LittPod

LittPod

By Litteraturhuset i BergenArts
Download on the App Store

LittPod episodes

  • LitFestBergen 2020 - Den vanskelige forsoninga
    Arbeidet med sannings- og forsoningskommisjonen for samane, kvenane og norskfinnane er i gang. I Sør-Afrika valde dei òg ein sannings- og forsoningskommisjon etter apartheid, framfor å nytte domstolane.
    Kva skal eigentleg til for å gjenreise tillit mellom folk etter hundreår med konflikt og undertrykking? Og kva rolle kan litteraturen spele i ein slik prosess?
    Harald Gaski, professor i samisk kultur og litteratur, og Njabulo Ndebele, sørafrikansk litteraturprofessor og leiar for Nelson Mandela Foundation, møtest til samtale om jussen og kunsten si rolle i forsoningsarbeidet. Samtalen blir leia av medieprofessor Kristin Skare Orgeret.
    Engelsk samtale.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 4 min
  • LitFestBergen 2020 - Lytteposten: Engelsk litteratur frå heile verda
    Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til fire av festivalens engelskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine.
    Med Tishani Doshi (India), Mary Ruefle (USA), Raja Shehadeh (Palestina) og Jonny Steinberg (Sør-Afrika).
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    44 min
  • LitFestBergen 2020 - Kva skjer i Hong Kong?
    Hong Kong har i fleire tiår vore verdsleiande innan handel og finans. I juni 2019 inngjekk den tidlegare britiske kolonien ei utleveringsavtale med Kina, noko som utløyste omfattande demonstrasjonar, og etter kvart førte til krav om demokratisk reform.
    Advokatane Antony Dapiran og Jason Y. Ng frå Hong Kong er begge aktuelle med nye bøker om protestrørsla. Dei kjem til LitFestBergen for å fortelje oss kva som skjer, og kva framtida kan komme til å bringe. Styreleiar i Norsk PEN, Kjersti Løken Stavrum, leiar samtalen.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 1 min
  • LitFestBergen 2020 - Kven eig naturen?
    Med klimaendringane blir spørsmålet om fordeling av ressursar sett i eit nytt lys. Når det blir knapt om gode som dyrkbar mark, rein luft og vatn, kan menneska sitt eigedomsforhold til naturen framleis definerast på same måten? Kven eig eigentleg naturen, og kva inneber det å eige den?
    Sigbjørn Skåden er i sitt forfattarskap svært opptatt av spørsmålet om naturforvalting, sett frå eit samisk perspektiv. Han møter klimaforskar Bjørn Samset til samtale, under leiing av forfattar og journalist Kjersti Sandvik.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    58 min
  • LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Dei unge demonstrantane i Hong Kong
    Kven er dei unge menneska som dagleg demonstrerer i Hong Kong? Aktivist, advokat og forfattar Jason Y. Ng har skrive fleire bøker om Hong Kong. Den nyaste, Unfree Speech, har han skrive saman med Joshua Wong, den 23 år gamle studentaktivisten som leiar demonstrasjonane i heimstaden.
    Kva er det i vår globale samtid som får svært unge menneske til å rope uredd ut om urett? I dette foredraget fortel Ng om Hong Kong, Joshua Wong og dei unge demonstrantane.
    Foredraget vil vere på engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    36 min
  • LitFestBergen 2020 - Sjamanmøte I Sibir
    I Tyvarepublikken i Sibir er sjamanisme offisiell religion. Forfattar, globetrotter og kampsportutøvar MiRee Abrahamsen har reist for å sjå kva rolle sjamanane speler i dag. Gjennom fleire møte fekk ho innsyn i sjamanisme, strupesong og slakteteknikkar. Dette skildrar ho i reiseforteljinga Sjamanen i stjerneregn - en reise til Asias sentrum.
    Abrahamsen møter Jan H. Landro til ein samtale om å reise og skrive, om sjamanisme i Tyva – og om vår eigen rikssjaman, Durek.
    Samtalen vil vere på norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    41 min
  • LitFestBergen 2020 - Verda på laurdag: Europa, kva no?
