LittPod

LittPod

By Litteraturhuset i BergenArts
Download on the App Store

LittPod episodes

  • LitFestBergen 2020 - Lytteposten: Arabisk litteratur
    Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til to av festivalens arabiskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine i engelsk omsetting.
    Med Khaled Khalifa (Syria) og Mazen Maarouf (Libanon)
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    24 min
  • LitFestBergen 2020 - Rasisme i USA før og no
    Då Lynda Blackmon Lowery marsjerte med Martin Luther King frå Selma, Alabama i 1965, var ho berre 15 år, men ho visste kva rettferd var, og ho visste ho ville ha det. Dette fortel Lowery om i den grafiske memoarboka Turning 15 on the Road to Freedom. Lowery har levd gjennom - og vore med på - store omveltingar i amerikansk historie. Korleis var det den gongen, og korleis er det eigentleg å vere svart i USA i 2020?
    Lowery snakkar med kritikar Kaja Schjerven Mollerin om korleis det var å marsjere med Dr. King, og korleis det er å bu i Sørstatane i dag.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    52 min
  • LitFestBergen 2020 - Juss og fridom i Hong Kong og Kina
    I 1997 blei Hong Kong gitt tilbake frå Storbritannia til Kina etter å ha vore britisk koloni i over 100 år. Kor mykje styrer Kina i Hong Kong i dag, og vil det vere noko att av Hong Kongs kultur, språk og fridom etter at Kina for fullt overtar i 2047?
    Antony Dapiran har budd og arbeidd som forretningsadvokat i Kina, både i Beijing og i Hong Kong, i meir enn 20 år. Dapiran har skrive fleire bøker om Hong Kong, og i den siste, The City on Fire: The fight for Hong Kong (2020) skriv han om kva dagens protestar vil bety for framtida til Hong Kong og Kinas plass i verda. Han møter jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde til samtale om fridom, juss og rettsstaten i vanskelege tider.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    51 min
  • LitFestBergen 2020 - Blod, sveitte og skrift
    Det er moglegvis berre eitt tema som er eit større kulturelt tabu enn kvinners menstruasjon: fråveret av den. Kvifor er overgangsalderen så stigmatisert?
    Meksikanske Gloria Gervitz og amerikanske Mary Ruefle skriv seg gjennom livet: I 40 år har Gervitz skrive på langdiktet Migrasjonar, mens Ruefle har gitt ut ei rekke essays og diktsamlingar. Dei skriv om barndom og alderdom, sex og onani, blod og overgangsalder - med djupt alvor og vill humor. Gervitz og Ruefle møter litteraturviter og kjønnsforskar Kari Jegerstedt til ein samtale om litterære heitetokter.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    59 min
  • LitFestBergen 2020 - Korleis omsette kvardag?
    Korleis kan kvardagsspråket, som tar utgangspunkt i alt frå det konkrete og tinglege til djupt kulturelle fenomen – som til dømes sjølve omgrepet kvardag – bli omsett frå eit språk til eit anna? Kva om det ikkje er det spesialiserte språket som er vanskelegast å formidle på eit anna språk?
    Forfattar Laila Stien omsett frå nordsamisk til norsk og Synneve Sundby omsett frå fransk til norsk. Dei møtest til samtale under leiing av forfattar og omsettar Grethe Fatima Syéd.
    På norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    55 min
  • LitFestBergen 2020 - Ein kvardag etter valden
    For å skape politisk relevant litteratur, må forfattaren vere merksam på nyansane i vanlege menneskes liv, ifølge Njabulo Ndebele. Hans sjangeroverskridande roman The Cry of Winnie Mandela blir rekna som ei av dei viktigaste bøkene etter apartheids fall. Den fortel historia til fire “vanlege” svarte kvinner, og ei uvanleg: Winnie Mandela, og stiller spørsmålet: Kan Sør-Afrika vere ein heim etter all valden, eksilet, øydeleggingane?
    Festivalhelga 6.–9. februar er det nøyaktig 30 år sidan Mandela slapp ut av fengselet. Ndebele møter litteraturforskar Tonje Vold til ein samtale om å skape ein kvardag i samfunnet og litteraturen etter apartheid.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    50 min
  • LitFestBergen 2020 - Mary Ruefle: Kvardagshovud
    ”Stad er ikkje viktig. Eg skriv for det meste i mitt eige hovud, som eg kan ta med meg kvar eg enn går”, uttala Mary Ruefle i eit intervju med The White Review. Ruefle har skrive ei rekke diktsamlingar og essay der ho igjen og igjen viser si evne til å bruke språket for å vri om på det som er forventa og skape nye, underfundige og djupe samanhengar.
    I denne samtalen med forfattar og kritikar Ida Lødemel Tvedt, snakkar ho om kvifor og korleis ho skriv.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    44 min
  • LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Fornuft og forakt
    Kva er retorisk makt? Kva har den å seie for ytringsfridomen? Og kva skal til for at samfunnets stumme skal bli høyrde? Anders Johansen er professor i sakprosastudiar ved Universitetet i Bergen, og kom i 2019 med verket Komme til orde. Politisk retorikk 1814-1913.
    I dette foredraget snakkar han om retoriske slag i norsk politisk historie, og om kva som avgjer kven som går av med sigeren.
    På norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    36 min
  • LitFestBergen 2020 - Kva skjedde med mor?
    Utsette barn og skjøre familiar har vore eit gjennomgangstema i forfattarskapen til Tiril Broch Aakre. I haust gav ho ut romanen Mødre og døtre, eit sjølvbiografisk skriftstykke om kva som hende da hennar eiga mor tok livet sitt i 2016.
    I denne samtalen med forfattarkollega Selma Lønning Aarø snakkar Aakre om det dobbelte tapet i å ha, og så miste, ei psykisk sjuk mor, og om korleis ein kan snakke om sjølvmord i kvardagen og litteraturen.Utsette barn og skjøre familiar har vore eit gjennomgangstema i forfattarskapen til Tiril Broch Aakre. I haust gav ho ut romanen Mødre og døtre, eit sjølvbiografisk skriftstykke om kva som hende da hennar eiga mor tok livet sitt i 2016.
    I denne samtalen med forfattarkollega Selma Lønning Aarø snakkar Aakre om det dobbelte tapet i å ha, og så miste, ei psykisk sjuk mor, og om korleis ein kan snakke om sjølvmord i kvardagen og litteraturen.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    46 min
  • LitFestBergen 2020 - Eit lyrisk tilsvar
    I 1991 fekk Aung San Suu Kyi Nobels fredspris, delt ut av Noreg. No meiner FN at Myanmar, landet ho leiar, er skuldig i folkemord på si eiga rohingyabefolkning. Tusenvis er drepne, fleire hundretusen er jaga på flukt.
    Poet og omsettar James Byrne har saman med Shehzar Doja halde skrivekurs i ein flyktningeleir for rohingyaer i nabolandet Bangladesh. Resultatet har blitt til boka I am a Rohingya. Byrne møter Jacob Silkstone til ein samtale om korleis det vi trur er godt, blir vondt, og kva trøyst lyrikken kan gi.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    45 min

About LittPod

From the publisher's feed

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

More shows like LittPod

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

20 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

42 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

22 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

59 Listeners

Litteraturhuset i Trondheim by Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

0 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

80 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

11 Listeners

Kongen Over Alle Podder by Universal Music

Kongen Over Alle Podder

0 Listeners

Ubehaget i kulturen by Morgenbladet

Ubehaget i kulturen

0 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Morgenbladet bøker by Morgenbladet

Morgenbladet bøker

0 Listeners