LittPod

LittPod

By Litteraturhuset i BergenArts
Download on the App Store

LittPod episodes

  • LitFestBergen 2020 - Kvar dag er eit unnatak
    Kashmir er ein stat splitta i to av India og Pakistan. Sidan 1990 har eit brutalt militæregime traumatisert den i hovudsak muslimske befolkninga som bur på indisk side, og titusenar har blitt drepne, torturerte, valdtekne eller forsvunne. I august 2019 mista Kashmir siste rest av demokrati og fritt styresett, og sidan har all kommunikasjon og ferdsel vore kontrollert av det indiske militæret.
    Forfattaren Nitasha Kaul er frå Kashmir, og vil lese frå eigne tekstar og diskutere situasjonen i heimregionen med Salil Tripathi, journalist, forfattar og leiar for PEN International Writers in Prison Committee.
    Arrangementet vil vere på engelsk. Halvvegs i programmet blir det ein pause på 15 min.
    I samarbeid med Norsk PEN og Raftostiftelsen.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 43 min
  • LitFestBergen 2020 - Fjell og sjø: Poesi frå Shanghai og Bergen
    Ikkje ulikt Bergen har Shanghai vore den viktigaste byen i Kina for moderne poesi. Shanghai blir rekna som fødestaden for moderne kinesisk poesi, også kjend som “Ny poesi”. Denne sjangeren eksperimenterer blant anna med bruk av fri verseform og munnleg språk, i motsetnad til tradisjonell poesi som blir skrive på klassisk kinesisk.
    To poetar frå Shanghai, Yin Wang og Sanshu Qin, møter bergenspoetane Kristian S. Hæggernes og Fredrik Hagen for å lese dikt med improvisert musikk av cellist Matias Monsen og guzhengist Yuyue Zheng.
    I samarbeid med Northing.
    På norsk og kinesisk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr
  • LitFestBergen 2020 - Poetisk aktivisme
    Den sørafrikanske poeten Koleka Putuma vekker begeistring og sinne i heimlandet med sine konfronterande dikt og intense nærvær på scenen. Ho er ein såkalla born-free, fødd etter apartheids fall, og går rett i strupen på dei som meiner at svarte og kvite, kvinner og menn, no har like rettar.
    Musikaren, poeten og skodespelaren Niillas Holmberg insisterer på at han kjem frå Sápmi, okkupert av Finland. Samars kollektive tenkesett og kontakt med naturen står sentralt i hans kunstnariske virke. Dei to unge forfattarane vil framføre eigen poesi og diskutere poetikk og politikk med slampoet Michael W. Opara, også kjend som Doriansgrave.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    50 min
  • LitFestBergen 2020 - Mannen, kvinna og kunsten
    Britiske Leonora Carrington og tyske Paula M. Becker var biletkunstnarar som ofte hamna i skuggen av sine mannlege kollegaer. I to nyskapande kunstnarbiografiar blir liva og kunsten deira utforska – og utfordra – på nytt.
    Susanne Christensen kom i fjor med Leonoras reise, eit biografisk essay om surrealismekunstnaren Leonora Carrington. Ho møter den franske forfattaren Marie Darrieussecq, aktuell med bok om Paula M. Becker, Livet her er vidunderlig, i norsk omsetting. Samtalen blir leia av litteraturforskar Kari Jegerstedt.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 1 min
  • LitFestBergen 2020 - Klassikarforedraget: "She Gather Me, The Pieces I Am"
    Kva er sjølvkjensle? Kvar startar og sluttar eit ”eg”? I sine bøker viser den nyleg avdøde nobelprisvinnaren Toni Morrison at ingen blir seg sjølv heilt aleine.
    I dette foredraget snakkar forfattar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin om kva innsikter Morrisons forfattarskap gir oss om eg-kjensla og fellesskapet.
    Foredrag på norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    47 min
  • LitFestBergen 2020 - Den tilfeldige dansaren
    “Eg begynte seint å danse, men skjønte umiddelbart at dansen ville påverke alle sider av livet, inkludert litteraturen,” skriv den indiske poeten, romanforfattaren og dansaren Tishani Doshi i eit essay skrive for LitFestBergens katalog.
    Doshis nyaste roman Small Days and Nights er ei historie om sorg, sinne og umoglege ideal for kva ein nasjon kan vere. Basert på denne romanen har Doshi skapt ei ny danseforestilling. Etter framføringa snakkar ho med Tora de Zwart Rørholt om forholdet mellom livet, dansen og litteraturen.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    31 min