    I fleire hundreår har dei europeiske samfunna stått i front av verdas økonomiske og kulturelle utvikling. Men det siste tiåret har pilene peika nedover på fleire område: arbeidsløysa aukar, ekstremismen vinn fram, og reaksjonære krefter pregar verdikampen.
    Forfattarane Ingrid Brekke, Nazneen Khan-Østrem og Vibeke Knoop-Rachline er aktuelle med bøker om Polen, Storbritannia og Frankrike. Dei møtest til samtale om brexit, migrasjon og terror i Europa under leiing av Kjersti Løken Stavrum.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 15 min
  • LitFestBergen 2020 - Kluss med kunst og klasse
    Kan ein forfattar skrive om kva han vil og kven han vil, på nøyaktig den måten han vil sjølv? Det er spørsmålet Jens M. Johansson utforskar i sin nyaste roman Lavterskeltilbud. Den handlar om førtiseks år gamle Adam Berg, forfattar, som bestemmer seg for å skrive eit meisterverk om arbeidarklassen. Men korleis?
    Johansson kjem til LitFestBergen for å snakke om klasse, kunst og representasjon, og kvifor desse spørsmåla er til å le seg fillete av. Intervjuar er Sandra Lillebø.
    Samtalen vil vere på norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    45 min
  • LitFestBergen 2020 - Spør forfattaren! Med Jens M. Johansson og Marit Eikemo
    Lurer du på kva Forfattaren et for å bli inspirert? Kor eller korleis hen søv, drikk eller …? No får du sjansen til å spørje!
    Vertskap for kvelden er dei småfrekke bokelskarane Siss Vik og Frode Helmich Pedersen. Med seg på scenen har dei Jens M. Johansson, representant for den austlandske forfattarstanden og Marit Eikemo, representant for den vestlandske forfattarstanden. Vik og Helmich Pedersen leiar an i spørsmål om stort og smått og inviterer publikum til å ta del i grundige undersøkingar av korleis forfattarkvardagen artar seg.
    På norsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    59 min
  • LitFestBergen 2020 - Døden, kvar dag
    Den syriske forfattaren Khaled Khalifa er ein av få som kan forlate Syria, men som ikkje vil det. Han blir rekna som ein av Syrias største nolevande forfattar, og er ein kronikør av den pågåande krigen. Hans nyaste roman, Døden er eit slit, handlar om ein grotesk og burlesk road-trip frå Damaskus til Anabiya med eit lik i bagasjen.
    Khaled Khalifa møter Syria-kjennar, journalist og forfattar Diana Darke til samtale om kva som skjer når døden blir daglegdags.
    Samtalen vil vere på engelsk.Den syriske forfattaren Khaled Khalifa er ein av få som kan forlate Syria, men som ikkje vil det. Han blir rekna som ein av Syrias største nolevande forfattar, og er ein kronikør av den pågåande krigen. Hans nyaste roman, Døden er eit slit, handlar om ein grotesk og burlesk road-trip frå Damaskus til Anabiya med eit lik i bagasjen.
    Khaled Khalifa møter Syria-kjennar, journalist og forfattar Diana Darke til samtale om kva som skjer når døden blir daglegdags.
    På engelsk.
    På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
    1 hr 2 min

About LittPod

From the publisher's feed

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

More shows like LittPod

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

21 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

40 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

6 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

22 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

55 Listeners

Litteraturhuset i Trondheim by Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

0 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

81 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

20 Listeners

Kongen Over Alle Podder by Universal Music

Kongen Over Alle Podder

0 Listeners

Ubehaget i kulturen by Morgenbladet

Ubehaget i kulturen

0 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

9 Listeners

Morgenbladet bøker by Morgenbladet

Morgenbladet bøker

0 Listeners