
Sign up to save your podcasts
Or


Etter nesten 40 år i Stavanger har Elin Rydningen flytta heim til Bømlo. Ho brenn for hagar, landskapsdesign og berekraftige løysingar, og gjennom Blomen Hage og Landskap får ho brukt både kreativiteten og interessa for naturen.
I denne episoden snakkar me om alt frå permakultur og drivhusprosjekt til draumen om eit lite gjenbrukshus på Bømlo. Men me kjem òg inn på helse, livsval og kvifor Elin reiser til Zanzibar for å leva annleis.
Kva skjer når ein vågar å tenkja nytt og gå eigne vegar? Og korleis kan me skapa eit liv som gir rom for både natur, skaparglede og nye perspektiv?
Og ikkje minst - Kan ein kopp te verke betre enn silikonimplantat? Elin deler eit overraskande kjerringråd om marikåpe.
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:
I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.
For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.
Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?
Då kan du bli støttespelar.
Gå inn på: https://members.spotify.com/to/sunnhordlandpodden
Du kan og Vippse støtte til: #68986
Truls Horvei har brukt eit heilt yrkesliv på å fortelja andre sine historier. Etter mange år som journalist i Haugesunds Avis har han dei siste åra vært ein fri mann med tid til å skriva bøker, måla bilete og utforska nye lidenskapar.
I denne episoden av Sunnhordlandpodden snakkar me om kulturjournalistikk, forfattardraumar, møtet med Jon Fosse og overgangen til pensjonistlivet.
Truls deler òg gode råd til andre som nærmar seg pensjonsalderen: Finn noko du brenn for, og bruk fridomen til å leva livet!
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:
I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.
For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.
Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?
Då kan du bli støttespelar.
Gå inn på: https://members.spotify.com/to/sunnhordlandpodden
Du kan og Vippse støtte til: #68986
Kenneth Sivertsen var eit musikalsk unikum frå Moster på Bømlo – ein kunstnar med ei heilt spesiell stemme, eit enormt talent og musikk i alle sjangrar. Men kven var mennesket bak musikken?
I denne episoden møter du Franc Ole Olsen svoger til Kenneth og Christoffer Naustvåg Lillestøl frå foreininga Remembering Kenneth. Dei deler personlege minne og gode historier om Kenneth, frå barndommen og dei første gitargrepa til samarbeidet med Herborg Kråkevik og dei mange musikalske skattane han etterlet seg.
Kvifor fortener musikken hans større merksemd i dag? Og korleis kan vi halda arven etter ein av dei største kunstnarane Sunnhordland har fostra, levande?
Dette er ei varm og personleg samtale om eit stort talent, eit godt menneske og ein kulturskatt vi ikkje må gløyma.
Sponsor: Moster Elektro – din lokale elektrikar i Sunnhordland!
Treng du ein elektrikar du kan stole på? Moster Elektro har sidan 2006 levert elektroinstallasjonar til både privatkundar, næringsliv og offentlege aktørar.
Med 20 tilsette, solid fagkompetanse og lang erfaring tek dei på seg både små serviceoppdrag og større prosjekt. Her får du god service, godt handverk og konkurransedyktige prisar.
Har du eit prosjekt på gang? Ta kontakt med Moster Elektro for ein uforpliktande prat!
Sjekk ut: mosterelektro.no
Kva skjer når ein «all in»-person får fuglar som hobby? Då blir det fort både kamera til mange tusen kroner, fugleeksamen, sjeldne artar og ei eigen fuglebok!
Espen Bore Hollund frå Bømlo har gått frå rock og metal, solceller og heimeautomasjon til å bli ein ivrig fuglekikar og naturfotograf.
Han fortel om sjeldne fuglefunn, 44 000 bjørkefinkar, fugleturar til Svalbard – og kvifor rustsnipe på Bømlo blei starten på eit mykje større fugleeventyr.
Me snakkar òg om naturvern, fuglekassar, korleis du kan kome i gang med fuglekikking – og kvifor Sunnhordland faktisk er ein spennande plass for fugleinteresserte.
Ein episode for både fuglenørdar og deg som berre lurer på kva det eigentleg er folk ser etter når dei står med kikkert i veikanten.
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:
I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.
For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.
Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?
Då kan du bli støttespelar.
Gå inn på: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
Kva skal til for å bli god i håndbak – og kva skjer når ein kombinerer treningsglede, konkurranseinstinkt og viljen til å bli betre?
I denne episoden møter vi brørne Adrijan Martiin og Emre Lundsvoll-Myhre, som begge brenn for håndbak. Emre har mellom anna konkurrert i NM i U18-klassa under 65 kilo, medan Adrijan kombinerer interessa for sporten med læretid innan fiskeoppdrett.
Om litt skal Emre representere Norge i VM i India!
Vi snakkar om trening, konkurransar, meistring og miljøet rundt Lindas Gym. Korleis er det å førebu seg til store meisterskap? Kva krevst for å utvikle seg – og kva er det som gjer håndbak så fascinerande?
Ein episode om styrke, fellesskap, ambisjonar og gleda ved å bryne seg på andre.
---
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:
I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.
For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.
Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?
Då kan du bli støttespelar.
Gå inn på: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
In this episode, we meet Anastasia from Ukraine and Samet from Turkey – the couple behind Family Taste Bømlo.
After moving to Norway and settling on the island of Bømlo, they decided to build something together: a small food business based on family recipes, authentic ingredients and food traditions from Ukraine and Turkey.
