LittPod

LittPod

By Litteraturhuset i BergenArts
Download on the App Store

LittPod episodes

  • LitFestBergen 2019: Norsk sorg
    Korleis sørgjer Noreg etter 22. juli? Og korleis blir denne sorga behandla i kunsten? Først kom sakprosabøkene, så kom skjønnlitteraturen, romanane og dikta, til slutt filmane. Kva kjenneteiknar denne litteraturen, og korleis skil skjønnlitteraturen seg frå sakprosaen i måten sorga blir skildra på?
    Aage Storm Borchgrevink ga ut sakprosaboka En norsk tragedie i 2012, Brit Bildøen romanen Sju dagar i august i 2015, diktsamlinga Vandreutstillinger av Cecilie Løveid kom i 2017. Samtalen blir leia av forskar på Utøya-litteratur og -film, professor Anne Gjelsvik.
    59 min
  • LitFestBergen 2019: Oppdagaren med Carsten Jensen
    Carsten Jensen er ein av Nordens mest framståande forfattarar. Han har skrive og gitt ut bøker i fleire sjangrar og gitt seg i kast med ei lang rekke tema – men utsynet mot verda og dei store spørsmåla er ein alltid gjeldande fellesnemnar. Bøkene hans er omsett til fleire språk.
    I denne samtalen med kritikar og journalist Jan H. Landro snakkar Jensen om skrivearbeidet og forfattarskapen.
    1 hr 2 min
  • LitFestBergen 2019: Kvardag med Camara Lundestad Joof
    «Gjennom heile oppveksten i dei kvite heimane kalla dei oss negerbarna.» I debutboka Eg snakkar om det heile tida spør Camara Lundestad Joof seg sjølv: Korleis var det eigentleg? Blei ho kalla svarting eller nigger? Blei ho slegen av den gamle dama, eller hugsar ho feil? Bør ho slutte å bry seg, slutte å snakke om det? «No er du svært sensitiv, vennen min, vi meiner jo ikkje noko vondt med det.»
    Etter ei framsyning frå boka, møter Camara Lundestad Joof forskar og forfattar Kristina Leganger Iversen til samtale.
    56 min
  • LitFestBergen 2019: Kunsten som endrar livet med Rupert Thomson
    Kjærleik, kjønnsidentitet og frigjering: Det er ikkje små tema Rupert Thomson tek opp i sin nyaste roman Never anyone but you, som er ei fiksjonalisert framstilling av liva til dei franske surrealistane Claude Cahun og Marcel Moore under den tyske okkupasjonen. Både som livspartnarar og som kunstnarar utfordra dei to førestillingane om kva kvinner, kunst og kjærleik kan vere.
    Thomson møter Mona B. Riise til ein samtale om liv, skrift og sjølvframstilling.
    42 min
  • LitFestBergen 2019: Naturen og eg med Linnea Axelsson
    I det mektige dikteposet Ædnan, som i vinter blei løna med den svenske, høgthengande Augustprisen, skriv Linnea Axelsson samefolkets historie. Det er ei historie prega av undertrykking og tvang, men òg av eit forhold til naturen som er ulikt det vi kjenner frå majoritetskulturen i Skandinavia. Korleis har naturen forma den samiske identiteten? Og korleis kan litteraturen formidle naturens verdi?
    Axelsson møter litteraturvitar og journalist Astrid Hygen Meyer til samtale.
    44 min
  • LitFestBergen 2019: Poetisk punkgalla
    Frå stygt og rasande til høgstemt og lovprisande – poetar frå sju nasjonar og ein dansar møtest i ei lyrisk verd utanfor kartet. Topograf for kvelden er poeten Henning H. Bergsvåg (Noreg).
    Kveldens poetar: Asieh Amini (Iran), Linnea Axelsson (Sverige), Kristina Leganger Iversen (Noreg), Camara Lundestad Joof (Noreg), Cecilie Løveid (Noreg), Kei Miller (Jamaica), Erlend O. Nødtvedt (Noreg), Mansur Rajih (Jemen), Ahmedur Rashid Chowdhury AKA Tutul (Bangladesh), Gunnar Wærness (Noreg) og dansar Mirte Bogaert (Belgia).
    1 hr 49 min
  • LitFestBergen 2019: Terroren tok våre barn med Helon Habila og Brit Bildøen
    Noreg og Nigeria deler eit traume: Terrorangrep retta mot barn og ungdom. Korleis kan foreldra leve vidare når det aller verste har skjedd?
    Det er eit av spørsmåla nigerianske Helon Habila stiller i dokumentarboka The Chibok Girls, som undersøker kva som skjedde da Boko Haram bortførte 276 jenter nord i Nigeria i 2014. I Brit Bildøen sin kritikarroste roman Sju dagar i august møter vi eit ektepar som framleis slit med sorga, åtte år etter at dottera døydde på Utøya 22. juli 2011.
    Korleis forfattarar kan nærme seg slike traume, er tema når Bildøen og Habila møtest til samtale. Samtalen blir leia av forfattar Aage Storm Borchgrevink.
    1 hr 1 min

About LittPod

From the publisher's feed

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

More shows like LittPod

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

20 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

42 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

22 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

59 Listeners

Litteraturhuset i Trondheim by Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

0 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

80 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

11 Listeners

Kongen Over Alle Podder by Universal Music

Kongen Over Alle Podder

0 Listeners

Ubehaget i kulturen by Morgenbladet

Ubehaget i kulturen

0 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Morgenbladet bøker by Morgenbladet

Morgenbladet bøker

0 Listeners