redsle for å mista den sjansen til frelse som bare dei som kvilte på kyrkjegarden hadde.
    44 min
  • Dagleglivet på Vestlandet 1600-1700 – Del 1: Begjær, drap og djevelskap
    Kari Knudsdatter kunne ha vore bare ei av mange kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, deretter vart skuve ut i kulden i si samtid, og gløymt av ettertida. I staden drep ho fire av sine fem barn, medverka i drapet på kona til mannen ho ville gifta seg med, og vart dermed den verste mordaren vi kjenner frå Hardanger. Det er ikkje tvil om at Kari Knudsdatter gjorde vonde gjerningar. Men ho gjorde dei i eit vondt tilvære. Kva kan hennar historie fortelja oss om Dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet?
    42 min

About LittPod

From the publisher's feed

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

More shows like LittPod

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

20 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

42 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

22 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

59 Listeners

Litteraturhuset i Trondheim by Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

0 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

80 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

11 Listeners

Kongen Over Alle Podder by Universal Music

Kongen Over Alle Podder

0 Listeners

Ubehaget i kulturen by Morgenbladet

Ubehaget i kulturen

0 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Morgenbladet bøker by Morgenbladet

Morgenbladet bøker

0 Listeners