We talk about the fascinating connection between the two food cultures, homemade pelmeni, vareniki, börek, pide and sourdough bread – and why food can be such an important part of identity, family and community.
They also share their experiences of moving to Bømlo, discovering Norwegian culture, learning the language and starting a business from their own kitchen.
And then there is the dream: opening their own bakery in Bømlo.
A warm and tasty conversation about food, family, immigration, entrepreneurship, culture and having the courage to give something new a try.
- - -
I denne episoden møter du Anastasia frå Ukraina og Samet frå Tyrkia – ekteparet bak Family Taste Bømlo.
Dei kom til Bømlo etter å ha flytta til Noreg, og bestemte seg for å skape noko saman: heimelaga mat basert på familieoppskrifter, matkultur og gode smakar frå Ukraina og Tyrkia.
Vi snakkar om møtet mellom to matkulturar, om pelmeni, vareniki, börek, pide og surdeigsbrød – og om kvifor mat kan vere ein viktig del av både identitet og fellesskap.
Du får også høyre om livet på Bømlo, møtet med norsk kultur, den litt uventa opplevinga av at nordmenn faktisk er ganske hjelpsame – og draumen om ein dag å opne sitt eige bakeri.
Ein varm og smakfull prat om mat, familie, integrering, gründarskap og det å våge å prøve noko nytt.
---
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:
I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.
For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.
Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?
Då kan du bli støttespelar.
Gå inn på: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
Kva skal du tenkje på før du skaffar deg hund? Og kva er eigentleg forskjellen på ein søt hund og ein hund som passar inn i livet ditt?
I denne episoden møter du Sandy Haugland, dama bak Kennel Kysthyrden på Stord.
Sandy har vore hundeinteressert sidan ungdomsåra, har utdanna seg til hundetrener og driv i dag med oppdrett av Australian Shepherd og Shetland Sheepdog.
Vi snakkar om livet med hund, hundespråk, trening, oppdrett og etisk avl. Sandy deler også erfaringar frå eit stort personleg tap, og fortel kvifor det er så viktig å velje ein hund som passar til livet du faktisk lever.
Dette er ein episode for deg som har hund, vurderer å skaffe deg valp – eller berre er litt over snittet glad i hundar.
Korleis får du ein bil til å skinne?
I denne episoden møter du Sveinung Nitter Jr. – ein mann med mykje energi, mange jern i elden og eit brennande engasjement for det han driv med.
Sveinung fortel om vegen frå arbeid på hurtigbåtkaien som 13-åring, via reisebyrå og bilutleige, til Nitters Bilspa på Stord. Vi får høyre om korleis keramisk coating blei ein «game changer» og kva du faktisk bør gjere for å ta vare på bilen din.
Men praten handlar om mykje meir enn bilar. Sveinung deler òg om trening, ryggplager, morgonrutinar, arbeidsmoral, reiseliv og kvifor han meiner god kundeservice framleis har ein viktig plass i 2026.
https://www.nitters-bilspa.no/
Sponsor: Good News Sunnhordland
Good News Sunnhordland er ein kristen ungdomsfestival på Stord, for ungdom og unge vaksne frå heile Sunnhordland.
18.-20. september går den av stabelen i Nye Hallen i Stord Idrettspark.
På laurdagskvelden blir det også The Send Experience – gratis og ope for alle generasjonar.
Les mer om programmet på https://goodnewssunnhordland.no
Tormod Myklebust frå Uskedalen har levd eit liv med arbeid, tru, familie, bedehus, bondegard og eit sterkt engasjement for menneske i Ukraina.
I denne praten får du høyre om oppveksten, livet som bonde, familien, Unge Røyster og den kristne trua som har følgt han gjennom livet.
Tormod fortel òg om den dramatiske hendinga før hjarteoperasjonen i 2015 – og kvifor han ikkje var redd for å døy.
I tillegg får du høyre om over 30 turar til Ukraina med hjelpesendingar, møtet med menneska der og kvifor landet har blitt så viktig for han.
Og ikkje minst historia bak boka Arven, ei forteljing om Synneva Knutsdotter, der Tormod har grave i historia til si eiga slekt.
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk.
Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygningane som allereie står, kva gamle hus kan fortelje om menneska som bygde og brukte dei – og kvifor kunnskapen om tradisjonelle byggjemetodar er så verdifull.
Kathrine og Ragnhild fortel òg om arbeidet med Sunnhordland Bygningsvernsenter på Søre Tveita, eit prosjekt som skal bli ein møteplass for kurs, handverk, kunnskap og restaurering.
Me tar opp alt frå linoljemaling og patina til gamle vindauge, sjøbruksbygningar, gjenbruk og spørsmålet: Må me verkeleg rive og byggje nytt?
Tema vi kjem innom:
Sponsor: Særsten Byggrestaurering!
Gamle hus er unike – robuste og miljøvennlege.
Hos Særsten Byggrestaurering handlar det om meir enn å reparere gamle bygg. Det handlar om å ta vare på historia, kvaliteten og verdiane som ligg i dei.
Med over 20 års erfaring og spesialkompetanse innan rehabilitering og restaurering, hjelper Særsten Byggrestaurering deg med å ta vare på det gamle – og føre arven vidare til nye generasjonar.
Gjennom tett samarbeid med kundane blir det lagt vekt på gode løysingar, solid handverk og nøye utvalde materialar.
For gamle hus fortener å bli tatt vare på.
Særsten Byggrestaurering – tek vare på historiske verdiar.
Les meir på byggrestaurering.no.
From the publisher's feed

21 Listeners

17 Listeners

80 Listeners

98 Listeners

36 Listeners

18 Listeners

21 Listeners

10 Listeners

42 Listeners

0 Listeners

11 Listeners

7 Listeners

2 Listeners

0 Listeners