LittPod

LittPod

By Litteraturhuset i BergenArts
Download on the App Store

LittPod episodes

  • LitFestBergen 2020 - Kritisk kvartett: Festival-spesial
    Kritisk kvartett er Litteraturhuset i Bergen sitt faste forum for litteraturkritikk, med eit panel beståande av Ida Lødemel Tvedt, Eirik Vassenden og Frode Helmich Pedersen.
    Til denne spesialutgåva av kvartetten får dei besøk av den sørafrikanske kritikaren Hedley Twidle. Desse festivalaktuelle bøkene blir tatt opp til kritisk og begeistra diskusjon:
    Raja Shehadeh: Palestinian Walks (2008)
    Marie Darrieussecq: Our Life in the Forest (2017)
    Mary Ruefle: Madness, Rack and Honey (2013)
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 12 min
  • LitFestBergen 2020 - Å kome heim til språket
    I fleire tiår blei norske samar utsette for ein brutal og undertrykkande fornorskingspolitikk, og dei blei nekta å bruke sitt eige språk. Kva konsekvensar har dette hatt for bruken av samisk som kvardagsspråk og som litterært språk? Og korleis vel ein som norsk-samisk forfattar i dag kva språk ein skal skrive på?
    Forfattarane Risten Sokki og Sigbjørn Skåden møtest til samtale under leiing av litteraturprofessor Harald Gaski.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr
  • LitFestBergen 2020 - Statsautoriserte minne
    I ei tid kor den russiske staten forsøker å skape ei patriotisk, einsarta framstilling av landets historie, tar Maria Stepanova i si nyaste bok ei heilt anna retning: Gjennom kvardagslege gjenstandar og erfaringar undersøker ho si eiga russisk-jødiske familiehistorie.
    Stepanova møter professor i russisk, Ingunn Lunde, til samtale om korleis enkeltmenneskets erfaringar kolliderer med statens monopolisering av det kollektive minnet.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    48 min
  • LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Tyskland etter Merkel
    Angela Merkel har regjert i Tyskland sidan 2005, men har no trekt seg som partileiar og stiller ikkje til attval. Samstundes som hennar eige parti er i leiarkrise, er sosialdemokratane på veg mot avgrunnen, og fram stormar både Dei grøne og høgrepopulistane. Korleis ser den tyske partipolitikken ut i dag? Og kor vanskeleg blir det for den som skal ta over etter Merkel?
    Ingrid Brekke er forfattar og journalist busett i Berlin. I dette foredraget snakkar ho korleis endringane i Tyskland vil prege Europas framtid.
    På norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    33 min
  • LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Terrorens ofre
    Dette er terroren sitt mål: Å skape negativ merksemd, å skape frykt. Korleis pregar terroren dei som blir direkte råka, som skadde, traumatiserte eller som pårørande?
    Vibeke Knoop Rachline er journalist og forfattar, busett i Paris, og aktuell med boka Terror i Europas hjerte. Med utgangspunkt i denne snakkar ho om dei som fort blir gløymde etter at kamera er slått av: terrorens ofre.
    På norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    33 min
  • LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Livet med dyra
    Penny Johnson har undersøkt den israelsk-palestinske konflikten frå ein høgst uvanleg vinkel: Dyra som forsøker å overleve i dei okkuperte områda.
    I dette foredraget fortel Johnson om ulovlege kyr, arresterte esel, vakre kamelar og jaga hyenar – og om korleis menneske og dyr i Palestina til tider deler ein skjebne som både er grotesk og absurd.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    33 min
  • LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Litterær oppdagingsferd
    Med boka Å lese verden tilbyr Tonje Vold lesaren ein alternativ måte å forstå verdslitteraturen på. Gjennom nye briller oppdagar vi at det finst andre måtar å lese klassikarane på, og ikkje minst oppdagar vi betydninga litteraturen kan spele for makt, motstand og frigjering.
    I dette foredraget snakkar Vold om kva som skjer når våre litterære verdsbilete oppstår og når dei kollapsar.
    På norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    30 min
  • LitFestBergen 2020 - Poetisk punkgalla
    Frå stygt og rasande til høgstemt og lovprisande – poetar frå sju nasjonar og ein dansar møtest i ei lyrisk verd utanfor kartet. Topograf for kvelden er poeten Henning H. Bergsvåg (Noreg).
    Kveldens poetar: Asieh Amini (Iran), Linnea Axelsson (Sverige), Kristina Leganger Iversen (Noreg), Camara Lundestad Joof (Noreg), Cecilie Løveid (Noreg), Kei Miller (Jamaica), Erlend O. Nødtvedt (Noreg), Mansur Rajih (Jemen), Ahmedur Rashid Chowdhury AKA Tutul (Bangladesh), Gunnar Wærness (Noreg) og dansar Mirte Bogaert (Belgia).
    Norsk/engelsk
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    2 hr 4 min
  • LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Eilert Sundt og den norske kvardagen
    Samfunnsforskaren og presten Eilert Sundt var ein pionér i kartlegginga av det norske kvardagslivet og blir rekna som grunnleggaren av norsk sosiologi.
    Forfattar og kritikar Espen Stueland fortel i dette foredraget om arbeidet sitt med den formfornyande og kritikarroste boka Eilert Sundt-tilstanden – ei forskingsformidling i verseform.
    På norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    29 min
  • LitFestBergen 2020 - Rasisme i USA før og no (2. runde)
    Då Lynda Blackmon Lowery marsjerte med Martin Luther King frå Selma, Alabama i 1965, var ho berre 15 år, men ho visste kva rettferd var, og ho visste ho ville ha det. Dette fortel Lowery om i den grafiske memoarboka Turning 15 on the Road to Freedom. Lowery har levd gjennom - og vore med på - store omveltingar i amerikansk historie. Korleis var det den gongen, og korleis er det eigentleg å vere svart i USA i 2020?
    Lowery snakkar med kritikar Kaja Schjerven Mollerin om korleis det var å marsjere med Dr. King, og korleis det er å bu i Sørstatane i dag.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    52 min

About LittPod

From the publisher's feed

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

More shows like LittPod

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

20 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

42 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

22 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

59 Listeners

Litteraturhuset i Trondheim by Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

0 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

80 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

11 Listeners

Kongen Over Alle Podder by Universal Music

Kongen Over Alle Podder

0 Listeners

Ubehaget i kulturen by Morgenbladet

Ubehaget i kulturen

0 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Morgenbladet bøker by Morgenbladet

Morgenbladet bøker

0 Listeners