LittPod

LittPod

By Litteraturhuset i BergenArts
Download on the App Store

LittPod episodes

  • LitFestBergen 2019: Kunsten å vere annleis med Nell Irvin Painter og Jan Grue
    Då Nell Irvin Painter gjekk av med som pensjon som historieprofessor på Princeton, byrja ho studere kunst. Denne erfaringa; å vere ei kvinne med eit langt liv bak seg midt i eit miljø av unge kreative, har ho skrive om i boka Old in Art School. Også Jan Grue har skildra korleis det er å vere nesten – men berre nesten – akkurat som alle andre. I Jeg lever et liv som ligner deres skriv han om å vere akademikar, forfattar og rullestolbrukar.
    Dei to møtest til ein samtale om kropp, kunst og identitet. Samtalen blir leia av professor emeritus i litteraturvitskap, Per Buvik.
    58 min
  • LitFestBergen 2019: Norsk identitet og kulturkamp med Kaj Skagen
    Kva er norsk kultur? Kva er norsk identitet? Og korleis har dei blitt forma? Dette er spørsmål forfattaren Kaj Skagen nærmar seg i boka Norge, vårt Norge. Det vi oppfattar som «det norske» har blitt skapt gjennom motsetninga mellom metafysikk og sosial radikalisme, hevdar Skagen.
    I dette foredraget fortel han om ånds- og idékampane som har lagt grunnlaget for det moderne Noreg, og kva som trugar den norske identiteten i dag.
    31 min
  • LitFestBergen 2019: Gjenklangen frå bombene med Edurne Portela
    Etter å ha skrive sakprosabøker og essay om situasjonen i spanske Baskerland, ga Edurne Portela i 2017 ut romanen Mejor la ausencia. Boka følgjer hovudpersonen Amaia gjennom oppveksten i Bilbao i 1980- og 1990-åra, i eit miljø prega av politisk vald frå ETA, avindustrialisering og arbeidsløyse. Boka vann den spanske bokhandlarprisen.
    Portela møter forfattar og historikar Sigrun Slapgard til ein samtale om korleis den blodige fortida pregar notida og om moglegheitene for frigjering som finst i litteraturen.
    42 min
  • LitFestBergen 2019: Svar på brev fra Helga med Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen
    Romanen Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson består av kjærleiksbrev frå ein gammal mann på Island. Boka, som blei nominert til Nordisk råds litteraturpris, blir sett opp av Hordaland teater i 2019. Skodespelarane Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen kjem til LittfestBergen for å lese eit utdrag frå boka.
    Etter lesinga snakkar forfattar Bergsveinn Birgisson og teatersjef Solrun Toft Iversen om adaptasjon frå roman til scene. Samtalen blir leia av Eivind Riise Hauge.
    1 hr
  • LitFestBergen 2019: Ubundne kontraktar med Dubravka Ugrešić
    Korleis vi les bøker, blir mellom anna forma av våre forventningar til teksten. Om det står «roman» på omslaget, vil vi lese på ein annan måte enn dersom det står «essay». Har forfattaren eit ansvar for å klargjere korleis teksten skal bli lesen? Og kva skjer når forfattaren vel å bevege seg mellom ulike sjangrar i ei og same bok?
    Den kroatiske forfattaren Dubravka Ugrešić er kjend for sine sjangeroverskridande bøker. Ho snakkar med kritikar Ane Farsethås, som nyleg ga ut boka Grenseverdier. Sannhet og litterær metode. Samtaleleiar er Kari Jegerstedt.
    58 min
  • LitFestBergen 2019: Ein gud for alle med Tomm Kristiansen
    Den norske kyrkja er ikkje lenger ei statskyrkje. Korleis har ho endra seg? Og kva skal ho vere i dag? Journalist Tomm Kristiansen og prost Trond Bakkevig fortel sin versjon av dei siste femti års kyrkjehistorie i boka Da Gud skiftet mening.
    I dette foredraget vil Tomm Kristiansen fortelje om korleis kyrkja har gått frå bibeltruskap til å vigsle kvinnelege prestar og homofile, og om kyrkja sitt engasjement i kampen mot apartheid, mot atomvåpen og for miljøet.
    30 min
  • LitFestBergen 2019: Natur og litteratur med Reidar Müller og Andreas Tjernshaugen
    Sjangeren nature writing breier om seg. I boka Skogens historie viser forskar og forfattar Reidar Müller kva for plass skogen har i menneska si førestillingsverd, men også kva tyding den har for dyra, særleg for ulven. Medan Müller vandrar i skogen, tar forfattar Andreas Tjernshaugen oss med ut på djupet. I boka Hvaleventyret skriv han om blåkvalen, det største dyret som nokon gong har eksistert.
    Er forholdet vårt til naturen i ferd med å endre seg? Og korleis kjem dette til uttrykk i litteraturen? Samtalen blir leia av journalist og forfattar Kjersti Sandvik.
    47 min
  • LitFestBergen 2019: Finst fantasien framleis? Med Pedro Carmona-Alvarez og Gunnhild Øyehaug
    Midt i bølga av forfattarar som skriv med utgangspunkt i si eiga historie, er det mogleg å leite fram nokre som framleis stoler på fiksjonens kraft. Blant dei er bergensforfattarane Pedro Carmona-Alvarez og Gunnhild Øyehaug. Kvifor skriv dei som dei gjer? Synest dei at kollegaene er modige, eller berre fantasilause? Og blir dei nokon gong leie av å skulle finne på ting?
    Carmona-Alvarez og Øyehaug møtest til ein humoristisk samtale om den sjølvbiografiske bølga sett (nesten) frå utsida. Samtaleleiar er Mona B. Riise.
    1 hr
  • LitFestBergen 2019: Ei kvit historie med Nell Irvin Painter
    Omgrepet «rase» handlar ikkje berre om biologi, men også om klasse, kjønn og skjønnheitsideal, meiner den amerikanske historikaren Nell Irvin Painter. Med boka The History of White People, som blei ein bestseljar i USA då den kom ut, undersøker ho korleis raseomgrepet blei danna, og spør kva som gjer at nokon kan eller ikkje kan bli definert som «kvit».
    Forfattar Kristina Leganger Iversen har forska på omgrepet kvitheit i skandinavisk litteratur. Ho intervjuar Painter om kva det eigentleg vil seie å vere kvit. Etter samtalen blir det opna for spørsmål frå salen.
    Samtalen vil vere på engelsk.
    50 min

About LittPod

From the publisher's feed

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

More shows like LittPod

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

20 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

42 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

22 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

59 Listeners

Litteraturhuset i Trondheim by Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

0 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

80 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

11 Listeners

Kongen Over Alle Podder by Universal Music

Kongen Over Alle Podder

0 Listeners

Ubehaget i kulturen by Morgenbladet

Ubehaget i kulturen

0 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Morgenbladet bøker by Morgenbladet

Morgenbladet bøker

0 Listeners