  • LitFestBergen 2020 - Occupied life
    Korleis er det å leve i Palestina etter 50 år med israelsk okkupasjon? Ekteparet Raja Shehadeh og Penny Johnson har i fleire tiår budd i Ramallah. Dei har skrive kvar si personlege forteljing om korleis livet har endra seg – for både menneske og dyr – men og, til same tid, korleis eit okkupert liv òg raskt blir eit kvardagsliv.
    Shehadeh og Johnson møter palestinaforskar Kjersti G. Berg til samtale.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr
  • Filosofisk poliklinikk: En pille for alt som er ille?
    Med Niels Chr. Geelmuyden og Edvin Schei.
    I Norge forskrives medikamenter som aldri før. Er det derfor vi er en av verdens friskeste og lengstlevende befolkninger? Eller ville vi klart oss like godt hvis vi droppet halvparten av pillene?
    Journalist og forfatter Niels Chr. Geelmuyden har skrevet boken Pillebefinnende, som dokumenterer at folk – også leger – er ukritiske til bruk av legemidler. Legemiddelindustrien er verdens sterkeste lobbyist, med større finansielle muskler enn våpenindustrien, matindustrien, eller tobakksindustrien. Med sofistikerte psykologiske metoder ledes helsepersonell og forbrukere til å se på legemidler som nyttige, nødvendige og uskyldige. Ofte er de ingen av delene. På møtet kommer Geelmuyden til å diskutere hvordan vi kan få et sunnere forhold til legemidlene. Edvin Schei vil lede møtet.
    Arrangør: Filosofisk poliklinikk
    2 hr 4 min
  • Redaksjonsmøtet: Står NRK i vegen for mediemangfaldet?
    Med Sindre Vik Helgheim, Mari Velsand, Trond Olav Skrunes og Sigvald Sveinbjørnsson.
    NRK er landets suverent største mediehus. Men gjer statskanalen det vanskelegare for andre aviser å skaffe inntekter?
    Nyleg fekk Schibsted gjennomført ei undersøking som viste at svært mange ungdomar ikkje trur dei vil betale for nyhende framover, og at grunnen er NRKs rike tilbod. Kan NRK rett og slett vere eit trugsmål mot mediemangfaldet? Samstundes viste ein stor rapport frå Medietilsynet det heilt omvendte biletet: NRK bidrar positivt til mediemangfoldet – ingen vesentlig konkurransebegrensning for andre, konkluderte direktør Mari Velsand. Det er på tide å ta debatten.
    Til Redaksjonsmøtet kjem:
    Sindre Vik Helgheim, nyhendesjef i NRK Vestland
    Mari Velsand, direktør i Medietilsynet
    Trond Olav Skrunes, nyhenderedaktør i Bergens Tidende
    Sigvald Sveinbjørnsson, sjefredaktør i Bergensavisen
    1 hr 30 min
  • Lyrikksalong: Erlend O. Nødtvedt
    Med Erlend O. Nødtvedt.
    Hvor slutter slekten? Hvor begynner Bergen? Hvordan høres Vestlandet ut? I diktene til Erlend O. Nødtvedt er form og innhold to sider av samme sak – han undersøker verden og språket samtidig. Resultatet blir dikt som ikke ligner noen andres. Forrige høst kom Nødtvedt ut med en ny diktsamling etter en liten tur innom romanformen med suksessen Vestlandet. Slekter er en slektsgranskning i diktform. Gjennom en poetisk behandling av kildene undersøker diktsamlingen prinsippene og de språklige formene som danner historisk identitet. Nødtvedt kommer til Lyrikksalong for å snakke om poesi med Fredrik Hagen.
    1 hr

About LittPod

From the publisher's feed

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

More shows like LittPod

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

20 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

42 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

22 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

59 Listeners

Litteraturhuset i Trondheim by Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

0 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

80 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

11 Listeners

Kongen Over Alle Podder by Universal Music

Kongen Over Alle Podder

0 Listeners

Ubehaget i kulturen by Morgenbladet

Ubehaget i kulturen

0 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Morgenbladet bøker by Morgenbladet

Morgenbladet bøker

0 Listeners