LittPod

LittPod

By Litteraturhuset i BergenArts
Download on the App Store

LittPod episodes

  • LitFestBergen 2020 - Rus og religion
    Some turn to Jesus, and some turn to heroin, song Joni Mitchell i 1972. I 2019 ga Kristine Hovda og Øystein Skjælaaen ut bøker som kvar på sin måte utforskar levemåtar i ytterkantane av kva som for dei fleste fortonar seg som kvardagslege.
    I boka Jeg lever ikke lenger selv fortel Hovda om ein oppvekst med tungetale, lovsang og misjon, mens Skjælaaen i boka Meningen med rus oppsøker stader som opnar tappekranene på tider andre startar arbeidsdagen. Er desse liva så ulike som dei kan verke? Dei to forfattarane møter Grethe Fatima Syéd til samtale.
    I samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
    Samtalen vil vere på norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    57 min
  • LitFestBergen 2020 - Draumar frå krigen
    Korleis skrive humoristisk om krigens groteske kvardagsliv? Korleis drøyme, når det verkelege trenger seg på?
    I novellesamlinga Vitser til soldatene skriv palestinsk-islandske Mazen Maarouf med humor og intelligens om krigen. Han møter litteraturforskar Daniel Medin til ein samtale om korleis latteren kan redde oss frå røynda, men også lære oss noko nytt om den.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    44 min
  • LitFestBergen 2020 - Seminar: Sørafrikansk litteratur og kritikk
    Kva betydning får eit omgrep som sanning i eit land der makta har tilhøyrt nokre få på kostnad av dei mange? Kritikar og akademikar ved University of Cape Town, Hedley Twidle, er aktuell med boka Experiments with Truth, der han undersøker den sterke posisjonen til narrativ sakprosa i Sør-Afrika.
    I dette foredraget vil Twidle diskutere utviklinga i sørafrikansk skjønnlitteratur, sakprosa og litteraturkritikk etter apartheids fall i 1994. Etter foredraget blir det opna for spørsmål frå salen, leia av litteraturforskar Tonje Vold.
    Kritikarar får gratis inngang, og kan reservere plass ved å melde seg til [email protected].
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 12 min
  • LitFestBergen 2020 - Drapet i Bethlehem
    I 1992 blei to menn i Bethlehem, Sør-Afrika, uskuldig dømde for drap. Først i 2011 blir dei lauslatne til eit Sør-Afrika som i mellomtida hadde gått frå apartheid til demokrati.
    Jonny Steinberg har skrive ei rekke bøker om vanlege menneske og deira liv og kvardag etter apartheids fall. Han snakkar med Hedley Twidle om si nyaste bok One Day in Bethlehem, og om rase, klasse og representasjon i 2000-talets Sør-Afrika.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    48 min
  • LitFest2020 - Eit eige språk
    Da Patrick Chamoiseau var ung skulegut på den franske øya Martinique i Karibia, var det lite rom for det kreolske språket som befolkninga brukte til vanleg. Korleis finne sitt eige språk som forfattar, når orda ein bruker ikkje blir anerkjent, og ein tilhøyrer ein folkesetnad som har blitt undertrykt og blei heldt som slavar i fleire hundreår?
    I denne samtalen med omsetjar Synneve Sundby, snakkar Chamoiseau om vegen til skrivinga, om kjønn, kreolitet og kva litteraturen kan bety.
    Med støtte frå Institut francais de Norvège.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 4 min
  • LitFestBergen 2020 - Lys og mørke
    Kva er lys? Kor kjem det frå? Og korleis har jakta på og forteljingane om lyset prega menneska sine liv? Cicero-forskar Bjørn Samset har skrive boka Lys, der han utforskar desse spørsmåla.
    I boka Mørke spør Sigri Sandberg kva som skjer med oss når lyset står på døgnet rundt, og kva vi går glipp av når nettene blir for korte. Dei to møtest til samtale leia av Jan H. Landro.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 2 min
  • LitFestBergen 2020 - Lytteposten: Fransk litteratur
    Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til to av festivalens franskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine.
    Med Patrick Chamoiseau (Martinique) og Marie Darrieussecq (Frankrike).
    På fransk og engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    26 min
  • LitFestBergen 2020 - Livet er overalt
    I den nyaste romanen til franske Marie Darrieussecq, La mer à l’envers, reiser den kvinnelege protagonisten, ein psykolog i 40-åra, på cruise i Middelhavet. Ei natt plukkar skipet opp ein båt med flyktningar, og ho blir kjent med den unge nigerianaren Younes. Korleis kan ein vite om ein gjer det rette for seg sjølv og for andre?
    Forfattarskapen til Darrieussecq er mellom dei mest lesne i hennar generasjon. Sidan debuten i 1996 har ho skrive ei rekkje bøker i ulike sjangrar, frå det språkleg utforskande, via kunstnarromanar og bøker om kloning til essay om morskap. Ho møter kritikar og omsetjar Margunn Vikingstad til samtale om forfattarskapen.
    Med støtte frå Institut francais de Norvège.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    53 min
  • LitFestBergen 2020 - Meininga med Mandela
    I februar 2020 er det 30 år sidan Nelson Mandela blei sett fri etter 27 år i fengsel. Sidan har han blitt hylla av ei heil verd som den store forsonaren. Men mange i den såkalla “born-free”-generasjonen – dei som er fødde etter apartheids fall – har ikkje eit like positivt syn på Mandela.
    I denne samtalen møtest Njabulo Ndebele, forfattar og leiar for the Nelson Mandela foundation, Jonny Steinberg, sørafrikansk sakprosaforfattar og professor ved Oxford, og Koleka Putuma, sørafrikansk poet og aktivist, til samtale om kven Mandela var – og kva han betyr i dag. Samtalen blir leia av forfattar og sjef for LitFestBergen Teresa Grøtan.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr
  • LitFestBergen 2020 - Den vanskelige forsoninga
    Arbeidet med sannings- og forsoningskommisjonen for samane, kvenane og norskfinnane er i gang. I Sør-Afrika valde dei òg ein sannings- og forsoningskommisjon etter apartheid, framfor å nytte domstolane.
    Kva skal eigentleg til for å gjenreise tillit mellom folk etter hundreår med konflikt og undertrykking? Og kva rolle kan litteraturen spele i ein slik prosess?
    Harald Gaski, professor i samisk kultur og litteratur, og Njabulo Ndebele, sørafrikansk litteraturprofessor og leiar for Nelson Mandela Foundation, møtest til samtale om jussen og kunsten si rolle i forsoningsarbeidet. Samtalen blir leia av medieprofessor Kristin Skare Orgeret.
    Engelsk samtale.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 4 min

About LittPod

From the publisher's feed

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

More shows like LittPod

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

20 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

42 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

22 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

59 Listeners

Litteraturhuset i Trondheim by Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

0 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

80 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

11 Listeners

Kongen Over Alle Podder by Universal Music

Kongen Over Alle Podder

0 Listeners

Ubehaget i kulturen by Morgenbladet

Ubehaget i kulturen

0 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Morgenbladet bøker by Morgenbladet

Morgenbladet bøker

0 Listeners